Tidlegare i år tok ein innsett ved Hustad fengsel livet sitt.
Ifølgje eit dokument NRK har fått innsyn i, skal dei tilsette ha funne blod på cella til mannen, og det dei oppfatta som eit avskjedsbrev, få dagar før han tok livet sitt.
Ein fersk rapport har avdekka fleire manglar ved fengselet sine rutinar.
Luftegarden i Hustad fengsel.
Foto: Eirik Haukenes / NRKKryssa nei på spørsmål om sjølvmordstankar
Mannen som tok livet sitt kryssa nei på spørsmål om han hadde sjølvmordstankar, då han først vart sett i varetekt i Hustad fengsel.
Denne samtalen varte i ti minutt.
Veka etterpå, fann dei tilsette det dei oppfatta som eit avskjedsbrev på cella til mannen. Det vart då sett i verk fleire tiltak. Mellom anna vart han tilbode å snakke med lege.
Men den innsette sa at det ikkje var grunn til bekymring.
Dagen etter vart tiltaka avslutta. Den innsette trudde han skulle få sleppe ut av varetekt. Men ei veke etter at han vart sett i varetekt, fekk han beskjed om at den vart forlenga med to veker.
Dagen etterpå vart mannen funnen død på cella si.
Mannen vart funnen død på cella si på ein søndag.
Foto: Eirik Haukenes / NRKHar mangelfulle rutinar
No skriv Tilsynsrådet for kriminalomsorga i ein rapport at fengselet har mangelfulle rutinar for samhandling med helsepersonell og politi.
Mellom anna finn dei ikkje dokumentasjon på at politiet blei varsla om helsa til mannen. I rapporten skriv dei at det kan vere svært viktig ved ei eventuell vidare varetektsfengsling.
Der står det også at helsetenesta i fengselet skal ha fått beskjed om at sjølvmordsfaren var vurdert som liten på torsdagen, tre dagar før han tok livet sitt.
Dei skriv at helsetenesta i fengselet bør vere meir involvert når ein innsett kjem til fengselet, samt når det blir sett i verk tiltak der det kan vere sjølvmordsfare.
Meiner sjølvmordet kunne vore unngått
Dei etterlate til mannen meiner tilsynsrådet har gjort ein grundig jobb, og at konklusjonane samsvarar med inntrykket deira.
– Alt gjekk gale i fengselet, som ikkje har gitt god oppfølging. Helsevesenet er uforståeleg nok ikkje involvert, og samhandlinga mellom fengselet og politiet har vore fråverande, skriv advokaten deira, Maria Hessen Jacobsen, i ein e-post til NRK.
Ho held fram at dei er overtydde om at sjølvmordet hadde vore avverja, dersom helsetenesta og fengselet hadde gjort det dei skulle.
Maria Hessen Jacobsen er advokat for dei etterlatne.
Foto: Sunniva Linjord / NRKFengselsleiar i Hustad fengsel, Ane Skorpen-Trøen, har ikkje moglegheit til å stille til intervju, og viser til svaret dei sjølv gav til tilsynsrådet etter at rapporten var klar.
Der skriv dei at dei tek rapporten på alvor, og vil gjennomføre fleire av anbefalingane som kjem fram i rapporten.
Ut over det som står i rapporten, har ho ikkje noko kommentar til det som kjem fram av kritikk frå familien.
Fengselsleiar Ane Skorpen-Trøen skriv at dei tek rapporten på alvor og vil gjennomføre fleire an tilrådingane som kjem fram i rapporten.
Svært krevjande bemanningssituasjon
I rapporten står det også at Hustad fengsel har hatt ein svært krevjande bemanningssituasjon dei siste fire åra.
Ein stor del av bemanninga er vikarar og nyutdanna fengselsbetjentar som gjennomfører eit pliktår.
Fengselet sjølv seier at dei burde ha vore fleire tilsette på jobb, at det er sårbart med ein høg andel vikarar og uerfarne tilsette. Men dei understrekar at alle vaktene var dekka opp den aktuelle dagen.
Fleire av dei tilsette var på kurs i sjølvmordsførebygging veka for sjølvmordet i Hustad fengsel.
Ingen mistenkte eller sikta
Statsforvaltaren i Trøndelag granskar saka, samtidig som politiet har starta etterforsking. Så langt er ingen mistenkt eller sikta. Etterforskingsleiar Birgitte Øye i Møre og Romsdal politidistrikt seier dei arbeider med saka.
– Det handlar om å finne ut om det har skjedd noko straffbart eller om det er rutinar som ikkje blei følgt, seier ho.
Politiet har fått ei rekkje dokument mellom anna frå fengselet, og desse kjem til å bli gått gjennom etter ferien, opplyser Øye.
Publisert 20.06.2025, kl. 15.22 Oppdatert 20.06.2025, kl. 16.30