Tiltalt etter at tvillingjenter døde i Spydeberg: – Det er leitt og trist at eg sit her no

2 weeks ago 11



Rettssaka der to menn på 29 og 20 år er tiltalt etter at tvillingsøstrene Mille og Mina Hjalmarsen døydde av ein overdose i Spydeberg i januar 2023 held onsdag fram i Follo og Nordre Østfold tingrett onsdag. Dei er tiltalt for å ha sett dei to i ein hjelpelaus tilstand.

Begge seier seg ikkje skuldige etter tiltalen.

En gruppe mennesker som sitter ved et bord med en bærbar datamaskin

Foreldra til tvillingane, Kirsti Skogsholm og Kim Andre Hjalmarsen, følger rettssaka saman med bistandsadvokat Inger Marie Støen (i midten).

Foto: Odd Skjerdal / NRK

Tysdag forklarte 29-åringen, som eigde leilegheita der jentene blei funne, at han huskar lite av det som skjedde den dagen fordi han rusa seg.

Det han huska best var at jentene fell saman av ein overdose.

– Då huskar eg at eg leita etter motgift, men eg fann ikkje noko. Då fekk eg panikk, forklarte han tysdag.

Rusfri i to år

Onsdag forklarte 29-åringen at han har store problem med å huske og sette saman informasjon, og at det er mykje «rot i hovudet», både då og no.

Han skildrar eit liv med ei evig jakt på rus, og at han ikkje passa på seg sjølv. Han seier rusen var ei flukt frå livet i tankar.

– Det er leitt og trist at eg sit her no, og eg forstod ingen ting då eg blei gripen av politiet etter dødsfalla, seier han.

en mann som skriver på et stykke papir

Knut Ditlev-Simonsen er forsvararen til 29-åringen.

Foto: Odd Skjerdal / NRK

29-åringen seier han no har vore rusfri i to år, men går på LAR. Han fortel at han har flytta, at han trener, har fått sambuar og katt.

Han seier han opplever det som ufortent og urettferdig at han er tiltalt i saka.

Skal forklare om funn på åstaden

Også 20-åringen skal forklare seg seinare onsdag.

Han er også tiltalt for å ha sett jentene i ein hjelpelaus situasjon. I tillegg er han tiltalt for å ha kjøpt seksuelle tenester av den eine jenta i bytte mot narkotika.

Dette har skjedd siden Mina og Mille døde

I tillegg skal politiet forklare seg blant anna om undersøkingar på åstaden, DNA-funn og funn av narkotika i leilegheita.

Publisert 11.06.2025, kl. 10.38 Oppdatert 11.06.2025, kl. 11.33

Read Entire Article