Tre menn dømde for overgrep mot jente under Pride-festival

5 hours ago 2



Den mindreårige jenta var på rømmen frå ein barnevernsinstitusjon. Så reagerte tre kvinner på det dei såg på bussen.

 Geir Johnny Huneide / TV 2
DØMDE: Tre menn er dømde for overgrep mot ei ung jente på rømmen frå barnevernsinstitusjon. Foto: Geir Johnny Huneide / TV 2

Publisert 22.05.2025 14:36

No er tre menn dømd for ulike seksuallovbrot mot den mindreårige jenta. 

To av mennene, ein i 40-åra og ein i 30-åra, er dømde for å ha hatt seksuell omgang med jenta i fellesskap. 

Desse overgrepa skjedde under Pride-helga i Bergen i fjor og blir skildra som grove av retten.

– Det er skjerpande at det gjekk føre seg ved fleire tilfelle i løpet av ei helg, delvis i fellesskap og delvis på særleg krenkande måte, skriv dommarane.

Var på rømmen

Den eldste av dei to er også dømd for valdtekter mot jenta tilbake i 2022.

På det tidspunktet var jenta under 14 år, slik at overgrepet blir definert som valdtekt i straffelova.

Samanfatta er dommen frå Hordaland tingrett slik:

Mann i 40-åra: Dømd for gjentekne valdtekter av jenta då ho var under 14 år. Og gjenteken grov seksuell omgang med henne, saman med personen nedanfor. Dømd til fengsel i fem år og ni månadar.

Mann i 30-åra: Dømd for grov seksuell omgang med jenta, saman med mannen ovanfor. Dømd til fengsel i 1 år og seks månadar.

Mann i 40-åra: Dømd for seksuell handling mot jenta. Fengsel i 60 dagar.

Sidan jenta var på rømmen frå ein barnevernsinstitusjon og hadde omfattande livsutfordringar, er dei også dømde for å ha utnytta den sårbare livssituasjonen hennar.

 Håvard Sjursen / TV 2
FEIRA PRIDE: Mennene var saman med jenta under den første Pride-helga i Bergen i fjor. Dei er dømde for å ha gitt henne alkohol, og så er to av dei dømde for grov seksuell omgang med henne. Foto: Håvard Sjursen / TV 2

Tre kvinner reagerte

Alle tre er også dømde for å ha kjøpt alkohol til den mindreårige jenta. 

Også det i forbindelse med Pride-festivalen den aktuelle junihelga i fjor. Det var også i den forbindelse at politiet vart varsla om jenta.

På ein buss frå Bergen sentrum, reagerte tre kvinner på det dei såg: Ei «svært ung og beruset» jente som var saman med to menn. 

Dei såg at ein av mennene både kyssa og befølte den unge jenta på bussen. 

Kvinnene ringde politiet og følgde etter då jenta gjekk av bussen med mennene. Dei har også snakka med BT og BA om det dei såg. 

– Vi tykte det heile var veldig sjokkerande og overraskande, seier ei av kvinnene til BT.

Observasjonen deira var måndag kveld 4. juni 2024. 

Politiet oppdaga kva jenta hadde blitt utsett for gjennom helga, fordi ein av dei to dømde mennene tok bilete med mobilen undervegs i dei gjentekne overgrepa.

Hevdar dei ikkje visste

I retten fortalde dei tre tiltalte at dei trudde jenta var vaksen. Til dei skal ho ha sagt at ho var 25 år, skriv BA.

Dommarane festar ikkje lit til den forklaringa og meiner mennene i alle fall burde ha skjønt at ho var under 18 år. 

Mellom anna vitna ein tilsett ved barnevernsinstitusjonen at ho ikkje «kunne sjå for seg at nokon kunne tenke at jenta var 20 år gamal».

Totalt får den fornærma jenta 600.000 kroner i oppreisningserstatning frå dei tre dømde.

Dommen er ikkje rettskraftig. Forsvararen til mannen som er dømd for det minst alvorlege tilfelle, dei seksuelle handlingane på bussen, seier dei vurderer å anke.

– Eg meiner det ikkje er bevismessig dekning for å kunne legge til grunn det faktum tingretten har gjort. Registrerer samstundes at retten har lagt til grunn eit mindre alvorleg forhold enn det påtalemakta har gjort, skriv forsvarar Simon Skarstein Waaler til TV 2 i ein e-post.

Arnfinn Hallanger er forsvarar for mannen i 30-åra. Han har ingen kommentarar til dommen på noverande tidspunkt.

NRK omtala dommen først.

Read Entire Article