Mannen frå Nordmøre er no dømt for å ha svindla til seg nær 3 millionar kroner.
Han er dømt for å ha svindla til seg 1,2 millionar frå Witzøe-firmaet Kvarv.
I tillegg lurte han ei kvinne til å gi han 1,5 millionar kroner, ved å gi inntrykk av at han ville investere i aksjar.
Han er også dømt for å ha lurt ei bilforretning til å bestille og tilpasse ein bil til han, med ein verdi på cirka 2 millionar.
I tillegg har han lurt ein mann til å overføre 340 000 kroner, og ei anna kvinne 60 000 kroner til kontoen sin.
Han er også dømt for dokumentforfalsking.
Han må no sone to år og seks månadar i fengsel. I tillegg til at han må betale tilbake pengane han svindla til seg.
Brukte pengane til eigne interesser
Politiet starta å etterforske saka, då ein person hadde meldt frå om at dei hadde blitt utsett for bedrageri av mannen i 50-åra.
Då politiet fekk sjå kontoutskrifter til nordmørsmannen, så fann dei også andre mistenkelege transaksjonar.
Politiet meiner at mannen har brukt pengane til eigne interesser.
Lurte Witzøe
Gustav Witzøe gav eit lån til mannen, som han trudde han skulle få betalt tilbake innan kort tid.
Foto: Rune PetterNessIfølge dommen lurte mannen Gustav Witzøe med at han var i ein vanskeleg økonomisk situasjon, og trengde pengar.
Han skulle betale tilbake Witzøe med pengar han skulle få i eit forsikringsoppgjer.
Han forfalska dokument for å få det til å sjå om som om han skulle få pengar frå forsikringa, men dette stemte ikkje.
Til saman fekk han ca. 1,2 millionar kroner frå Witzøe
Nordmørsmannen nekta for at han ikkje skulle betale tilbake pengane han lånte. Samtidig som han innrømma at han har forfalska dokumenta han sende til Witzøe.
Sa han skulle investere pengane
Mannen lurte også ei anna kvinne til å betale over 1,5 millionar kroner til han. Mannen sa at han skulle investere pengane for kvinna, og at ho kunne forvente seg avkasting på mange millionar.
Men pengane vart ikkje brukt til investering. Dei brukte manne sjølv. I retten forklarte han at pengane var lån eller gåver til han, fordi han var i ein vanskeleg situasjon. Dette trudde ikkje retten på.
Han fekk også om lag 60 000 kroner frå ei anna kvinne, der han sa han skulle investere pengane, noko han ikkje gjorde.
Han lurte også ein anna mann med at han skulle bruke om lag 340 000 kroner til å investere i eit bustadprosjekt. Dette gjorde han ikkje.
I dette tilfelle må han berre betale tilbake 300 000 kroner, då det er dette som er tilstrekkeleg dokument.
Mannen inngjekk også ein avtale om at han skulle kjøpe ein bil til ein verdi av rundt 2 millionar kroner.
Han betale aldri bilen, men hadde i lengre tid dialog med bilforhandlaren om at han skulle betale, som førte til at dei ikkje fekk seld bilen vidare.
Må betale tilbake mange millionar
No er han dømt til å betale tilbake om lag 3,1 millionar kroner til dei han svindla.
Når det gjeld bilen han skulle kjøpe, vart det inngått eit forlik med bilforhandlar på tilbakebetaling av om lag 1,1 millionar kroner.
I tillegg må han sone to år og seks månadar i fengsel.
Publisert 01.07.2026, kl. 11.00 Oppdatert 01.07.2026, kl. 11.32







English (US)