Trappar opp jakta på tjuvfiskarar: Gjennomførte fryseboks-razzia og lab-testing av laks

4 hours ago 4



Ein mann er sikta for ulovleg fiske etter eit garn på flyt vart oppdaga i Førdefjorden.

Statens naturoppsyn (SNO) oppdaga garnet, som ikkje var sett ut etter reglane.

– Mannen erkjente ikkje at garnet var hans, men dei meinte det var såpass sikkert at dei melde han til politiet, seier Kristina Munkejord, politiadvokat i Vest politidistrikt.

Med mål om å bevise at garnet var hans fekk politiet ransakingsordre til hytta hans.

Då fann dei to anadrome laks i frysaren hans.

Fiskane vart sendt til Havforskingsinstituttet for å påvise at dei kunne kome frå det ulovleg sette garnet.

No risikerer mannen vilkårslaus fengselsstraff.

Men ifølge Munkefjord handlar dette om meir enn ein mann og to fisk.

Ønskjer strengare straff

– For å bevare laksen, er det viktig at folk får ei følbar straff når dei bryt reglane. Det er ei ønska retning frå lovgivar, seier Munkejord.

Strafferamma for brot på lakse- og innlandsfiskelova vart i 2020 heva frå to til fem år.

en mann som fisker i en innsjø

Ulovleg fiske med garn som ikkje er senka, er eit aukande problem i fjordane – særleg i høgsesongen for villaks.

Foto: Ole Kristian Svalheim / NRK

Tidlegare har risikoen for å bli oppdaga vore for låg, meiner Munkejord.

– Folk har følt at det har vore verdt risken, fordi bøtene har vore såpass låge. No blir bøtene høgare, og vi tek oftare ut tiltale i alvorlege saker.

I denne saka er det berre snakk om eit garn, men politiet ser det som alvorleg fordi mannen har fått fangst.

– Om saka fører til bot eller tiltale, vil vere avhengig av fleire moment, som om det var gjort med vilje, og om det har skjedd tidlegare, seier ho.

Laksen pressa til randa

Den kritisk låge laksebestanden er årsaka til at politiet legg så mykje arbeid i ei sak som angår to fisk.

– Lakseinnsiget til norske elvar er no berre ein tredel av det var tidleg på 1980-talet. 2024 var det dårlegaste året nokon gong for tilbakevendande laks, seier Munkejord.

Einar Vereide er seniorrådgivar i Statens naturoppsyn. Han stadfestar biletet.

– Det ser ikkje ut til at dette året vert noko betre. Laksen er raudlista, og det er kritisk, seier han.

Einar Vereide

Seniorrådgivar Einar Vereide i Statens naturoppsyn seier ulovleg garnfiske i kystnære område kan få alvorlege konsekvensar for den trua villaksen.

Foto: Brit Jorunn Svanes

Det ulovlege fisket er ikkje den største trusselen.

– Men det er så lite igjen at alt ekstra press, som ulovleg fiske, kan få dramatiske konsekvensar.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen seier vi står i fare for å miste villaksen i Noreg.

– At nokon driv ulovleg fiske på disse sårbare bestandane er ikkje berre ulovleg, men også respektlaust overfor elveeigarar, laksefiskarar og lokalsamfunn.

Dei strengaste reglane nokosinne

Årets lakseoppsyn er godt i gang, og allereie er 77 garnreiskap inndratt og fleire meldt til politiet.

Det opplyser Miljødirektoratet og SNO som no styrkar innsatsen i tett samarbeid med politiet, Kystvakta og Fiskeridirektoratet.

– Vi patruljerer både til sjøs, i bil og til fots, men vi rekk ikkje overalt. Difor er vi heilt avhengige av tips frå publikum, seier Vereide.

I tillegg til hyppige kontrollar, vert det innført gebyr og politimeldingar.

Lovbrotet dei ser mest av er ulovleg senking av garn.

Det går føre seg ei plyndring av ein nasjonalskatt som er meir sårbar enn nokon gong, seier direktør i Miljødirektoratet Hilde Singsaas.

Ho påpeikar at fisket no er under dei strengaste reglane i norsk historie, men håpar at fleire enn myndigheitene vil bidra til å redde laksebestanden.

– Dette er ein dugnad vi ønskjer at heile det norske folk skal bidra til – først og fremst ved å følgje fiskereglane og melde frå dersom dei ser noko mistenkjeleg, seier Singsaas.

Publisert 26.06.2025, kl. 14.11 Oppdatert 26.06.2025, kl. 14.11

Read Entire Article