Tok med 10 turistar på tur i område med betydeleg snøskredfare – så gjekk det gale

9 hours ago 2



Onsdag blei ei gruppe på 13 personar tatt av eit snøskred ved Trollfjordvatnet i Hadsel i Vesterålen.

To av dei skal ha vore fast i skredet i 15 minutt. Ein av dei blei lettare skadd, ifølge politiet.

Dette var ein arrangert tur av SeilNoreg. Dei arrangerer toppturar for norske og utanlandske ski-entusiastar, og seglar frå fjell til fjell.

Dagleg leiar Emil Engebrigtsen seier til NRK at dei denne veka har tre båtar på tur i område, og to av desse var involverte i skredet.

– Det var snakk om to grupper på til saman ti gjester, to ski-guidar og ein av mannskapa våre.

Situasjonen er framleis ikkje endeleg avklart, ifølge Engebrigtsen. Han skal no snakke med guidane og finne ut av kva som skjedde.

– Vi tar dagens hending alvorleg, og vi er svært letta for at dette gjekk såpass bra som det gjorde, seier Engebrigtsen.

Betydeleg snøskredfare

Det var betydeleg snøskredfare i området då skredet gitt. Altså faregrad tre.

Ifølge snøskredvarselet kan det vere svært lett å løyse ut skred, og dei anbefaler folk å unngå alt skredterreng.

– Kva for nokre faglege vurderingar låg til grunn for at de valde å ta med ei gruppe på 13 personar inn i dette spesifikke terrenget?

– Dette skal vi finne ut av dei neste dagane saman med guidane, og så skal vi ta med oss mest mogleg læring frå det som skjedde.

Trollfjordvatnet med snødekte fjell

Onsdag blei ei gruppe på 13 personar tatt av eit snøskred ved Trollfjordvatnet i Hadsel.

Foto: Jens Andre Medhammer Birkeland / NRK

– Varsom.no anbefalte onsdag å unngå terreng brattare enn 30 grader. Blei denne oppfordringa følgt, og korleis blei rutevalet kvalitetssikra i forkant av turen?

– Guidane bruker varsame og andre applikasjonar som haldepunkt, men gjer eigne vurderingar. Det er svært lokale forhold i fjella, spesielt i området der gruppene var på tur i går.

Engebrigtsen seier at skiguidane er sertifiserte og har mykje erfaring med skredvurderingar rundt ferdsel og skikøyring generelt.

– Dei har mange års erfaring frå akkurat desse områda.

Gruppa no er samla i Svolvær og pratar med hoverande og politiet.

– Ein av gjestene er på legevakt med skadd ankel, og to får noko ekstra oppfølging, seier han og legg til:

– Det viktigaste no er å vere saman og roe ned, snakke ut. Vi følger opp gjestene, og tar det steg for steg.

– Krevjande område

Dagleg leiar i Vesterålen Turlag, Trond Løkke seier at området har blitt eit populært turmål, og spesielt for organiserte turar.

– Trollfjorden er noko av det mest spennande området vi har for alpin skiturisme, men det er krevjande. Det er veldig eksponert høgalpint område.

nordsiden av Trollfjordvatnet, som ligger i nedkant av bildet, og man ser opp et dalsøkk som er mye brukt for å ta seg opp på toppene på sørsiden av Trollfjordvatnet.

Dagleg leiar i Vesterålen Turlag, Trond Løkke har sjølv blitt tatt av eit snøskred ved Trollfjordvatnet.

Foto: Trond Løkke / Vesterålen Turlag

Ein må ha båt for å komme seg dit, og ifølge Løkke har dei telt mellom 100 og 120 personar som går i toppane der.

– Å besøke toppane rundt der vil eg tippe er høgdepunktet av heile opphalde.

Løkke har sjølv opplevd å bli tatt av ras i akkurat same område for seks år sidan. Han seier det er mogleg å finne trygge plassar å gå på ski der, men kanskje ikkje når det er betydeleg snøskredfare.

– Akkurat no er farevarselet oransje og det har vore mykje nedbør, så det er kanskje ikkje beste plassen å gjere turval nå. Eg kjenner ikkje til kor dei har vore, men det er eit krevjande område, spesielt når det er faregrad tre.

– Unngå skredterreng

NVE varsla onsdag stor snøskredfare i Helgeland og Svartisen, og elles i fylket var snøskredfaren betydeleg. Under nåverande forhold kan det losne store skred av seg sjølve.

Vaktleiar i snøskredvarslinga til NVE, Karsten Müller anbefaler folk å unngå skredterreng når forholda er slik.

– Vinterfjellet kan vere svært vakkert og tiltrekkande, men samtidig kan det også vere farleg, og det kan vere krevjande å lese snøen.

Snøskredfare i Nord-Norge 4. mars 2026.

Det var betydeleg snøskredfare i området då skredet gitt. Altså faregrad tre.

Grafikk: Vrasom.no

Müller seier grunnen til at snøskredfaren i Nordland er stor no er mykje nedbør.

– Det har komme opp til 50–60 mm sør for Svartisen, og det er også venta mykje nedbør dei neste dagane.

Når nedbøren kjem som regn, blir snøen er svekt, bindinga losnar, og vekta frå vatnet drar snøen nedover, forklarer vaktleiaren.

Der nedbør kjem som snø blir mykje vekt på snødekket, og det dekte som er no har svake lag, ifølge Müller.

– Når dei kollapsar, forplantar det seg eit brot, og blir eit flak som då losnar. Det er på ein måte eit snøbrett som sklir ned fjellet på desse svake laga.

Bildet er tatt innover Trollfjorvatnet.

Vaktleiar i snøskredvarslinga til NVE, Karsten Müller seier vinterfjellet kan vere vakkert, men samtidig farleg.

Foto: Trond Løkke / Vesterålen Turlag

For å vere så godt førebudd som mogleg om ein skal ut på tur i fjellet, anbefaler han å bruke Varsom-appen. Der er eit kart som viser kor det er skredterreng.

– I tillegg anbefaler vi, enten du går inn i skredterreng eller ikkje, at ein ikkje drar aleine på tur. Alle i gruppa bør ha med redningsutstyr. Då er det først og fremst spade, søkestong og eit sentermottak, altså ein elektronisk dings som lèt deg bli funnen under snøen.

Publisert 05.03.2026, kl. 08.24 Oppdatert 05.03.2026, kl. 08.58

Read Entire Article