Sette fyr på hybelen. Minuttar seinare stod heile einebustaden i full fyr.

I juli 2023 rykka naudetatane ut til ein einebustad i Lerkendal bydel i Trondheim. Meldinga gjekk ut på at det brann i huset.
Klokka 22.00 var dei framme. 22.25 stod heile einebustaden i full fyr. Den vart til slutt totalskadd i den heftige brannen.
I ein fersk dom frå Trøndelag tingrett kjem det fram at skadane er estimert til 10 millionar kroner.
No er ein mann i starten av 20-åra dømd for grovt skadeverk etter å ha forårsaka brannen.
Amfetaminrus
Han budde på hybel i kjellaren på huset og hadde nokre månadar i førevegen avslutta eit opphald på ein rusinstitusjon.
Likevel rusa han seg på amfetamin og hasj denne julikvelden. Han enda opp med å setje fyr på sofaen og senga i kjellarhybelen, ifølge forklaringa hans til politiet.
Familien i einebustaden var til alt hell ikkje heime då den veldige brannen utvikla seg på få minutt.
I retten tilstod han. To rettspsykiatrar har vurdert om han har skuldevne, altså at han kan straffast for det han har gjort.
Det kom dei fram til at han kunne.
«Eit rop om hjelp»
Sjølv er mannen litt usikker på kvifor han sette fyr på hybelen.
Tidlegare same kveld hadde han vore på legevakta i Trondheim, etter å ha innteke amfetamin og hasj.
I retten forklarte den unge mannen at han kan ha vore frustrert etter å ha blitt avvist på legevakta, sjølv om han prøvde å få hjelp. Han presiserte at han ikkje hadde noko ønskje om å skade eller utsette familien i einebustaden for fare.
«Retten ser det slik at handlingane hans mest sannsynleg var eit rop om hjelp, i ein situasjon prega av frustrasjon og sterk ruspåverknad», slår dommarane fast.

Slepp fengsel
Dei tek utgangspunkt i at riktig straff for det grove skadeverket er 1,5 år i fengsel. Så får mannen totalt eitt års strafferabatt for å ha tilstått og for at det har gått nesten to år sidan brannen før saka gjekk for retten.
Både påtalemakta og forsvarar bad om at mannen, som var under 20 år då han starta brannen, får sona straffa som samfunnsstraff.
Det er retten samd i.
Mellom anna fordi mannen sidan brannen har teke tak i problema sine, fått fast jobb og har slutta å ruse seg.
Dommen blir difor på 176 timar samfunnsstraff. I tillegg må han betale i underkant av 350.000 kroner i erstatning til dei som budde i huset.
Her bad forsvararen om at desse krava blei lempa på, grunna mannen sin uklare økonomiske situasjon.
– Vi er einige i at samfunsstraff er riktig reaksjon, men vi vil sjå nærare på om vi skal anke erstatningskravet, seier forsvarar Jasmin Gheshlaghi.
Eit erstatningskrav på nærare 10 millionar kroner frå forsikringsselskapet vil truleg bli reist i ei separat sak.