Talet på overdosedødsfall i 2023 er det høgste talet på lenge: – Det vennane våre som døyr

1 month ago 36



– Det er vennane våre som døyr. Vi mista mange i fjor. Vi mista mange året før. Men så mange som i fjor har vi ikkje hatt.

Det seier Marianne Cook Pierron som er dagleg leder av HUSET Bergen.

Nye tal viser at talet på overdosedødsfall i 2023 er det høgste sidan 2001. Det var heile 363 narkotikautløyste dødsfall i fjor.

Vestland fylke toppar lista med 58 døde. Av desse er 39 i Bergen og ni på Askøy.

Henriette Wergeland jobbar som sosionom i rusfagleg team i Kirkens Bymisjon i Bergen, og er tett på rusavhengige. Ho reagerer på tala.

– Det er jo utruleg trist. Det er rett og slett heilt tragisk. Det er mange av dei dødsfalla som mest sannsynleg ikkje hadde trengt å skjedd. Det er så trist å tenke på, seier Wergeland.

Henriette Wergeland

Henriette Wergeland i Kirkens Bymisjon har møtt mange som har mista nære vener i overdose.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Ønsker brukarrom og testmaskin

Fleire hundre personar var torsdag samla på ein ruskonferanse i Bergen. Der var HUSET ein av arrangørane.

Ruskonferanse i Bergen.

Torsdag 30. mai var fleire hundre samla på «Vi kan alle gjere litt-konferansen» i Bergen.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Ifølge Dødsårsaksregisteret til Folkehelseinstituttet (FHI) har talet på overdosedødsfall stige jamt sidan 2013.

Pierron meiner at det må bli investert i førebygging for å unngå overdosedødsfall. I tillegg til nye strategiar, ei endring i samfunnet og konkrete mål.

Ho ønsker rusmiddel­testings­maskiner tilgjengeleg i byen. Og om overdosedødsfalla er ho klar.

– Alt er for mykje. Éin er for mange, seier Pierron.

Marianne Cook Pierron i HUSET på ruskonferanse i Bergen.

Marianne Cook Pierron i HUSET (til høgre) seier ruskonferansen i Bergen blir arrangert fordi det er ønske om samskaping, samsnakking og samhandling.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Morten Sommerbakk er leiar i Foreningen for human narkotikapolitikk Vestland.

Dersom Bergen kommune skal bli overdosefritt, meiner han at det trengst ei rustestingsmaskin og eit brukarrom i sentrum av byen trengst.

– Vi må slutte å vere moralistar, og skjøne at dette kan redde menneskeliv. Vi må begynne å sjå menneska. Vi har ikkje fleire å miste, seier Sommerbakk.

Morten Sommerbakk er leiar i Foreningen for human narkotikapolitikk Vestland. Her på ruskonferanse i Bergen.

Morten Sommerbakk synest tala på overdosedødsfall er tragiske. Han meiner mange av desse kunne vore unngått med å sette inn dei rette tiltaka. Mellom anna at ein må inkludere rusavhengige i samfunnet.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

– Del ut nalokson

Tala frå 2023 viser også at det har vore ein klar auke i dødsfall knytt til bruk av syntetiske opioid. 62 slike dødsfall i fjor er det høgaste registrerte talet noko sinne.

Wergeland har opplevd mange overdosar men jobben, og seier mange overlever dette.

– Ein av dei store grunnane til det er nalokson, motgifta mot opioid. Flest mogleg må ha det, seier Wergeland.

Morten Sommerbakk

Sommerbakk meiner nalokson kan redde liv.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Nalokson er noko Kirkens Bymisjon deler ut. Og å ha nalokson tilgjengeleg er noko Sommerbakk også trekkjer fram som eit av dei viktigaste tiltaka for å unngå overdosedødsfall.

– Gi masse nalokson. Del ut nalokson til alle, seier Sommerbakk.

– Det er kameratredning som kan redde liv, seier han.

Dette er noko Wergeland stadfestar.

– Ein ser at utruleg mange liv er blitt redda med å ha det tilgjengeleg, seier Wergeland.

Publisert 30.05.2024, kl. 19.50

Read Entire Article