To fiskarar tatt for ulovleg fiske

10 hours ago 3



To stangfiskarar blei tatt på fersk gjerning i Lofoten, kor fleire vassdrag er stengt for laksefiske. Det skriv Lofotposten.

Statens Naturoppsyn (SNO) har kontor i Lofoten og blant anna ansvaret for at laks- og innlandsfisklova blir følgd. Dei er ute på kontrollar langs sjø og ferskvatn.

Miljødirektoratet opplyser at 10. juli kontrollerte SNO ein stengd del av eit lakseførande vassdrag i Vestvågøy kommune, kor dei to stangfiskarane stod og fiska.

Det er ikkje gjort offentleg kva vassdrag det gjeld.

Read Entire Article