DEBATT: Studentane er framtida. Dei treng ein rimeleg stad å bu medan dei utdannar seg. No må politikarane ta studentane på alvor. Studentar i studentbustader treng ikkje endå høgare husleige. Gi studentsamskipnadene tilgang til norgespris, no.
Knut Solvig
Studentleiar i Stavanger
Publisert: Publisert:
For mindre enn 20 minutter siden
Debatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.
Vestlandet har blitt ein stad der prisane er skyhøge. Det gjeld ikkje berre inngangen til bustadmarknaden, men òg straumprisen. Straum er prisa dynamisk, og så lenge prisane var låge, var dette noko dei fleste av oss knapt tenkte over. I dag er situasjonen ein heilt annan.
For 2026 viser prognosane ein gjennomsnittleg spotpris på om lag 80 øre per kilowattime. Det er svært høgt, særleg når ein tek i betraktning at straumforbruket er lågast og prisane ofte lågare om sommaren. Kva betyr dette for rekninga i desember, når forbruket er på sitt høgaste?
Mange vil innvende at vi allereie har straumstøtte og Noregspris. Det er riktig. Straumstøtta har hjelpt mange hushald gjennom ein krevjande periode og gitt litt betre økonomisk føreseielegheit. Likevel har det vore behov for noko meir. Straumen måtte bli både billigare og meir føreseieleg.
Ordninga gjeld ikkje studentar
Norgespris er ei ordning der hushald kan binde seg til ein fast straumpris på 50 øre per kilowattime. Ein betaler verken meir eller mindre enn dette. Om sommaren kan ein tape noko samanlikna med spotpris, medan ein om vinteren sparer betydelege beløp. For mange gir dette etterlengta tryggleik i kvardagsøkonomien.
Men her kjem problemet: Studentbustader er i dag ikkje omfatta av ordninga. Studentsamskipnaden i Stavanger har ikkje høve til å tilby Noregspris til studentane sine, sjølv om dei ønskjer det. Konsekvensen er at høgare straumkostnader må dekkjast inn, noko som i praksis betyr høgare husleige. Dette går direkte ut over studentane sin økonomi, som allereie er stram.
Eg har sjølv gått frå å bu i studentbustad til å eige bustad, eit rekkehus i eit burettslag. Eg slit med å forstå kvifor eg no har rett på norgespris, medan ein student i studentbustad ikkje har det. Kva er den prinsipielle forskjellen på å bu i eit rekkehus og å bu i ein studentbustad? Begge deler er heimar.
Stortinget har no til handsaming eit forslag om å gi studentbustader tilgang til norgespris. Det er positivt. Men det er ikkje nok å «sjå på saka». Forslaget må vedtakast, og regjeringa må følgje opp. Det er lite rettferdig at studentar skal betale spotpris, medan resten av befolkninga får tilgang til norgespris og sit att med meir pengar ved slutten av månaden.
Byråkrati hindrar studentvelferd
Årsaka til at studentbustader i dag fell utanfor ordninga, er i hovudsak teknisk. Ordninga er knytt til straummålarar, ikkje til talet på bueiningar. I mange studentbustadkompleks deler fleire bustader éin felles straummålar. Dermed blir grensa på 5 000 kilowattimar per månad raskt overskriden, og norgespris fell bort.
Dette er ikkje eit godt argument for å halde studentbustader utanfor. Løysinga er enkel og allereie foreslått, mellom anna av SV: Det bør opnast for at straumstøtte og Noregspris kan reknast per bueining, også når målinga skjer samla. Lova opnar allereie for slike mellombelse løysingar.
Og mellombels er nettopp det dette er. Verken norgespris eller dei ekstreme straumprisane kjem til å vare evig. I mellomtida bør målet vere at folk betaler ein rimeleg og føreseieleg totalpris, ikkje at systemet skal vere perfekt ned på kvar einaste målar.
Publisert:
Publisert: 21. januar 2026 12:16

2 hours ago
1





English (US)