– Det er trist, det er vanskeleg og det er litt håplaust, seier verneombod Torkel Kvinge Tande ved bedrifta Langlo AS.
I november fekk dei 40 tilsette ved det som var ein av Noregs eldste møbelfabrikkar beskjed om at det var slutt.
Verneombod Torkel Kvinge Tande ved ei av maskinene han har jobba med.
Foto: Øyvind Sandnes / NRKArbeidsplassen som har overlevd to verdskrigar er konkurs. Det var ein tøff beskjed å få.
– Det påverkar så mange personar og familiar. Folk blir sett i ein vanskeleg situasjon, seier verneombodet.
Svikt i marknaden
Familien Langlo starta med møbelproduksjon i Stranda på Sunnmøre i 1918.
Seks av dei ti siste åra har dei gått med underskot, og har no ei gjeld på 31 millionar.
Langlo AS seier årsaka for konkursen er svikt i marknaden. Dei har mellom anna spesialisert seg på skyvedørsgarderobar.
Det er stille i lokala til Langlo AS
Men med rekordlåg bygging av nye bustader og dyrtid med høg rente, er det vanskeleg for både byggebransjen og alle underleverandørar.
- Ikkje sidan 1946 har det blitt bygd færre nye bustader enn i fjor.
– Det er en ein svikt i marknaden. Heile byggebransjen slit. Det blir bygd for få bustader, slår økonomiprofessor Ola Honningdal Grytten fast.
Han seier at alle bedrifter som produserer innreiingar til hus, har tøffe tider no.
– Det er på ein måte ikkje Langlo sin feil aleine. Det er rett og slett marknaden som har forsvunne.
Ola Honningdal Grytten er professor i økonomisk historie ved Noregs handelshøgskole i Bergen.
Foto: Øyvind Sandnes/NRKInteressentar
Inne i fabrikklokalet i Stranda står gamle og nye maskiner stille.
Men det er litt liv i lokala.
Bustyraren har visning, og han melder om uvanleg stor interesse.
– Vi har rundt ti interessentar. Nokre av dei er interesserte i å vidareføre drifta, seier Øystein Remme i advokatfirmaet Øverbø Gjørtz AS.
Andre er interesserte i kjøpe maskinparken og kanskje flytte den til andre delar av landet, medan nokon ønsker berre å ta over sjølve bygget.
Arbeidet er lagt ned etter over 100 år på Langlo i Stranda.
For bustyraren er det viktig å få mest mogeleg pengar ut av salet, og dermed er målet å selje til nokon som vil drive vidare.
Det må skje raskt, både med tanke på at kreditorane skal ha pengane sine, og at uvurderleg arbeidskraft kan forsvinne.
– Vi håper det kan skje allereie komande veke, seier Remme.
Øystein Remme, bustyrar og advokat i Advokatfirmaet Øverbø Gjørtz AS.
Foto: Øyvind Sandnes / NRK- Eksport skal redde møbelbransjen.
Håper
Det har vore ei tøff førjulstid for mange av dei som har mista jobben i den tradisjonsrike bedrifta på Stranda.
Hovudtillitsvald Kristian Giskehaug har vore mekanikar ved fabrikken i over ni år, og kjenner alt av maskiner inn og ut.
Kristian Giskehaug i dei stille lokala til Langlo AS.
Han synest det er rart å gå gjennom lokala no.
– Det er litt vemodig at det står tomt og stille, seier han.
Mange av dei tilsette har jobba ved fabrikken store deler av livet.
For dei er det ekstra vanskeleg. Difor håper dei to tillitsvalde at nokon skal ta opp drifta igjen.
Over 6000 m² fabrikklokale er no ledige ved den tidlegare fabrikken til Langlo AS på Stranda.
Foto: Øyvind Sandnes/NRK– Om det blir det same som er drive her før i ei eller anna form, eller noko heilt nytt. Det veit vi jo ikkje. Og det har vi inga påverkingskraft på. Vi får berre sjå kva som skjer, seier Torkel Kvinge Tande.
Kristian Giskehaug håper nokon ser verdien i det som er bygd opp gjennom så mange år.
– Eg håper nokon vil ta over og starte eit eller anna, men det får no berre tida vise.
Kristian Giskehaug (til høgre) og Torkel Kvinge Tange håper på ny drift.
Foto: Øyvind Sandnes / NRKPublisert 08.12.2025, kl. 16.38




















English (US)