Tenåringssensasjonen til VM-kvartfinale

3 days ago 12



30. desember 2024 kl. 22:52

Rundspelte i ein halvtime – så skjerpa United seg

Allereie etter 20 minutt låg Manchester United under 2–0 heime mot Newcastle – og det kunne ha vore endå meir.

Alexander Isak og Joelinton scora begge på headingar etter fine angrep. Både Isak og Anthony Gordon hadde i same periode gode sjansar – utan utteljing.

Uansett var United oppe i 18 baklengs i desember, noko som ifølgje BBC ikkje hadde skjedd sidan mars 1964.

– Amorim må begynne å lure på kva lag han har tatt over her, sa Viaplay-kommentator Andreas Toft.

Newcastle køyrde på vidare. Isak fekk eit mål annullert og Sandro Tonali hamra ballen i stonga.

Då hadde Ruben Amorim fått nok.

Etter 33 minutt vart Joshua Zirkzee tatt av bana og erstatta av Kobbie Mainoo.

– Eg forsvarer det bytet. Amorim måtte gjere noko, meinte Viaplay-eksperten Nils Johan Semb.

Etter bytet skjerpa United seg kraftig, og kom til fleire store sjansar utover i kampen. Men Newcastle heldt unna og vann det underhaldande oppgjeret 2–0.

Britain Soccer Premier League

Foto: Dave Thompson / AP
Read Entire Article