Dagen før ho set seg på flyet til VM i Egypt, møter NRK Jeanette Hegg Duestad i stallen i Nannestad.
Der har ho lada opp for å slå tilbake etter at OL i fjor enda i tårer.
Rakrygga fortalde ho pressa at ho var heilt tom då hennar tredje olympiske fjerdeplass var eit faktum.
OL-MEDALJEN GLAPP: Bilde med løyve frå IOC.
– Der og då så er det veldig tungt. Mest fordi OL er kvart fjerde år, og ein skal svelge det å vere nær ein medalje enda ein gong, seier tønsbergensaren om Paris-opplevinga.
No er ho klar for å slå tilbake når VM i pistol- og rifleskyting startar i Kairo laurdag.
Siktar mot hestesporten
Sjølv om 26-åringen er rangert som verdas beste i skytegreina 50 meter rifle heilmatch, har ho heile livet brukt mykje tid på hestelidenskapen.
At skyting skulle bli idretten hennar, var eigentleg berre eit reint slumpetreff.
Forholda låg meir til rette for hestesatsing, i ein familie der alle dreiv med hest i Tønsberg.
HEST ER NEST BEST: Ved sida av skytinga må Hegg Duestad stelle dei to hestane sine kvar dag. Når ho er på samling og konkurransar får ho hjelp.
Foto: Jonas Kroken Sævereide / NRK– Eg har lyst til å prøve og sjå kor langt vi kan nå saman.
Verdseinaren snakkar om hennar yngste hest, tre år gamle Diego.
Det er han som er Hegg Duestads framtidshåp på ridebanen.
I dag trenar dei saman på dressurriding, men ho fortel det foreløpig er for tidleg å seie kor god hesten kan bli.
DIEGO: Hegg Duestad beskriv den yngste av dei to hestane hennar som uredd og tøff.
Foto: Jonas Kroken Sævereide / NRKNår skyttaren har konkurransefri, nyttar ho allereie høvet til å ri stemner.
– Så håpar eg kanskje at den dagen eg ikkje skyt like mykje, at eg kan satse enda meir hest.
– Når blir det da?
– Det er veldig vanskeleg å seie. Eg skyt så lenge eg er motivert, seier Hegg Duestad og fortset:
– Om det er to år, fire år, seks år eller åtte år, er veldig, veldig vanskeleg å seie.
– Kan nå noregstoppen
Anne-Cathrine Sælleg er hestetrenaren til Hegg Duestad og driv også stallen i Nannestad der skyttaren har dei to hestane sine.
Ho trur eleven kan bli blant dei beste i Noreg.
– Om ho bestemmer seg for at no skal ho satse på riding, så skulle det ikkje forundre meg om ho blir ganske god, seier Sælleg.
– Ho kan nå noregstoppen.
TRENAR: Anne-Cathrine Sælleg har sjølv over 20 NM-medaljar i feltritt.
Foto: PrivatSælleg trekker fram Hegg Duestads idrettshovud som ein grunn til at ho kan bli særs god også i hestesport.
Trenaren fortel om ein fokusert elev som er enkel å undervise, og har lett for å lære.
– Ho er eit skikkeleg arbeidsjern, seier ho, og påpeikar at stige opp til eit internasjonalt nivå truleg vil bli for stort. Då må ein gjerne satse med fleire hestar verdt mange millionar, noko som er dyrt og krev sponsorar.
ØKONOMISK KREVJANDE: Jeanette Hegg Duestad skulle gjerne ha satsa med fleire hestar, men påpeikar at det kostar mykje pengar.
Foto: Jonas Kroken Sævereide / NRKRisikerer skadar
Svenske Jonas Edman kom inn som ny sportssjef i Noregs Sportsskytterforbund før denne sesongen.
Han vedgår at det medfører ein skaderisiko når Hegg Duestad driv såpass mykje med hest, men meiner at det totalt sett gir meir gevinst enn risiko.
– Eg trur ikkje ho blir ein betre skyttar i det heile av hestesport, men ho får det betre som person. Det gjer at ho totalt sett har betre føresetnader til å få maksimalt ut av skytinga, seier Edman.
SPORTSSJEF: Jonas Edman har sjølv tidlegare vore toppskyttar. I 2000 tok han OL-gull på 50 meter rifle.
Foto: TORU YAMANAKA / AFP / NTBTrenar Sælleg trur derimot ridinga er avgjerande for at ho skyt på eit såpass jamt godt nivå.
– Det er jo ho som er klart best, seier Sælleg og held fram:
– Eg trur ho får veldig mykje energi av å vere her. At det er bra for henne.
Hovudpersonen sjølv er også sikker på at ho hadde vore ein dårlegare skyttar utan hestane.
– Først og fremst fordi det er ein stad eg slappar av, og ein stad eg storkoser meg. Det er noko som betyr veldig mykje for meg. Og så set eg veldig pris på den kontakten eg får ha med desse, seier Hegg Duestad og ser på hesten Diego.
Mål om VM-medalje
Omgitt av ørken og pyramidar skal Hegg Duestad skyte VM-øvingar på både 10, 50 og 300 meter rifle dei neste ti dagane.
Ho reiser til det afrikanske kontinentet etter ein sterk sesong, med mellom anna to individuelle verdscupsigrar og EM-sølv på 50 meter heilmatch.
OL-NEDTURAR: Fjerdeplassen frå Paris 2024 var tredje gong Hegg Duestad hamna like utanfor pallen i OL. I 2021 fekk ho den sure plasseringa to gonger.
Foto: Amr Alfiky / Reuters / NTBHegg Duestad påpeikar at ho ikkje får påverka resultata til konkurrentane og har derfor ikkje sett seg noko konkret medaljemål i VM.
– Men etter den sesongen eg har hatt, så skal eg vere der og kjempe om dei, seier ho og legg til:
– Eg er skuffa om eg reiser heim utan å ha vore i nærleiken av å kjempe om dei medaljane.
Micky van de Ven løper fra egen sekstenmeter og scorer - bilder fra TV 2
Publisert 07.11.2025, kl. 18.37





















English (US)