Videoplattforma TikTok er no stengt i USA, melder nyheitsbyrået AFP.
Kongressen har tidlegare vedtatt ei lov som pålegg det kinesiske morselskapet ByteDance å selje appen innan laurdag, om han ikkje skal bli forboden i USA.
Natt til søndag er appen utilgjengeleg for amerikanske brukarar, og ikkje mogleg å laste ned frå Apple Store, melder Reuters.
TikTok har 170 millionar amerikanske brukarar.
Brukarar har fått opp ei melding om at dei dessverre ikkje kan bruke appen no.
– Vi er heldige at president Trump har indikert at han vil jobbe med oss for å finne ei løysing slik at vi kan vere i drift igjen når han blir president. Venlegast følg med.