Tok barna som gissel og truga med å drepe dei

4 hours ago 3



Det kjem fram i ein dom frå Hordaland tingrett i Bergen.

28. juni i fjor sette politiet i verk ein enorm aksjon i ein leilegheit på Nordnes. 

Beredskapstroppen frå Oslo blei tilkalla og tre politihelikopter sette kursen mot vest. I tillegg kopla politiet i Vest på sin mest erfarne forhandlar.

Det blei sendt opp drone for å få oversikt i bygget og politiet fjerna låsesylinderen på inngangsdøra og sette inn eit kamera.

Bakgrunnen for den veldige aksjonen var dramatiske meldingar som ein mann i starten av 40-åra sende til ekskona si.

Truga med å drepe barna

Den ettermiddagen hadde han nettopp henta dei to barna deira for å ha samvær med dei. Begge var under ti år gamle.

«Om du vil at guttene våre skal overleve de neste timene, behold roen, les meld aleine!», skreiv mannen i meldinga. 

Han la til at om kvinna involverte andre «har eg både vilje og sprengkraft nok til å utslette de». 

Meldinga skal han ha kladda på førehand før han henta barna.

 Jenny Eidesvik / TV 2
BISTANDSADVOKAT FOR BARNA: May Britt Løvik i Hordaland tingrett i forbindelse med ei anna sak. Foto: Jenny Eidesvik / TV 2

Kvinna ringde politiet med ein gang. Eksmannen hennar er tidlegare dømd for fleire forhold, mellom anna gjentekne besøksforbod og hensynslaus atferd mot henne.

Politiet ringde opp igjen til tiltalte. 

Etter å ha fortald dei at «det var ingen annen utvei», låste han døra til leilegheita, tok barna med seg inn på soverommet og sette senga framfor døra.

Med seg hadde han ein stor kjøkenkniv. I gangen hadde han plassert to fulle bensinkanner.

– Dommen er god og grundig i sine skildringar av den ekstreme situasjonen dei to barna har stått i, seier barna sin bistandsadvokat, May Britt Løvik, til TV 2.

Politiet var klare til å skyte

Politiet sin operative vurdering var at det neppe ville vera mogleg å kome barna til unnsetning ved å ta seg inn i leilegheita og redde dei, står det i dommen.

Difor sette politiet alle klutar til for å forhandle med mannen over telefon. Det tok fleire timar. 

Ståande ordre var likevel at om mannen avslutta forhandlingane og la på, skulle politiet storme leilegheita og skyte han.

Eitt av opptaka av telefonsamtalane er på 1 time og 54 minutt.

– Det er hjarteskjerande å høyre kor redde og engstelege både barna og ekskona var. Dei gråt nærast kontinuerleg. Dei har i fleire timar vore i konstant krise og tilstand av frykt for at tiltalte skulle drepe barna, skriv tingretten.

Dommarane legg til at dette har gjort svært sterkt inntrykk på dei.

Mest dramatiske dei har vore med på

Det same gjeld innsatsleiaren og den erfarne forhandlaren i politiet.

Mannen har jobba med forskjellige gisselsituasjonar sidan 2006 og fortalde retten at mannen stod fram som kald, kynisk, bestemt, fokusert og målretta.

 Pål S. Schaathun / TV 2
MISHANDLING: Mannen er dømd i Hordaland tingrett for mishandling i nære relasjonar. Foto: Pål S. Schaathun / TV 2

Dette er saka «som utan sidestykke utmerkjer seg og der risikoen for at det ville ende med tragedie lenge var overhengande og reell», blir han sitert på i dommen.

Innsatsleiaren har over 30 års operativ karriere bak seg i politiet. Aksjonen var det mest dramatiske han har vore med på.

– Desse vitna var emosjonelt rørte under sine forklaringar, legg retten til.

Dømd for mishandling

Etter fleire timar klarte ekskona likevel å få mannen til å roe seg. 

Ho fekk løpande innspel frå gisselforhandlaren som i retten skrytte av korleis ho løyste samtalane med barnefaren.

Tre timar inn i aksjonen blei det lagt til rette for at mannen kunne gi barna mat og ete saman med dei, før han lét dei gå. Klokka 22.00 på kvelden vart han pågripen.

No er han dømd til fengsel i tre år og tre månadar. Han blir pålagt kontaktforbod mot ekskona på ubestemt tid, medan kontaktforbudet gjeld i fem år for dei to barna.

– Det mest treffande begrepet for deira faktiske situasjon er at dei har blitt haldne som gissel, skriv tingretten og legg til at dette har vore svært skremmande for barna.

 Ole Enes Ebbesen / TV 2
SAMRØYSTES: Tingrettsdommar Johan Eggen og to meddommarar har samrøysted dømd mannen for mishandlinga av eks-kona og barna. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2

Dei har vore nøydd til å høyre faren drapstruge mor og at dei sjølv skulle drepast.

– Heile hendinga, varigheita, måten den blei planlagt og gjennomført på, måten barna vart trukke inn i hendinga på, gjer hendinga svært alvorleg.

Han er dømd for mishandling i nære relasjonar av både eks-kona og dei to barna, samt for truslar mot politiet.

Vurderer anke

I tillegg må han betale 200.000 kroner i erstatning til ekskona og 150.000 kroner kvar til dei to barna.

I retten erkjente han straffskuld. Det er ikkje kjent korleis han stiller seg til dommen.

– Dommen er ganske streng og vi må gå grundig gjennom den for å vurdere om den skal ankast, seier forsvarar Tore Johan Sørland til TV 2.

Read Entire Article