– Risikoen er nesten null. Det er det som er trist, for her kunne vi gitt gebyr.
Det seier forbundsleiar Trude Sande i Yrkestrafikkforbundet (YTF) om risikoen for å bli oppdaga med ulovleg låg lønn på norske vegar.
I sommar deltok 380 utanlandske lastebilsjåførar i ei lønnsundersøking på Svinesund. Nå legg YTF fram resultata.
Forbundsleiar Trude Sande i Yrkestrafikkforbundet, YTF var med da undersøkinga blei gjennomført på Svinesund sommaren 2025.
Foto: Nicklas K. Sørbel / Nicklas K. Sørbel/YTFDei viser at dei dårlegast betalte sjåførane tener heilt ned i 9000 kroner per månad.
Det er langt unna lovpålagd minstelønn på 239 kroner timen.
– Utviklinga har gått tilbake med lønn, meiner vi, frå 2021 og til i dag, seier Sande.
Hadde sjåførane fått minstelønn, hadde dei hatt meir enn fire gonger så mykje i månadslønn.
Undersøkinga viser at knapt éin av fem utanlandske sjåførar oppgir at dei får norsk minstelønn når dei køyrer i Noreg.
Myndigheitene erkjenner at bransjen slit. Statssekretær Line Eldring i Samferdselsdepartementet seier til NRK at alle utsende sjåførar har rett på minstelønn.
– YTF si undersøking viser at det framleis er ein lang veg å gå, uttaler Eldring.
Bekymra for norsk lastebilbransje
Sande meiner låg lønn for utanlandske sjåførar har pressa heile bransjen.
– Det får jo ein konsekvens for norske lastebileigarar og norske lastebilsjåførar. Som blir fråtatt ein del av arbeidet sitt, seier ho.
– I lastebilbransjen så har jo lønna stagnert. Dei har følgt tariff, men når dei hadde nok av arbeid, hadde dei også ei anna lønn enn det dei har i dag.
Lastebileigarforbundet er også bekymra over funna i undersøkinga.
Kristian Bjerke er regionsjef for Østfold, Oslo og Akershus i Norges lastebileierforbund.
Foto: Nadir Alam / NRK– Det er overraskande og ikkje minst urovekkande, seier Kristian Bjerke, regionsjef for Østfold, Oslo og Akershus.
Han peikar på at det blir vanskeleg å konkurrere med transportørar som ikkje betaler tilsette lovpålagd minstelønn.
– Det betyr at dei har ein konkurransefordel, at dei kan køyre med lågare kostnader og tilby lågare prisar enn det medlemsbedriftene våre kan.
Fleire har ansvaret
Forbundsleiar Trude Sande i YTF meiner vi som forbrukarar må ta ein del av ansvaret for dei låge lønningane.
– Vi ønsker jo å kjøpe varer på nett, og helst få dei frakta heilt heim til døra utan å betale for det.
Ho meiner det alltid er nokon som må ta rekninga når kundar får gratis frakt.
– Det er nok ikkje han som sel vara, det er nok han som skal frakte vara. Og det overraskar meg at vi framleis trur at noko er gratis, for ingenting er gratis.
Lastebilar inn for teknisk kontroll hos Statens vegvesen på Svinesund
Foto: Odd Skjerdal/NRKBjerke i Lastebileigarforbundet minner om at lovar og reglar om minstelønn skal følgast. Det gjeld både arbeidsgivaren til sjåføren og dei som kjøper transportoppdrag.
– Eg trur veldig mykje hadde vore mykje enklare om dei som faktisk kjøpar transportoppdraga tar eit større ansvar for at lovar og reglar blir følgt, seier Bjerke.
Dette er i tråd med myndigheitene sin eigen strategi.
Statssekretær Eldring fortel at det er særleg utfordrande å følge opp dei utanlandske transportørane direkte. Derfor jaktar dei no på dei som kjøper tenestene.
– Dei siste åra har Arbeidstilsynet derfor dreidd innsatsen i retning av tilsyn med norske oppdragsgivarar si ettersjåplikt. Det blir jobba aktivt med dette, og Arbeidstilsynet har nasjonal aktivitet innan transport, der utsende sjåførar er ein del av målgruppa, opplyser Eldring.
Etterlyser nytt system på grensa
Både Bjerke og Sande etterlyser fleire kontrollar for å rydde opp.
Lastebileigarforbundet peikar på at medlemmene deira ikkje kan konkurrere med dei som har ulovleg låge lønningar.
– Det er ein uheldig situasjon, og det må myndigheitene ta tak i så raskt som mogleg, seier Bjerke.
Utanlandske lastebilsjåførar på Svinesund svarte på undersøking om lønn og arbeidsforhold.
Foto: Nicklas K. Sørbel / / Nicklas K. Sørbel/YTFSande vil ha eit kontrollsystem via Statens vegvesen på grensa. Eit system som liknar på det dei har når bilar blir plukka ut til tekniske kontrollar.
Ho meiner politiet, Arbeidstilsynet, a-krimsentre og Statens vegvesen bør kunne både legge inn og hente ut informasjon for å fange opp dei som bryt lova.
– Det er viktig at fleire kan handheve dette med minstelønn, seier Sande.
Eldring seier myndigheitene jobbar tett saman med partane gjennom eit eige bransjeprogram for transport, men er einig i at ting kan bli betre:
– Så er det klart at det er rom for forbetring. Det er også viktig at vi har fagforeiningar som følger opp problemstillingane om minstelønn for yrkessjåførar, avsluttar statssekretæren.
Publisert 25.04.2026, kl. 09.41










.jpg)





English (US)