Ulike partar i Syria gir sprikande opplysningar om kor mange IS-fangar som kan ha rømt etter kampar ved eit fengsel nordaust i landet.
Tala spriker kraftig.
Regjeringa i Damaskus og dei kurdisk-dominerte styrkane skuldar på kvarandre for det som har skjedd.
Den kurdiske nettavisa Rudaw, siterer talsmann for Syrian Democratic Forces også kjent som SDF-militsen Farhad Shami på opplysningane om at det skal dreie seg om rundt 1500 IS-fangar.
Måndag uttalte den syriske regjeringshæren at IS-medlemmer hadde rømt frå Shaddadi-fengselet.
Fengselet hadde fram til då vore kontrollert av dei kurdisk-dominerte styrkane i SDF. Styresmaktene oppgav ikkje tal på rømlingar.
Seinare natt til tysdag opplyste innanriksdepartementet at det var rundt 120 IS-fangar som hadde rømt.
Ifølgje styresmaktene er 81 av dei pågripne etter ein aksjon i og rundt byen Shaddadi.
– Arbeidet går føre seg med å pågripe også resten av rømlingane, heiter det i uttalen.
Regjeringshæren har skulda SDF for å ha sleppt IS-fangane fri. SDF avviser dette.
Militærmedlemmer samlast nær Raqqa-fengselet, der den syriske hæren kringset SDF-medlemmer etter at hæren tok kontroll over byen Raqqa, Syria, 19. januar 2026
Foto: Mahmoud Hassano / Reuters / NTBSkuldingar om våpenkvilebrot
SDF seier dei blei angripne, sjølv om det ligg føre ein våpenkvile mellom regjeringa og dei kurdiske styrkane aust i Syria.
Ifølge SDF mista dei kontrollen over fengselet etter harde kampar.
Gruppa seier at fleire titals kurdiske soldatar blei drepne eller såra då dei prøvde å forsvare fengselet mot angriparar.
SDF hevdar også at den USA-leidde koalisjonen ikkje greip inn, sjølv om dei bad om hjelp fleire gonger.
Koalisjonen blei oppretta under borgarkrigen for å nedkjempe den ytterleggåande islamistgruppa IS.
Måndag kveld innførte den syriske regjeringshæren portforbod, der fengselet ligg.
Byen skulle finkjemmast i jakta på IS-krigarar, heitte det i ei fråsegn referert av det statlege nyheitsbyrået Sana.
Syriske regjeringsstyrkar og lokale tilhengarar feirar at dei har tatt kontroll over byen Raqqa, den tidlegare IS-kontrollerte byen som sidan 2017 har vore under kurdisk kontroll.
Foto: Omar Albam / AP / NTBInterneringsleirar med IS-kvinner
Søndag kunngjorde regjeringa i Syria ein våpenkvileavtale med SDF.
Ifølge statlege medium inneber avtalen at regjeringa tar over kontrollen med interneringsleirar der IS-kvinner og barn sit.
Desse leirane har fram til no vore drivne av SDF.
Tre norske statsborgarar er internerte i desse leirane.
Blant dei er Aisha Kausar, som er terrorsikta i samband med skytinga i Oslo 25. juni. Ho nektar straffskuld.
Avtalen kjem etter fleire dagar med kampar der SDF har mista eller trekt seg ut av store område nordaust i Syria.
Den inneber også at SDF-styrkane skal integrerast i regjeringshæren, skriv Reuters.
Den syriske presidenten sit ved eit stort rundt bord og signerer ein avtale.
Foto: Presidenten i Den syriske arabiske republikk / TelegramRaude halvmåne-senter påtent
Leiaren for den London-baserte eksilgruppa Syrian Observatory for Human Rights (SOHR), Rami Abdulrahman, seier til det tyske nyheitsbyrået DPA at han fryktar ny uro dersom IS-fangar er på frifot
Samtidig ser regjeringshæren ut til å styrke kontrollen i område som dei kurdiske styrkane har trekt seg ut av.
Journalistar frå Reuters melde måndag at tryggingsstyrkar og militærpoliti har sett opp vegsperringar i Raqqa.
Der kontrollerer dei ID-papir.
Regjeringsstyrkar er også utplasserte ved olje- og gassanlegg i provinsen Deir ez-Zor.
Mellom anna ved det største oljefeltet i landet, al-Omar.
SOHR skriv også at eit kurdisk Raude halvmåne-senter i Hasaka-provinsen er blitt plyndra og sett i brann.
Regjeringslojale stammekrigarar blir skulda for å stå bak.
Kurdiske sjølvstyreområde i kraftig tilbakegang
Dei siste to vekene har styresmaktene i Damaskus gjennomført ein større offensiv mot kurdisk-kontrollerte område i nord og aust i Syria.
Offensiven starta i Aleppo. Der tok regjeringsstyrkar kontroll over to kurdisk-dominerte bydelar.
Deretter fortsette offensiven austover og sørover.
I helga gjekk SDF med på å gi frå seg kontrollen over Raqqa og Deir ez-Zor.
Dette er område der fleirtalet av befolkninga er arabiske.
Byane var også sentrale i IS-kalifatet under borgarkrigen.
SDF spelte ei avgjerande rolle i kampen mot IS. Dei tok kontroll over fleire byar med luftstøtte frå den USA-leidde koalisjonen.
No har dei kurdisk-styrte områda krympa kraftig.
SDF har framleis kontroll over Hasaka-provinsen.
Der ligg den kurdisk-dominerte byen Qamishli. Her har det kurdiske sjølvstyret administrasjonen sin.
I området ligg også dei største fengsla med personar som er skulda for å tilhøyre IS.
Publisert 20.01.2026, kl. 05.26 Oppdatert 20.01.2026, kl. 07.19









English (US)