Sydpolfarar frå Hardanger avbryt ekspedisjonen

2 days ago 7



– Etter ein litt dramatisk 2. januar, fekk han eit illebefinnande då han var ute og gjekk på ski.

Det fortel Rune Mo-Bjørkelund. Han er kommunikasjonsansvarleg for Arne-Kristian Teigland, som i 20 dagar har vore på veg mot Sydpolen.

Men torsdag kveld norsk tid måtte han legge frå seg skistavane.

– Han svima rett og slett av på isen, og vakna opp med at han ser inn i sine eigne skitupper. Og det skal jo ikkje skje, fortel Mo-Bjørkelund.

I desember skal Arne-Kristian Teigland prøve å sette rekord som raskaste mann over antarktis.

Arne-Kristian Teigland hadde som mål å sette rekord som raskaste mann over Antarktis. Bildet er tatt i november før ekspedisjonen starta.

Foto: Arne-Kristian Teigland

Skal få helsesjekk

Han fortel at Teigland fekk opp teltet og ventar på å bli plukka opp og flydd til basen Union Glacier der han skal få medisinsk oppfølging og helsesjekk.

– Han har det etter forholda bra, seier Mo-Bjørkelund til NRK.

Familien i Noreg er varsla, opplyser Lars Ebbesen, som koordinerar ekspedisjonen.

Få dagar att

Det var nokre få dagar og rundt 200 kilometer att av ekspedisjonen, får NRK opplyst.

Det medisinske personellet ved basen har følgd polfararen undervegs i ekspedisjonen med legesjekkar meldt inn via satelitt, fortel han.

– Dei fleste som skal til Sydpolen flyr ut frå Chile og oppheld seg på basen i Union Glacier eit par dagar før dei startar ekspedisjonen sin, fortel Mo-Bjørkelund.

Han meiner det er bra at Teigland avsluttar når det er fare for liv og helse.

– Det er ingenting som er verdt at det går på bekostning av det. Så er det sjølvsagt keisamt når ein har brukt så mykje tid og innsats på å førebu seg godt.

I desember skal Arne-Kristian Teigland prøve å sette rekord som raskaste mann over antarktis.

Arne-Kristian Teigland fotografert i 2023.

Foto: AK Teigland

Publisert 02.01.2025, kl. 21.45 Oppdatert 02.01.2025, kl. 21.59

Read Entire Article