Stor væpna aksjon i Åsane: Har lokalisert mann som skyt mot politiet

1 hour ago 2



Politiet lokaliserte mannen som skyt like etter klokka 10 onsdag morgon.

– Mannen sit inne i sin eigen bustad og rettar skot mot politiet sine køyretøy, opplyser operasjonsleiar Bjarte Rebnord i Vest politidistrikt.

Ingen personar skal vere skadd.

Det er mange politiressursar på staden. Mannskapa er væpna.

Også brannvesen er på staden, opplyser Tore Fanebust i 110 Vest.

– Vi har ein bil i beredskap i tilfelle det blir behov.

Politiaksjon Åsane

Det er fleire ambulanser og politibiler rundt eigendommen i Åsane der ein mann skyt mot politiet.

Foto: NRK / NRK

Hei!

Har du tips i denne saka? Ta gjerne kontakt!

Nabo høyrde fleire skot

NRK har vore i kontakt med ein nabo som har høyrt fleire skot.

– Eg har hatt kontakt med andre naboar for å høyre kor dette kan kome frå.

– Vi har fått beskjed frå politiet om å halde oss innandørs og ikkje vere nære vindauge.

Det var rett etter klokka ni fekk politiet fleire meldingar frå ulike personar om at nokon skaut i området.

Politiet har tidlegare fått meldingar om ein namngitt person som har skote på blink på eigen eigedom.

Det opplyser Rebnord, som sjølv høyrde skot over telefonen.

Skytinga føregår i Åsane i Bergen nord.

Publisert 18.02.2026, kl. 10.18 Oppdatert 18.02.2026, kl. 10.59

Read Entire Article