Tøff bustadmarknad – gir 20.000 i finnarlønn for tips om draumehuset

3 hours ago 2



Huset skal helst vere over 180 kvadratmeter, ha fire soverom, stor hage og ligge i Øygarden kommune.

Det er kriteria når Ingrid Graue Handeland og Tommy Riise Handeland jaktar draumehuset til seg sjølve og sine tre barn.

På Finn.no kan ein i skrivande stund finne om lag 15 annonsar som oppfyller kriteria.

– Men vi ser jo at dei fleste husa ryk før ordinær visning, og opp til ein million kroner over prisantyding.

Det seier Handeland, som har inntrykket av at mange er på jakt etter noko liknande.

Ho valde difor å teste ein utradisjonell metode i bustadjakta:

Tips som fører til huskjøp blir lønna med 20.000 kroner.

Slik ser annonsen hennar på Facebook ut:

Et bilde av et moderne hvitt hus med en terrasse og en velstelt hage. Innlegget søker tips om boliger til salgs i Øygarden. Den som gir det vinnende tipset, som fører til et salg innen 15. juni, mottar 20 000 kroner i finnerlønn. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Med dette innlegget på Facebook håpar småbarnsfamilien å finne draumehuset.

– 20.000 ryk fort i ein bodrunde

I dag leiger småbarnsfamilien eit hus i Øygarden. Dei trivst på øya utanfor Bergen og sette i gang husjakta i mars.

blond kvinne sit utandørs på restaurant og smiler til kamera

Ingrid Graue Handeland har vald ei kreativ tilnærming til husjakta.

Fotografi: Privat

Handeland er verken den første eller siste som har bedt Facebook-nettverket om tips. Men å tilby finnarlønn er mindre vanleg.

– Med ein gong folk har noko å vinne på det sjølve, så blir det jo litt meir spennande og vekker litt konkurranseinstinkt kanskje.

Ho tenker at påfunnet like greitt kan spare dei pengar.

– Når du er i ein bodrunde så går 20.000 fort. Og viss du kan spare dei inn på den måten, så kvifor ikkje.

Pressa bustadmarknad

Ein rask runde innom diverse grupper på Facebook viser at fleire jaktar bustadar utanfor marknaden.

Men å tilby finnarlønn er eit nytt fenomen for kommunikasjonssjef Erik Lundesgaard i Eiendom Norge.

– Det har eg aldri høyrt om.

– Men ein kan vel anta at grunnen til at det skjer, er fordi det er veldig press i bustadmarknaden i Bergen og omland, seier Lundesgaard.

Han fortel at Vestland har ein av dei sterkaste bustadmarknadane for tida, som betyr høg prisvekst og få bustadar til sals.

Erik Lundesgaard
Sjef for kommunikasjon og politikk i Eiendom Norge

Kommunikasjonssjef Erik Lundesgaard i Eiendom Norge.

Foto: Pressefoto

– Bustadkjøparen opplever nok at det er færre moglegheiter no enn for eit par år sidan, seier Lundesgaard.

På landsbasis har bustadprisane stige med 5,6 prosent i år, viser tal frå Eiendom Norge.

Prisveksten er høgst i byane, men i distrikta kan det vere andre utfordringar:

– Historisk har mange bygd nytt i distrikta. Men det er veldig krevjande å få til no. Materiale har blitt ekstremt dyrt, også kjem rentene etter.

Så det betyr at det er færre bustadar tilgjengelege no enn for nokre år sidan?

– Det er mange bustadar tilgjengeleg i distrikta, men mange av dei vil kanskje ikkje folk bu i. Dei blir gjerne brukt som hytter og fritidsbustad.

Interessa for å kjøpe eller selje bustad utanfor den opne marknaden er gjerne størst i mindre lokalmiljø eller små kommunar.

Det seier jurist Espen Kheradmandi i forbrukarorganisasjonen Huseierne.

– Kanskje spesielt der marknaden er veldig pressa og det som blir lagt ut blir rive vekk veldig fort.

Stor respons

Innlegget til familien Handeland har fått over 200.000 visingar på Facebook, og ei rekke meldingar i innboksen.

– Men det meste er ting som allereie ligg ute, eller skal ut. Så vi har ikkje funne draumehuset ennå.

Tre blondebarn, to jenter og ein gut, står på ein altan ved eit rekkverk og kikar utover mot sjøen og eit cruiseskip i det fjerne.

Jakta på draumehuset held fram for småbarnsfamilien i Øygarden.

Fotografi: Privat

Men nokre visingar er planlagde.

– Så det blir spanande. Draumen er at vi finn den plassen vi har lyst å bu. Gjerne for resten av livet. Det er noko med å føle at ja, dette er riktig.

Publisert 29.05.2026, kl. 14.52

Read Entire Article