Studiegjelda aukar – ein av åtte har opp mot 800.000 kroner i studiegjeld

1 day ago 4



– Det er kjedeleg å starte å betale på det i etterkant, men det har vore verdt det undervegs, seier Karen Høyland Ollestad.

25-åringen frå Sandnes var ferdig med mastergraden sin frå Universitetet i Stavanger i fjor. No er ho i full jobb, og har starta å betale på studielånet.

Andelen studentar som avsluttar utdanninga deira med høg studiegjeld aukar, viser ny rapport frå Lånekassa.

I fjor hadde 12 prosent av nyutdanna studentar mellom 600.000 til 800.000 kroner i studiegjeld. Medan i 2019 var det berre 8 prosent av dei nyutdanna som hadde like mykje gjeld.

I 2024 var gjennomsnittsgjelda på 457.000 kroner. I 2015 var den på 391.000 kroner (omrekna til 2024-kroner).

Siviløkonom Hallgeir Kvadsheim meiner det er fleire årsaker til at gjelda aukar.

– Inflasjonen har vore høg på mat, drikke og bustadkostnadar. Det er dette studentane slit mest med.

I tillegg blei det i 2019 endra frå 10 månadar med studiestøtte og studielån, til 11 månader. Det er og ein årsak til at studiegjelda aukar, meiner Kvadsheim.

Siviløkonom Hallgeir Kvadsheim.

Siviløkonom Hallgeir Kvadsheim, som er kjent frå TV-serien Luksusfellen meiner dyrare prisar har gått hardast utover studentane.

Foto: Rolf Petter Olaisen

– Men det er framleis eit veldig godt lån, uavhengig om det aukar, seier Kvadsheim.

Kjetil Moen er direktør i Lånekassa. Han seier lånet Lånekassa gir har auka meir enn den ordinære prisjusteringa dei siste åra.

– I tillegg har det kome nye ordningar med moglegheit for å låne meir, og mellom 2017 og 2020 skjedde det dessutan ein gradvis utviding frå ti til elleve månader med studiestøtte, seier Moen.

– Blir straffa for å jobbe

Sjølv om fleire har høgare gjeld enn før, har også fleire studentar no inntekt eller formue over grensa til å få lån eller stipend.

Sjølv arbeidde 25-åringen medan ho tok mastergraden, og fekk meir lån sidan ho mista delar av stipendet på grunn av inntektsgrensa.

Karen Høyland Ollestad

Høyland Ollestad tok bachelorgrad i økonomi og leiing på BI i Oslo før ho tok resten av utdanninga heime i Rogaland.

Foto: privat

– Det er dumt at ein blir straffa for å ville jobbe, tene pengar og få relevant erfaring, seier Høyland Ollestad.

Meiner det ville vore dyrt og urettferdig

Men kunnskapsdepartementet seier det førebels ikkje er snakk om å auke inntektsgrensa.

– Å auke grensa med til dømes 50.000 vil koste 470 millionar kroner, og i størst grad gå til dei som har mest frå før. Det ville vore både dyrt og urettferdig, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland (Ap).

Ho seier vidare at vi har ei god studiestøtte i Noreg, som gjer alle lik rett og moglegheit for utdanning. Men ho erkjenner at det har vorte dyrt for studentar.

– Vi har derfor prioritert å auke studiestøtta for alle, og frå hausten 2025 vil studentane ha meir enn 40.000 meir å rutte med i året, samanlikna med da regjeringa tiltrådte, seier Aasland.

Inntektsgrensa for å få stipend frå Lånekassa i 2025 er 224.709 kroner.

Medan formuesgrensa for stipend er 511.220 kroner

– Eg forstår at dei må sette ei grense, men eg synest at den er litt låg, seier Høyland Ollestad.

Synest du grensa er for låg?

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

Analysen frå Lånekassa viser også at 86 prosent av studentar jobbar under utdanninga.

Til studentane som vil unngå unødvendig mykje studielån, har Kvadsheim eit råd.

– Ein bør jobbe inntil inntektsgrensene. Med for eksempel at ein jobbar i feriane og kanskje litt ekstra deltid.

– Hald deg til planen

Og til dei ferdigstuderte meiner ekspert Kvadsheim at det viktigaste er å følge nedbetalingsplanen.

– Men ikkje betal ned ekstra på det om ein samtidig har andre lån, som på bil eller bustad. For studielån er gjerne det siste ein sit igjen med sidan det framleis er eit godt lån. Sjølv om lånebeløpet er høgare enn for fem til ti år sidan, seier Kvadsheim.

For den nyutdanna studenten fekk ho første førespurnad om tilbakebetaling i år.

– Eg starta å betale tilbake med ein gong, for om ikkje utset ein berre problemet. Men eg forstår sjølvsagt at ikkje alle klarer det, seier Høyland Ollestad.

Publisert 12.06.2025, kl. 06.02

Read Entire Article