Saken oppsummert
- «Fast furniture» har ført til auka forbruk og dårlegare kvalitet på møblar.
- Forbruket av møbler i Norge har tredobla seg dei siste 30 åra.
- Vel kortreiste og naturbaserte materiale for meir berekraftige møbelvalg.
- Vurder kva behova dine faktisk er.
Oppsummeringen er laget med kunstig intelligens (KI) fra OpenAI. Innholdet er kvalitetssikret av TV 2s journalister. Les om hvordan vi jobber med KI
Følar du at møblar har blitt dårlegare over åra?
Det er ikkje noko du berre har fått for deg. «Fast furniture» har endra korleis me produserer møblar.
Ifølgje Framtiden i våre hender så har forbruket av møblar over tredobla seg dei siste 30 åra. I snitt forbrukar kvar nordmann 64,9 kg møblar årleg.
Meiner nordmenn har «interiørbulimi»
«Fast furniture» brukar billigare materiale og arbeidskraft. Det gjer at møblane er billigare: Samstundes må du erstatte dei mykje oftare. Dette kostar både pengar og miljøet i lengda.
Heldigvis finst det fleire triks du kan bruke for å finne ut om eit møbel både toler tidas test og er bra for naturen: Både i butikken og på nett.
– Jo fleire som spør, jo betre
Irmeline de Sadeleer er forskingsleiar ved Norsk Institutt for Berekraftsforsking (NORSUS), og koordinator for forsking på møblar og tekstilar.
Ho har fleire råd om kva du bør tenke på medan du står i møbelbutikken.
– Kjøp gjerne kortreiste og naturbaserte materialar.
Om valet står mellom teak frå Indonesia og norsk furu, til dømes, bør du gå for det sistnemnde.
Det er og ein stor bonus om det enkelt å halde ved like: Då aukar levetida betrakteleg.
– Det kan vere at det har enkle overflater å pusse, eller at du kan lakke det sjølv. Så er det gjerne enklare å handtere tre enn plast. Om du først får ei ripe på eit plastbord eller ein plaststol, så ser det kanskje ikkje så fint ut.
Om du er usikker på kva materiale møbelet er laga av, eller kor det kjem frå, så kan du spørje dei tilsette.
– Openheitslova viser til at du skal ha kontroll over verdikjeda di. Så produsentane skal vite kor ting kjem frå. Og jo fleire som spør, jo betre er det.
Trevirke har til dømes FSC-sertifiseringa, som sikrar at skogbruket har tatt omsyn til miljø og sosiale forhold. Openheitslova seier ikkje direkte at du har rett på å vite kor materiala kjem frå, men det er likevel ein sjanse for at dei veit det.
Samstundes ønsker de Sadeleer ikkje å peike ut nokre materiale som verstingar. Berekraft er ikkje like svart-kvitt som mange trur.
– Det er ikkje noko som er berekraftig og noko som ikkje er det. Det kjem an på kva du ser det opp imot.
Ho peiker på sponplater som eit døme.
– Om møbelet er brukt så er det kanskje heilt OK at det er laga av sponplater. Og om det er sponplater produsert av nabofabrikken din, så er det betre enn om det er spon frå andre sida av kloden.
Ver obs på dupedittar
Vidare rår ho folk om å sjå etter eit tidlaust design. Då er sjansen mindre for at du går lei, eller at det ikkje passar inn med resten av heimen din om nokre år.
Du kan og sjå på korleis møbelet er sett saman. Er det limt eller skrudd saman? Dra og rist for å sjå kor stødig det er, og undersøk kva slags delar det består av.
– Det er lurt å sjå på konstruksjonen, om han har deler du kan skifte ut eller reparere. Moduloppbyggingar kan vere fine.
Ho ber folk om å tenke seg litt om før dei kjøper møblar med elektronikk og dupedittar.
– Eit døme på det er heve-senke-funksjon på ein pult. Det kan auke miljøbelastninga og risiko for feil. Du bør berre investere i det om du opplev at du verkeleg har behov for det.
Spørsmål å stille deg sjølv
Det viktigaste er å vite kva behova dine er. Desse spørsmåla kan hjelpe deg å unngå eit bomkjøp som du må kaste:
- Kor skal møbelet vere? Hos ein student, eller ein småbarnsfamilie?
- Skal eg flytte med møbelet i nær framtid?
- Kor mykje skal møbelet tole?
- Likar eg dette møbelet godt nok til å kunne reparere det i framtida?
Sjå på bileta
Om du handlar møblar på nett kan du få fleire utfordringar. Der er det langt fleire aktørar som sel «fast furniture», og du kan ikkje bruke sansane dine.
På nettstaden The Conversation skriv Katryn Furmston, førsteamanuensis ved Nottingham Trent University og møbeldesignar, at bilete kan vere med å avsløre kvaliteten til møbla.
Om bileta på nettstaden ser ut som 3D modellar så kan vere eit mogleg teikn på låg kvalitet. Det kan kanskje tyde på at produsenten ikkje har tatt seg tid eller råd til ha ein fotoshoot.
Det same gjeld om det berre er eitt eller to bilete, eller om dei har ein kvit bakgrunn.
Hugs òg at du har rett til å klage på øydelagte møbel. På Forbrukarrådet sin nettstad står det at du kan klage i inntil fem år om skada skuldast dårleg kvalitet på produktet. Om du kjøpar frå ein privatperson kan du klage i to år.
De Sadeleer understrekar at det viktigaste er å alltid tenke seg om før eit kjøp. Det kan vere at du kan repare eit møbel du allereie har.
– Det mest miljøvennlege møbelet er jo det som ikkje blir kjøpt, seier ho til slutt.






English (US)