DEBATT: Kvifor er det slik?
Sol Hanasand Tvedt
Elev ved St. Olav videregående skole
Publisert: Publisert:
For mindre enn 40 minutter siden
Debatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.
Sidan 15. april 2023 har borgarkrigen mellom Sudanese Armed Forces (SAF) og gruppa Rapid Support Forces (RSF) utløyst ei veksande humanitær katastrofe i Sudan. Krigen som no har vore i gang i litt over to og eit halvt år har bidrege til verdas største fluktkrise, ein akutt svoltkatastrofe og tallause angrep mot sivile. Likevel er dette ein krig som knapt får plass i dei Norske nyheitssendingane.
Konfliktar og krigar vert ofte grundig omtalt i media. Krigen i Ukraina har prega nyheitsbildet i fleire år, og krigen i Gaza skaper stort engasjement både politisk og folkeleg. Dette er konfliktar som er viktige og som fortener omtale. Spørsmålet er ikkje om dei får for mykje merksemd, men kvifor det er slik at nokre krigar får massiv merksemd, medan andre nesten vert usynlege?
Store lidingar
Den brutale krigen i Nordaust-Afrika fører til uuthaldelege forhold for befolkninga. I april 2025 var det estimert at meir enn 150 000 menneske hadde mista livet i Sudan, i tillegg har 14 millionar menneske vorte drivne på flukt både internt og ut av landet. Krigen har gjort at heile 17 millionar barn står utan skulegang, og at omtrent 24,6 millionar menneske svelt i Sudan.
Problemet er ikkje at vi bryr oss om konfliktar som påverkar Europa direkte, det handlar om at verda er langt større enn dei konfliktane som får plass i dei norske nyheitssendingane. Media vert ofte omtalt som «The People´s Watchdog» fordi dei har rolla om å formidla informasjon som gjer at folk kan delta i samfunnsdebatten og ta bevisste val. Når media har denne viktige rolla i samfunnet må dei også rette det same kritiske blikket mot konfliktar som kanskje ikkje gir store overskrifter, sterke bilete eller økonomiske gevinstar.
Korte notisar
Likevel vert krigen i Sudan stort sett redusert til korte notisar, dersom han vert nemnd i det heile tatt. Når dei offentlege media overser ei av verdas største humanitære katastrofe svekkjer vi det internasjonale presset som kunne ha redda liv. Manglande merksemd gjer det også lettare for krigførande partar å halde fram med overgrep utan frykt for konsekvensar. Stilla vert ein fordel for dei som tener på at uskuldige menneske døyr, svelt og lir.
Sudan-krigen er dessverre ikkje eit unntak, men eit døme på eit større problem, at mange av verdas mest brutale konfliktar vert ståande i skuggen. Frå Jemen til Den demokratiske republikken Kongo, frå Myanmar til Syria. Land kor enorme humanitære kriser utspelar seg kvar dag utan at resten av verda vert opplyst. Når lidingane ikkje vert vist, blir dei heller ikkje forstått, og dermed heller ikkje prioritert.
Publisert:
Publisert: 15. februar 2026 20:08

2 hours ago
2




English (US)