– Skal du reise vekk i jula, bør du ikkje rydde før du drar, seier Marius Solberg Anfinsen, seniorrådgjevar og pressekontakt i Frende forsikring.
Jula er høgtid for familie, god mat og gåver.
Men det er også høgtid for tjuvar som bryt seg inn i ferietomme bustader.
Omreisande tjuvar på tokt
I førjulstida har tjuvar vore på ferde i mellom anna bergensområdet og Ålesund.
Dei finn hus som er tomme, fjernar dei heile vindauge og stel smykke og verdigjenstandar.
Politiet mistenker at det er snakk om omreisande vinningskriminelle. Nyleg vart to utanlandske statsborgarar arrestert, sikta og varetekstfengsla for ein del av tjuveria, men dei nektar straffskuld.
– Det påverkar tryggleiken vår, i eit område som normalt er veldig trygt å bu i, uttala bergensar Hege Kornberg Christensen til NRK 2. desember.
Ho mista ei klokke og uerstattelege smykke frå mor og bestemor si for totalt fleire hundre tusen kroner.
La mjølka stå
Korleis kan du sjølv unngå innbrot? Politiet har åtvara mot mørklagde hus og full postkasse.
Det finst også fleire råd:
Marius Solberg Anfinsen i Frende forsikring har følgande råd til dei som reiser vekk i jula:
– Sørg for at det står litt lys på, kanskje med tidsstyring på eit tidspunkt der det er mørkt ute. Kanskje kan det ligge ei avis på bordet, stå ei mjølkekartong på bordet, eller det ikkje er heilt ryddig, sånn som det er i hus når folk er der, seier Anfinsen.
Marius Solberg Anfinsen i Frende forsikring.
Foto: Agnieszka Iwanska / NRKBe naboar om hjelp
Vidare tilrår han å alliere seg med nokre naboar.
– Få dei til å følge med om noko skjer rundt huset ditt, til å hente avis og post og tømte bosspann, og til å følge litt ekstra med, seier seniorrådgjevaren.
Aller helst bør du ha alarm, tidsinnstilt lys og rørslesensorar installert, meiner han.
Men det er kanskje for seint for dei som straks er klar for å reise på juleferien.
Det vil seie, om du ikkje alt har vore ute i god tid, slik tjuveri-plaga Årum i Fredrikstad har blitt nøydde til:
Kan ikkje sikre seg heilt
Anfinsen vedgår at det ikkje er mogleg å sikre seg heilt mot innbrot.
– Nei, det er jo ikkje det. Vi ser i desse tidene at folk har gjort det vi ber om og likevel blir dei eit offer for tjuveri.
Han påpeikar at forsikringa vil erstatte det meste, så lenge ein har låst døra og lukka aller vindauge.
– Det er kjensla av å vite at nokon har vore inne hos deg som må vere frykteleg ubehageleg, og som ei kvar forsikring ikkje kan gjere så mykje med. Då er det absolutt verdt å prøve å unngå det, seier han.
Ver kreativ med gøymestader
Uansett ber Anfinsen folk vere kreative i kor dei gøymer verdisakene sine, for å gjere jobben vanskelegare for tjuvar med dårleg tid.
– Ikkje la dei ligge i nattbordskuffer, garderobeskap eller på badet. Kanskje legg verdisaker i ei eske i den innvendige boden din, i ei juleeske som no er tømt for julepynt, eller oppi boksen der du vanlegvis har kaffi. Bruk fantasien og gjer det litt vanskeleg for tjuvane, seier seniorrådgjevaren.
Publisert 22.12.2025, kl. 21.39















English (US)