Tilbyr «afrobunad»: – Bunad er ikkje ein beskytta tittel

3 days ago 26



Som eit tilbod til personar med fleirkulturell bakgrunn, syr Natacha «afrobunad». Bunadsekspertar er positive, men betenkte.

 Jenny Eidesvik / TV 2
AFROBUNAD: Nana Ama Konadu Sem testar drakta Natacha Sæhlen har sydd. Foto: Jenny Eidesvik / TV 2

Publisert 07.05.2025 22:28

Bunadssesongen er i gang, og like sikkert som at skjorta må strykast, kjem debatten om kva ein pryda bunaden med og ikkje. 

Dei siste åra har ein sett ei auke i meir utradisjonelle bunadar, både på fargar på skjorta og på tilbehøyr. 

I Bergen har det dukka opp eit selskap med fokus på meir internasjonale saumar og mønster. 

– Den fine tingen med ein bunad er at han skal representera kvar du kjem frå, seier Natacha Sæhle. 

Ho driv selskapet God Win Production, der ho tilbyr såkalla «afrobunad». 

 Fride Sørensen / TV 2
SYR OG SYR: Natacha Sæhle syr afrobunadar. Foto: Fride Sørensen / TV 2

Tok raskt av

Ideen om å sy ukonvensjonelle bunader kom til ho då ho byrja å sy klede til ungane sine. 

Sjølv er ho halvt chilensk, og ungane hennar har afrikansk far. Ofte fekk ho tilsendt ymse tekstilar og klede frå Liberia og Nigeria. 

Då byrja ho å sy plagg til barna i karakteristiske afrikanske mønster. Ho ønskte å lage meir enn berre formelle klede til bruk i kyrkja og ved høgtidlege anledningar – ho ville utvikla kvardagsklede med innslag av afrikansk mote og identitet.

Etter kvart byrja andre å spørja om ho kunne sy liknande plagg til dei. Det tok raskt av, og hobbyen hennar utvikla seg til ein jobb og ein lidenskap.

 Jenny Eidesvik / TV 2
AFROBUNAD: Denne drakta kombinerer norsk handverk med afrikanske mønster. Foto: Jenny Eidesvik / TV 2

Målet hennar er å byggja bru mellom kulturar, og å skapa klede som lar folk kombinera den norske bunadstradisjonen med sine eigne røter.

– Det gjer personar med multikulturell bakgrunn moglegheita til å omfamna dei norske røtene samtidig som dei feirar den mangfaldige arven deira, seier Sæhle. 

– Ikkje ein beskytta tittel

Siri Sveen Haaland er femte generasjons bunadstilverkar, og var ein av grunnleggjarane i den no nedlagde «Bunadspolitiet». 

No driv ho familieverksemda Sidserk og Bunadskulen. 

Ho meiner det bør vera plass til fleire typar bunadar på marknaden. 

– Bunad er ikkje ein beskytta tittel. Brukar du ei drakt som bunad, kan du kalla det for ein bunad. Men eg syns det er greitt å setta forskjellen på at dei bunadane ein finn i norsk bunadsleksikon, det er bunadar. Resten er festdrakter, seier Veen Haaland. 

 Sidserk
BUNADSTILVERKAR: Siri Haaland Sveen er positiv til nye fargar og fasongar i bunadar og festdrakter. Foto: Sidserk

Ho er ikkje overraska over at nye bunadar og festdrakter dukkar opp. 

– Eg syns bunadar skal vera inkluderande, men om det blir tilført meir er det riktigare å kalle det festdrakt.

Ein bunad er gjerne knytt til ein geografisk stad, og er ikkje knytt til etnisitet, legg ho til. 

– Ein kraftpakke av eit symbol 

Haaland Sveen får støtte frå leiar i Norsk institutt for bunad og folkedrakt, Camilla Rossing. 

Ho hyllar initiativet, og syns det er flott ny tilkomst av kultur i fedraktene. Men ein «de facto» bunad, er det ikkje, meiner Rossing. 

Men om ein kan kalla det bunad eller festdrakt er heller ikkje så viktig, understrekar ho. 

– Bruken er jo den same. Ein kan bruka det på 17. mai, i konfirmasjon, eller andre stader ein vil føla seg fin, seier Rossing. 

– Kva er det som gjer at folk har eit så personleg forhold til bunad? 

– Det er jo ein kraftpakke av eit symbol. Det er også ein form for ein personleg kulturarv. Ein kjenner igjen kjensla av å ta på seg ei nystroken bunadsskjorte på 17. mai, så her er det mange lag av kjensler, seier Rossing. 

Natacha Sæle sjølv er ikkje oppteken av kva folk kallar det. 

– Viss folk på død og liv ikkje vil kalla det bunad, kan dei kalla det kva dei vil. Eg skal ikkje krangla med folk, seier Sæle. 

 Jenny Eidesvik / TV 2
SØLV: Sylja må klirra når ein skal pynta seg. Foto: Jenny Eidesvik / TV 2

– Perfekt blanding 

Ein av kundane som var innom var Nana Ama Konadu Sem. Ho er norsk, men har foreldre frå Ghana. 

For ho passar afrobunaden som hand i hanske.

– Eg har jo den bakgrunnen som er ein stor del av meg, så eg er litt sånn...«kva skal eg identifisere meg som?» Så eg syns dette er den perfekte blandinga mellom ein bunad som er norsk, med afrikansk stoff, seier ho. 

 Jenny Eidesvik / TV 2
NØGD: Nana Ama Konadu Sem har prøvd på afrobunaden, og ser fram til å bruka han på 17. mai. Foto: Jenny Eidesvik / TV 2
Read Entire Article