Politiet har fått melding om ein terrengbrann på Espevær i Bømlo kommune.
– Det er eit bål som ein har mista kontroll på, seier innsatsleiar Frode Sagvaag i Bømlo brannvesen.
Det brenn ved sidan av eit bustadhus, på eit område på om lag 30 gonger 10 meter.
– Men det er ingen folk inne i huset, seier Sagvaag.
Det er sendt ut brannmannskap frå både Espevær, Bremnes og Langevåg, som har starta sløkking.
– Det er spreiingsfare og bygg i nærleiken, opplyser Nina Bru Nevøy i Sør-Vest politidistrikt.
Politi er også på veg til staden.









English (US)