Høgre sin nestleiar Ola Svenneby meiner pride bør bli frigjort frå organisasjonen FRI.
Han meiner diskusjonen om pride er usunn, og at det då er foreininga sitt ansvar å finne ein felles grunn.
– Eg trur at om me hadde gjort pride-arrangementa til ei stifting, så hadde diskusjonen blitt litt sunnare, seier Svenneby.
FRI forstår ikkje kritikken.
– Me tenkjer at det er ein gode at pride-arrangementa har ein tilknyting til oss, rett og slett fordi me er knytt til meiningsdemokratiet og den skeive befolkninga, seier FRI-leiar Stephen Adom.
Han aviser at FRI er for kontroversielle og står i vegen for ein samlande pridefeiring.
At homofile Svenneby ikkje kjenner seg representert av FRI, synst Adom er dumt.
– Det synst me er veldig synd. Me jobbar trass alt for alle skeive, og det har me gjort i 76 år.









English (US)