Etter eit søk i Bergen sentrum i løpet av natta, bar politiarbeidet frukter like før klokka 03.
– Han vart funnen på eit hotell. I den samband vart det også pågripe to andre personar for medverknad til rømminga, seier operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen til NRK.
Omstenda kring rømminga, og korleis den vart oppdaga, kan ikkje politiadvokat Martina Uksanovic kommentere. Det var Kriminalomsorgen som varsla om rømminga klokka 00.30.
Uksanovic stadfestar at det er vanleg å ha vakter på slike oppdrag, og vedgår at slikt ikkje skal kunne skje.
– Vi kartlegg no korleis dette kunne skje, seier ho til NRK.
– Er ein relasjon
Mannen rømde då han var til planlagd operasjon. Han skal vere heimehøyrande i bergensområdet.
Mannen i 30-åra er no frakta tilbake til Bergen fengsel, der han får vidare oppfølging av helsestellet. Dei to andre, ein mann i 30-åra og ein i 20-åra, sit i arresten.
Politiet mistenkjer at dei hjelpte til med rømminga.
– Det er mistanke om ein relasjon, men vi er framleis veldig tidleg i etterforskinga. Dei to er ikkje avhøyrde, seier politiadvokat Martina Uksanovic.
Publisert 09.03.2026, kl. 11.54 Oppdatert 09.03.2026, kl. 12.29











English (US)