Tidlegare Norsk Industri-sjef Stein Lier-Hansen i retten

1 hour ago 2



Lier-Hansen er tiltalt for grov korrupsjon og grov økonomisk utruskap mot sin tidlegare arbeidsgjevar, arbeidsgjevarorganisasjonen Norsk Industri.

Saka er blant dei mest omtalte sakene om grov økonomisk misleghald i nyare tid.

Lier-Hansen skal ha brukt Norsk Industri sine pengar til privat bruk, som blant anna jakt- og fisketurar, reiser med sjøfly og turar på restaurant og bar. Det hevdar Økokrim, som har tatt ut tiltalte mot han.

To menn i rettsal

Advokat Petter Mandt saman med Stein Lier-Hansen.

Foto: Aurora Ytreberg Meløe / NRK

Akkompagnert av eit stort pressekorps kom den tidlegare Norsk Industri-toppen innn i sal 207 i Oslo tingrett.

– Tillitsbrot

– Tiltalen omfattar eit langvarig og systematisk tillitsbrot gjort av ein person som sat sentralt i norsk samfunnsliv. No skal retten ta stilling, seier førstestatsadvokat i Økokrim, Bård Thorsen, til NRK.

Lier-Hansen har heile vegen nekta straffskuld for delen av tiltalen som handlar om grov korrupsjon. Elles har han vore open for at det er andre ting han må stå til rette for.

NRK har vore i kontakt med forsvararen til Lier-Hansen, Petter Mandt, som ikkje har nokon kommentar før rettssaka startar.

Fleire næringstoppar skal vitne

Fleire kjente namn frå norsk arbeids- og næringsliv står på vitnelista.

Dei skal forklare seg om alt frå jaktturar på Hardangervidda, leige av jakthundar, turar i sjøfly, hundrevis av restaurant- og barrekningar, og kontroll av fakturaer i Norsk Industri.

Tidlegare Fellesforbundet-leiar Jørn Eggum er blant dei som skal ha blitt med Lier-Hansen på restaurant og bar. Han er oppført på heile 232 rekningar som er innlevert til Norsk Industri.

Leder for Fellesforbundet, Jørn Eggum, overleverer krav til leder Stein Lier-Hansen i Norsk Industri. Med det er lønnsoppgjøret i gang.

Eit kjent syn for mange, når dåverande Fellesforbundet-leiar Jørn Eggum (t.v.) utveksla lønnskrav til dåverande Norsk Industri-sjef Stein Lier-Hansen. Det gjorde dei i mange år, her frå lønnsoppgjeret i 2022.

Foto: NTB

«Heilt, heilt umogleg»

Eggum seier til E24 at han fekk sjokk då han i avhøyr fekk høyre dette, og seier det er «heilt, heilt umogleg» at han skal ha vore med alle desse gongane.

Det same seier Bellona-grunnleggar Frederic Hauge, som også skal vitne i saka.

Frederic Hauge

Bellona-grunnleggar Frederic Hauge.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Detaljar kring det Lier-Hansen i dag er tiltalt for kom til overflata etter at E24 i februar 2024 avslørte at han leigde ei hytte, eit jaktområde og sjøfly til og frå eit område i Hardangervidda, på Norsk Industri si rekning.

Den gongen sa Lier-Hansen at han dreiv representasjon då han tok med seg næringstoppar på jakt, fiske og restaurant.

VG-journalist på vitnelista

Ein annan som er kalla inn som vitne er den profilerte og erfarne VG-journalisten Bjørn Haugan. Mellom 2019 og 2023 er namnet hans oppført på restaurant- og barrekningar på til saman 260.000 kroner, ifølgje E24.

Haugan har sjølv ikkje ønskja å forklare seg i saka, og viser til kjeldevernet. Men Oslo tingrett meiner han må gjere det. Denne avgjerda har VG anka til lagmannsretten, som enda ikkje har kome med sitt syn på saka.

– Våre lesarar og våre kjelder skal føle seg heilt trygge på at vi aldri opplyser om eller kommenterer kjeldeforhold, med mindre liv og helse står på spel. Denne saka er undergitt fritaket frå vitneplikt i straffeprosesslova, seier VG-redaktør Gard Steiro.

Steiro understrekar at både leiinga og lesarane framleis kan ha tillit til Haugan sitt journalistiske virke.

Ein mektig samfunnstopp

Stein Lier-Hansen var sjef i Norsk Industri frå 2006 til 2023. Det er den mektigaste foreininga i arbeidsgjevarorganisasjonen NHO.

Med det var han i fleire tiår heilt sentral i å sette rammene for lønnsoppgjera i Noreg.

Kvart år møtast eksportbedriftene, representert av arbeidsgjevarorganisasjon Norsk Industri, og arbeidstakarorganisasjonane, for å forhandle om kor mykje lønna skal auke.

Denne frontfagsramma, som er ein prosentsats for lønnsauke, legg føringar for lønnsoppgjera i alle andre delar av norsk arbeidsliv.

Lier-Hansen var også statssekretær i Miljøverndepartementet for Arbeidarpartiet frå 2000–2001. Han er også kjent som ein aktiv jeger og friluftsmann, noko NRK laga ei episode om i Ut i naturen i 2012.

Rettssaka mot han skal vare fram til 23. mars.

Publisert 21.01.2026, kl. 08.53 Oppdatert 21.01.2026, kl. 08.57

Read Entire Article