Straumsjokk: Noreg sette historisk forbruksrekord

1 day ago 3



Mens kaffitraktarar, elbilladarar og industriomnar gjekk for fullt over heile landet, registrerte Statnett onsdag morgon eit forbruk på 25.309 megawattimar (MWh) i løpet av ein enkelt time.

Det kalde vêret over store delar av Noreg medfører at vi no bruker meir straum på oppvarming og det er nok hovudforklaringa på den nye rekorden, seier Peer Olav Østli konserndirektør for systemdrift og marknad i Statnett.

Den nye rekorden slår den førre rekorden frå 2021 med 79 MWh, noko som svarer til det timelege forbruket til 3000–4000 gjennomsnittlege einebustader.

Stakaldefoss kraftverk er eit vasskraftverk i Sunnfjord kommune i Vestland.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen

Vi ser at forbruket vil auke

Det er ikkje berre vinterkulda som driv tala til vêrs.

Den nye rekorden kjem også som eit resultat av ein langvarig trend der Noreg byter ut fossil energi med elektrisitet.

Vi ser at forbruket framover vil auke, derfor er det viktig at vi utnyttar det nettet vi har parallelt med at vi bygger nytt nett, seier Østli.

Straumproduksjonen i same time som rekorden blei sett, var 26.978 MWh. Altså noko høgare enn forbruket.

Prishopp i enkelttimar

Den høgaste straumprisen i dag er mellom klokka 17 og 18 i Sørvest-Noreg. Då vil straumprisen ligge på 1,78 kroner per kilowattime (kWh).

I Midt-Noreg blir den 1,12 kroner, i Nord-Noreg blir den 0,47 kroner, og i Vest-Noreg blir den 1,7 kroner.

Fleire faktorar av avgjerande for kva norske straumkundar må ut med.

1. Knappleik gir prishopp i enkelttimar

Straumprisen blir fastsett etter tilbod og etterspørsel. Når etterspørselen når 25.309 MWh, må dei dyraste kraftkjeldene (ofte gasskraft frå Europa eller eldre, mindre effektive verk) takast i bruk for å dekke behovet.

For dei som har spotprisavtale betyr dette at «morgonrushet» blir dyrare enn resten av døgnet.

2. Kapasitetsleddet i nettleiga

Forbruksrekordar handlar ikkje berre om mengda energi, men om effekt (kor mykje du bruker samtidig). Dei fleste nettleigemodellar i Noreg i dag har eit kapasitetsledd basert på månadstoppane «dine».

Dersom denne nasjonale rekorden blir spegla i din eigen heim – ved at du lada bilen samtidig som induksjonstoppen og varmekablane stod på – kan du risikere å hoppe opp eit hakk i «nettleige-trappa», noko som gir ein høgare fastpris på neste faktura.

3. Europeisk «prissmitte»

Noreg er normalt sjølvforsynt, men ved slike ekstreme forbrukstoppar må vi ofte importere kraft via mellomlandssambanda.

Om det på same tid er kaldt og lite vind i Tyskland og Storbritannia, så «importerer» vi prisnivåa deira.

  • Dunkelflaute

    NRK

    7 faktorar som påverkar straumprisen

    «Dunkelflaute» er eit tysk omgrep som kan omsettast med «mørkt-vindstille», og beskriv ein situasjon der vindturbinane står stille og vintermørket slår inn over solkraftanlegga.

  • LÅGE TEMPERATURAR

    Roar Andre Berntsen / NRK

    LÅGE TEMPERATURAR

    Når kulda set inn aukar behovet for oppvarming i bustader, kontor og offentlege bygningar. Felles tidssone gjer at «toppane» hender nesten samtidig i dei ulike europeiske landa.

  • PRISSMITTE

    NRK

    PRISSMITTE

    Under den såkalla «straumpriskrisa» i 2022 sa Statnett at dei nye kablane til Tyskland og England var forklaringa på «rundt 10 prosent av dei svært høge prisane». Riksrevisjonen har tidlegare kritisert Statnett for «varierande kvalitet» på analysane sine.

  • Tysk atomkraftanlegg i Essenbach

    Armin Weigel / AP / NTB

    FÆRRE KOLKRAFT- OG ATOMKRAFTVERK

    Nedstengde atomkraftverk og kolkraftverk i Tyskland som stenger før tida aukar presset på det europeiske kraftsystemet. Kampen mot atomkraft har vore ein symboltung del av den tyske miljørørsla sidan 70-talet, og i 2011 vedtok landet å avvikle all atomkraft innan 2022 etter atomulykka i Fukushima. Fleire tyske politikarar har seinare karakterisert vedtaket som eit «forhasta feilsteg».

  • Vi ser den gule flammen frå et tårn som brenner gass, fakling. Det er et kvitt piggtrådgjerde framfor tårnet. Ein haug med rør ligg på bakken som ikkje er installert. Skylaget i bakgrunnen er grått, og framhevar flammen.

    Hilda Lishaugen Nyfløt / NRK

    GASSPRISEN

    Etter at Russland strupte gasstilførselen har Europa blitt meir avhengig av gass (LNG) frå USA, som i tur og orden må kjølast ned, fraktast og til sist tinast opp igjen. Det kostar pengar, og driv i sin tur straumprisen opp. I rapporten Økonomiske utsyner, som blei publiserte i november, varslar EU-kommisjonen at dei ventar «jamt høge» energiprisar fram til 2026.

  • Vasskraftverk Aurlandsdalen

    NRK

    AVGRENSA KAPASITET

    Vatn lèt seg ikkje omgåande konvertere til straum. Sjølv om «fyllingsgrada» er god og vassmagasina nesten renn over, kan ikkje norske vasskraftverk produsere meir kraft enn reimar og tøy kan halde. I tillegg er det avgrensa kapasitet i kraftnettet.

  • Prisane på utsleppsrettar i det europeiske kvotesystemet for CO (EU ETS) har auka dei siste åra. Dette påverkar kostnadene for kraftverk som bruker fossile brensel, som gass- og kolkraftverk. I dag l

    AP

    HØGARE KVOTEPRIS

    Prisane på utsleppsrettar i det europeiske kvotesystemet for CO₂ (EU ETS) har auka dei siste åra. Dette påverkar kostnadene for kraftverk som bruker fossile brensel, som gass- og kolkraftverk. I dag ligg dei tyske framtidskontraktane på straum på meir enn 1 krone per kilowattime – både for 2025 og 2026.

4. «Noregspris» og støtteordningar

Før jul annonserte regjeringa at norske straumkundar har spart 1,6 milliardar kroner på Norgespris.

Summen tar utgangspunkt i kva den same straumen ville kosta på spotprismarknaden. I røynda ville «den vanlege straumstøtta» tatt brodden av dei verste pristoppane.

Basert på forventningar til kraftprisen og kor mange som vil velje ordninga, tar regjeringa høgde for å bruke 9,1 milliardar kroner på noregspris i løpet av 2026.

Summen er omdiskutert, og fleire ekspertar meiner at staten har «bomma grovt» i estimata sine.

Sjå fleire innvendingar mot Noregsprisen under.

  • Pengar

    Gorm Kallestad / NTB

    Kritikk #1

    Ordninga gir mest til hytteeigarar og dei som har mykje frå før, og mindre til låginntektsgrupper og andre som «faktisk treng ei handsrekking».

  • Acer-demonstrasjon utanfor Høgsterett 2023

    Frederik Ringnes / NTB

    Kritikk #2

    Støtta er ein potemkinkulisse som tilslører at det trengst meir radikale grep. «Det er eit paradoks at staten bruker milliardar på subsidiar for å sminke eit underliggande marknadssystem som er dysfunksjonelt», skriv Klassekampen-kommentator Bjørgulv Braanen.

  • Fastpris stimulerer til auka straumforbruk og svekker motivasjonen for energieffektiviseringstiltak. Kraftanalytikar Olav Botnen i Volt Power Analytic siger til Dagens Næringsliv at ordninga kan auke

    Colourbox / colourbox.com

    Kritikk #3

    Fastpris stimulerer til auka straumforbruk og svekker motivasjonen for energieffektiviseringstiltak. Kraftanalytikar Olav Botnen i Volt Power Analytic seier til Dagens Næringsliv at ordninga kan auke straumforbruket med 10 prosent.

  • Luftfoto Holmestrand vinter Speira (tidl. Hydro Aluminium)

    H. Philip Hofgaard / NRK Luftfoto

    Kritikk #4

    Om hushaldningane brukar meir av straumen og straumen er knapp, så blir det mindre straum att til industrien.

  • Auka kunnskap om samanhengen mellom kraftproduksjon og kapasitet i nettet kan brukast i dimensjoneringa av framtidige kraftleidningar.

    Heimdall Power

    Kritikk #5

    Auka forbruk skaper meir press i topplasttimane der nettet allereie i dag blir pressa det reimar og tøy kan halde.

  • solkraft

    Kritikk #6

    Ordninga demper investeringene i solkraft, og gjer energieffektivisering mindre attraktivt

  • Dagleg leder i Baker Hansen trekker tralle med brød ut av stekeovnen.

    Peder Martin Bergholt / NRK

    Kritikk #7

    Ordninga omfattar ikkje bakaren, slaktaren og andre næringar, som framleis må ut på den «vanlege marknaden».

  • Martin Bech Holte.

    NRK

    Kritikk #8

    Straumstøtta inngår i ein større klientifisering der Ola Nordmann blir slapp og venner seg til stadig nye «almisser» frå myndigheitene. Jf. systemkritikken i «Landet som ble for rikt» av Martin Bech Holte.

  • Landsmøte i Arbeidarpartiet 2023

    Heiko Junge / NTB

    Kritikk #9

    Arbeidarpartiet er ikkje er ideologisk konsistente. I februar 2023 sa Jonas Gahr Støre (Ap) til NRK at ein makspris på 70 øre kilowattimen kunne føre til «kraftkollaps». Året før, under straumpriskrisa, sa han at «makspris kan verke forlokkande», men at det var «vektige grunnar» til stå i mot freistinga til å overstyre marknaden.

Publisert 07.01.2026, kl. 13.37

Read Entire Article