Terroren i Sydney: Skyttarane skal ha reist til Filippinane før angrepet

9 hours ago 1



Det skal ha vore ideologi frå islamsk stat, eller IS, som motiverte angrepet på australske jødar i Sydney søndag.

Det seier statsminister i Australia Anthony Albanese og austrask politi i ein pressekonferanse tysdag.

No jobbar politiet med å forstå kvifor dei to gjerningspersonane var på Filippinane i ein månad før angrepet.

Filippinske myndigheiter stadfestar

– Sajid Akram (50), indisk statsborgar, og Naveed Akram (24), australsk statsborgar, kom til Filippinane saman 1. november frå Sydney i Australia, seier talskvinne for dei filippinske innvandringsmyndigheitene Dana Sandoval til AFP.

Australsk politi stadfestar at skyttarane reiste til Filippinane, men har ikkje formelt stadfesta at det var Sajid og Naveed Akram. Anonyme politikjelder skal ha stadfesta dette overfor australske medium.

50-åringen hadde kome til Filippinane som «indisk statsborgar», stadfestar myndigheitene i den filippinske hovudstaden Manila. Sonen reiste inn som australsk statsborgar.

Australsk politi sa det truleg ikkje er fleire gjerningspersonar involverte.

Flere politibetjenter undersøker et område med trær og grønt gress. De bærer uniformer og hansker, og noen av dem holder utstyr. I bakgrunnen er det biler parkert, samt en bygning. Scene gir inntrykk av en pågående etterforskning eller sikkerhetsoperasjon. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Politiet held fram med å leite etter bevis i området rundt Bondi Beach der skytinga skjedde søndag.

Foto: DAVID GRAY / AFP / NTB

– Begge oppgav Davao som endeleg reisemål. Dei forlét landet 28. november på ei flyging frå Davao til Manila og vidare til Sydney, seier Sandoval.

Davao er ein provins som ligg på øya Mindanao sør på Filippinane. På øya er det ei lang historie med islamistopprør mot Filippinanes sentralmyndigheiter.

– Grunnen til at dei reiste til Filippinane er under etterforsking, sa australsk politi på ei pressekonferanse tysdag.

En gruppe personer står foran et podium med mikrofoner under en pressekonferanse. En talsperson, iført dress, står i fokus og snakker, mens flere personer i uniform og sivile klær står i nærheten. Et bakteppe med NSW-regjeringens emblem og det australske flagget er synlig. Omgivelsene indikerer en offisiell setting for en offentlig kunngjøring. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Krissy Barrett (til venstre) haldt ein pressekonferanse saman med mellom anna statsminister Anthony Albanese tysdag.

Foto: Hollie Adams / Reuters / NTB

Lokale medium skriv at eit viktig punkt for politiet under etterforskinga er om dei to mistenkte møtte islamske ekstremistar på turen.

Også Filippinsk politi etterforskar turen. Det seier talsperson for forsvarsdepartementet på Filippinane Arsenio Andolong til BBC.

IS-ideologi

I bilen til 24-åringen har politiet funne to IS-flagg og ei heimelaga bombe.

– Tidlege indikasjonar peikar på eit terrorangrep inspirert av islamsk stat, sa australsk føderal politikommissær Krissy Barrett på ein pressekonferanse tysdag.

Ho kallar det «eit barbarisk angrep» på det jødiske samfunnet.

– Dette er dei tilsynelatande handlingane til dei som har alliert seg med ein terrororganisasjon, ikkje ein religion, sa ho.

IS har vore reikna som ein terrororganisasjon i Australia sidan 2014.

En mann står ved et podium under en pressekonferanse, delvis skjult bak en uskarp effekt. Han har kort, lyst hår og bruker briller, iført en mørk dress med et lyst slips. I bakgrunnen er det et blått teppe med emblemene til politiet og en logo som viser "NSW". Det ser ut til å være en formell sammenkomst med fokus på offentlig kommunikasjon. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Statsminister i Australia Anthony Albanese sa på ein pressekonferanse at skyttarane var motiverte av IS-ideologi.

Foto: Hollie Adams / Reuters / NTB

Den australske statsministeren Anthony Albanese var også til stades på pressekonferansen og stilte seg bak teorien til politiet.

Søndag blei 15 offer blei drepne i det antisemittiske angrepet på australske jødar som feira hanukka på stranda Bondi.

Også den 50-år gamle gjerningspersonen blei skoten og drepen. Den yngste skyttaren låg i koma på sjukehus, men vakna frå koma tysdag morgon norsk tid, skriv The Sydney Morning Herald.

Tidlegare har politiet sagt at dei ikkje vil ta ut ei tiltale mot Naveed før han er utskriven frå sjukehuset.

Interessert i å følge med på det som skjer i verda? Følg utanriksredaksjonen sin podkast her:

Publisert 16.12.2025, kl. 07.16 Oppdatert 16.12.2025, kl. 07.59

Read Entire Article