Tissa på seg sjølv: – Eg ville sjokkere

2 weeks ago 13



Om du er glad i underhaldnings-TV har du sikkert lagt merke til at det er éin ting som ofte går igjen.

Nemleg kropp, hud og nakenheit.

Den siste tida har vi sett Else Kåss splitter naken (bortsett frå sko og sokkar) i fyrste program av «Kongen befaler».

Martin Lepperød tissa på seg i «Ikke lov å le på hytta».

Og i den komande sesongen av «24-stjerners julekalender» strippar blant anna Sondre Sundby av seg på overkroppen.

Kvifor er det eigentleg så mykje kropp på TV om dagen i situasjonar der kjendisar ønsker å få merksemd?

Kva er det mest nedrige?

– Eg ville sjokkere.

Det seier komikar Martin Lepperød om tissestuntet sitt i «Ikke lov å le på hytta». Han forklarar at tanken bak det heile var å gjere det mest nedrige han kunne finne på.

– Det har jo vore mykje drygt og nedrig i «Ikke lov å le på hytta» tidlegare, så min idé var å toppe det som hadde vore, humrar han.

Martin Lepperød tissar på seg sjølv i «Ikke lov å le på hytta».

Han trur at komikarar og andre TV-personlegdommar tyr til nakenheit nettopp for å skape ein sjokkeffekt.

– Det er ei enkel løysing på eit problem, og det er kort veg til latter og ein reaksjon. Og det å vise kroppen er jo ikkje skadeleg, seier han.

Total overtenning

I den komande sesongen av «24-stjerners julekalender» får deltakarane i oppgåve å halde på merksemda til ei 13 år gammal jente.

Fleire av mennene tar av seg skjorta, deriblant Sondre Sundby.

– Det har brent seg fast i pannebrasken min. Det som skjedde var total overtenning. Konkurranseinstinktet «kicka» rett og slett inn, seier han og ler.

For Sundbys del låg det ingen klar tanke bak det han gjorde, anna enn at han måtte bruke dei verkemidla han hadde for å få merksemd.

– Så det var mykje som skjedde i løpet av dei få minutta der. Eg gjorde mykje ut av meg, og eg gjorde mykje rart, fortel han og humrar av det han fann på.

I ettertid har Sundby innsett kor komisk det både høyrest og sikkert vil sjå ut:

– Det som er morosamt er at idet eg gjekk ut av konkurransen, innsåg eg at eg hadde strippa for ei 13 år gamal jente for å få merksemd, at det skal sjåast av ein million menneske, og at det skal bli sendt i juletider, konstaterer han.

Simon Nitsche og Sondre Sundby er blant deltakarane i årets 24-stjerners julekalender. Her frå innspelinga.

Sondre Sundby (t.h.) saman med Simon Nitsche, som også er med i julekalenderen, tar seg ein velfortent pause under innspelinga.

Foto: Privat

Grenseoverskridande

John Magnus Ragnhildson Dahl er postdoktor i medievitskap på Universitetet i Bergen.

Han forklarar at grunnen til at mange brukar kropp som eit humorgrep er fordi det er noko som er uventa.

– I sosiale situasjonar har vi på klede, så når du tar av dei kleda eller viser deg splitter naken, bryt du eit sosialt skript. Det kan gjere situasjonen humoristisk, seier Dahl.

– I tillegg er det grenseoverskridande og kan bryte eit tabu. For eksempel dette med å vise tissen, eller tisse på seg sjølv, legg han til.

John Magnus Ragnhildson Dahl

John Magnus Ragnhildson Dahl er postdoktor i medievitskap.

Foto: Zulfikar Fahmy / Universitet i Bergen

Bæsj og tiss

Dahl trekker vidare fram ein humorteori som heiter «karnevalsteorien». Den går ut på at kroppsfunksjonar og groteske kroppar er grunnleggjande humoristisk.

I det klassiske karnevalet i mellomalderen var bæsj og tiss noko ein gjerne laga humor på.

– Det var vanleg å vise kroppsfunksjonane våre, og gjere dei om til noko ein kunne le av, i staden for å vere noko ekkelt eller skummelt.

Dette kan ein også sjå i dagens samfunn. Men det er ei tynn grense mellom skrekk og humor.

– Det er ein balansekunst, for nokre gongar kan humorforsøk lande meir på sjokksida enn humorsida. Det kjem veldig an på situasjonen, forklarar Dahl.

Det kan også Martin Lepperød bekrefte.

Buksa for stor, tissen for liten

For setting og kontekst har mykje å seie for å oppnå den effekten ein ønsker.

– Eg står ikkje på scena og tissar liksom, seier Lepperød kontant.

Martin Lepperød på scenen under Gullruten 2022.

Martin Lepperød på scena under Gullruten i 2022.

Foto: Eivind Senneset / TV 2

Komikaren skulle gjerne ønske seg ein enda større reaksjon frå dei andre deltakarane da han tissa på seg. Kanskje hadde det vore morosamare om urinen hadde laga merke på buksa hans i staden for å renne rett ned på golvet.

– Det var ein bommert det der, at buksa var for stor og tissen for liten, seier han og humrar igjen.

– Men det er gøy når det ikkje går så bra også. Det kan bli humor av det også.

Dette er deltakarane i årets «24-stjerners julekalender:»

  • Sondre Sundby i dress smiler mot kamera

    Julie Marie Naglestad / NRK

    Sondre Sundby

    • Trenar og føredragshaldar
  • Karin Klouman står oppreist i svart kjole og tørkle rundt halsen, og smiler til kamera

    Julie Marie Naglestad / NRK

    Karin Klouman

    • Skodespelar
  • Ida Nysæter Rasch ikledd kjole smiler mot kamera

    Julie Marie Naglestad / NRK

    Ida Nysæter Rasch

    • Programleiar og journalist
  • Mikkel Silseth i svart t-skjorte smiler mot kamera

    Julie Marie Naglestad / NRK

    Mikkel Silseth

    • Skodespelar
  • Tinashe Williamsson ser mot kamera og smiler

    Julie Marie Naglestad / NRK

    Tinashe Williamson

    • Skodespelar og forfattar
  • Javad El Bakali ser mot kamera og smiler

    Julie Marie Naglestad / NRK

  • Oliver Bergset i kvit skjorte og svart bukse, ser mot kamera og smiler

    Julie Marie Naglestad / NRK

    Oliver Bergset

    • Youtuber og Tiktoker
  • Sval Rosenløw Eeg ser mot kamera og smiler

    Julie Marie Naglestad / NRK

  • Hedvig Glestad ser mot kamera og smiler

    Julie Marie Naglestad / NRK

    Hedvig Glestad

    • TV-personlegdom og treningspåverkar
  • Einar Nilsson ser mot kamera og smiler

    Julie Marie Naglestad / NRK

    Einar Nilsson

    • Programleiar og målar
  • Simon Nitsche ser mot kamera og smiler

    Julie Marie Naglestad / NRK

    Simon Nitsche

    • Programleiar og journalist
  • Heidi Ruud Ellingsen ser mot kamera og smiler

    Julie Marie Naglestad / NRK

    Heidi Ruud Ellingsen

    • Skodespelar og songar
  • Hallvard Flatland ser mot kamera og smiler

    Julie Marie Naglestad / NRK

    Hallvard Flatland

    • TV-legende
  • Mimir Kristjansson ser mot kamera og smiler

    Julie Marie Naglestad / NRK

    Mimir Kristijansson

    • Politikar
  • Cengiz Al ser mot kamera og smiler

    Julie Marie Naglestad / NRK

  • Benedicte Adrian ser mot kamera og smiler

    Julie Marie Naglestad / NRK

  • Kristine Riis ser mot kamera og smiler

    Julie Marie Naglestad / NRK

    Kristine Riis

    • Skodespelar og komikar
  • Mimmi Lofwenius Veum ser mot kamera og smiler

    Julie Marie Naglestad / NRK

    Mimmi Lofwenius Veum

    • Fotballspelar og sportskommentator
  • Ole Martin Arst ser mot kamera og smiler

    Julie Marie Naglestad / NRK

    Ole Martin Årst

    • Tidlegare fotballspelar, og nå sportskommentar
  • Hilde Skovdal ser mot kamera og smiler

    Julie Marie Naglestad / NRK

    Hilde Skovdal

    • TV-personlegdom og forfattar
  • Frida Homlung ser mot kamera og smiler

    Julie Marie Naglestad / NRK

  • Herborg Krakevik ser mot kamera og smiler

    Julie Marie Naglestad / NRK

    Herborg Kråkevik

    • Songar og skodespelar
  • Kaveh Rashidi ser mot kamera og smiler

    Julie Marie Naglestad / NRK

    Kaveh Rashidi

    • Lege og forfattar
  • Emil Lybekk ser mot kamera og smiler

    Julie Marie Naglestad / NRK

Publisert 08.11.2024, kl. 07.00

Read Entire Article