– Svært alvorleg for Mette-Marit

2 hours ago 1



KOMMENTAR: Kronprinsesse Mette-Marits lungefibrose lungefibrose https://sml.snl.no/lungefibroseer nå livstrugande.

Kronprinsesse Mette-Marit helsar barnetoget i Asker 17. mai Foto: Lise Åserud / NTB
  • Solveig G. Sandelson

Publisert: Publisert:

For mindre enn 30 minutter siden

iconKommentar

Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Vi visste det jo. At det er alvorleg. Så kom det likevel brått på. Kronprinsesse Mette-Marit er sett på lista for lungetransplantasjon. Dei som står på den lista, er så sjuke at forventa levetid, utan nye lunger, er under 1–2 år. Avvegingane som legane gjer, er at du må vera så sjuk at det er einaste utveg, men samtidig ikkje så sjuk at du ikkje toler påkjenninga med operasjon og rehabilitering. Donor-lunger må i tillegg passa til kroppen din. Og dei må på plass i løpet av få timar etter at dei er henta ut.

Altså må dei som ventar, alltid vera klare på svært kort varsel.

Norge kan få donor-lunger frå andre land, som er nære nok til at det kan gå. Det seier seg sjølv at det ikkje er sikkert at det finst passande lunger til rett tid, for dei som står i køen.

For open scene

Dei siste vekene har vi sett kronprinsessa med nasekateter. Sjølv om det gir oksygenhjelp, gir det ikkje nok luft. Det er ikkje god nok hjelp, og det er inga varig løysing.

Nei, eg trur ikkje vi kan setja oss heilt inn i dette. Følelsen av ikkje å få nok luft. Av ikkje å vita om dette går godt. Av å stå i det, som 52-åring. Med ein vaksen son i fengsel, med to andre unge, vaksne barn som for ikkje lenge sidan budde heime. Og med heile landet informert om korleis helsetilstanden din er.

Det siste har dei valt sjølv. For også for kongelege er helseopplysningar privat. Men alt i 2018 fortalde Mette-Marit sjølv om diagnosen. Som ein den gongen håpa ikkje ville utvikla seg så fort. For lungefibrose kan koma i ulike utgåver, det er ikkje gitt korleis utviklinga for den enkelte blir.

For eit halvår

Jul i fjor, i det tradisjonsrike programmet «Året med kongefamilien», fortalde ho at det hadde blitt verre. Nokre dagar før, 19. desember, sende Slottet ut ei pressemelding: «I høst er det gjort flere tester som viser en klar negativ utvikling av Kronprinsessens helse. Legene på Rikshospitalet har derfor startet forberedelser med tanke på utredning for lungetransplantasjon.»

  • 26. januar i år sprakk Epstein-saka.
  • 3. februar i år begynte rettssaka mot sonen hennar, Marius Borg Høiby. Den gjekk fram til 19. mars.
  • 26. mars stilte Kronprinsessa, saman med Kronprinsen, opp til eit intervju med NRK om Epstein-saka.
  • 11. april såg vi henne for første gong med pustehjelp, under ei mottaking av Paralympics-deltakarane på Slottet.
  • 17. mai var det ikkje bunad, men kjole, flate sko, og ein stol å sitja på.
  • Snart fell dommen i straffesaka mot Marius Borg Høiby

Vi har vel ikkje ein gong vent oss til at ho må ha pustehjelp. Då ho første gongen viste seg med det offentleg, blei det spekulert i. Om det var regissert. Om ho gjorde det for å framstå som offer. Om det passa godt å gjera det for første gong når oppdraget var å møta Paralympics-utøvarar. Om det var eit forsøk på å flytta blikket vårt vekk frå alt dette andre.

Som om alt som er synleg, når du er kongeleg, også er regissert. Som om det som ikkje er synleg, eller ikkje blir sagt, blir forsøkt halde skjult, og forsøkt forteia.

Begge delar har alltid vore ein del av å vera kongeleg. Både for å kunna framstå som opphøgd nok, og for å bevara eit snev av privatliv. Det første nødvendig for å bevara institusjonen, det siste for å klara å stå i dette eit heilt livsløp. I vår tid, og særleg i Norge, må du samtidig klara visa deg som ei av folket, ei av oss.

Alvoret

Vi har sett kronprinsen korta ned det offisielle statsbesøket til Japan, sett prinsesse Ingrid Alexandra koma heim frå Australia, sett bilen deira stoppa ved Rikshospitalet. Fredag kom også pressemeldinga frå Kongehuset: Kronprinsesse Mette-Marit er sett på lista for lungetransplantasjon. Ho er alvorleg, livstrugande sjuk.

Sjølvsagt har det offentleg interesse, det er vår komande dronning det er snakk om. Det er vår komande konges aller nærmaste.

Men vi kan jo håpa på ein slags balanse nå. Mellom å få vita korleis det går, og å la henne og familien få nok ro. Sjølv om det skulle bety ein spekulasjon eller to mindre.

Publisert:

Publisert: 5. juni 2026 10:33

Read Entire Article