Stortinget diskuterer kortare arbeidstid for småbarnsforeldre

1 week ago 14



Klokka er litt over fire da ukrainske Yev Kovalenko opnar grinda til Solsida barnehage i Førde.

Aziia, du er henta, seier dei andre barna.

Yev og dottera Azia kom til Noreg for eit snautt år sidan, men noko er ved det same:

Tidsklemma idet arbeidsinnspurt, henting, middagsinnkjøp og trafikkork kulminerer i «ein perfekt storm» mellom klokka fire og fem kvar einaste dag.

Hentefri? seier Yev, på litt nølande norsk.

Det har han ikkje høyrt om.

But it sounds like a good idea.

Heime ventar kona og deira nyfødde son på tre månader.

Klokka er litt over fire da ukrainske Yev Kovalenko opnar grinda til Solsida barnehage i Førde.

Vil gjere det lettare å få kvardagen til å gå opp

«Hentefri» er namnet på den nye handsrekninga til småbarnsforeldre som landsmøtet til MDG vedtok denne helga.

Målet er å gjere det lettare å få kvardagen til å gå opp, forklarte leiar i programkomiteen i MDG, Hildegunn Seip, på Politisk kvarter.

Tiltaket inngår i ein «ny visjon for arbeidslivet» og det MDG meiner bør vere den nye velferdsreforma i Noreg: fritid.

Fleire studiar viser at krysspresset mellom jobb og familieliv fører til stress, utbrentheit og depresjon – særleg hos kvinner.

Regjeringar med ulike partifargar seier det same: At vi må føde fleire barn, samtidig som dei som jobbar deltid bør opp i fulle stillingar. Det heng ikkje saman, seier MDG-nestleiar Lan Marie Berg.

I ei undersøking utført av Institutt for samfunnsforsking oppgir norske kvinner i snitt at dei ønsker seg 2,4 barn. Tal frå SSB viser at «fasiten» er lågare.

I mars blei det norske fruktbarheitstalet målt til rekordlåge 1,4 barn per kvinne.

«Hentefri» er namnet på den nye handsrekninga til småbarnsforeldre som landsmøtet til MDG vedtok denne helga.

Vi må prøve nye grep for å ta tida tilbake

Barne- og familieminister Kjersti Toppe seier til NRK at ho er bekymra over utviklinga og at tendensen til færre fødslar er enda meir dramatisk og «uforståeleg» i Noreg enn hos dei nordiske naboane våre.

Lan Marie Berg koplar dei fallande fødselstala til «kulturelle» utviklingstrekk som stikk djupare enn dei politiske.

Som samfunn treng vi å prøve ut nye grep for å ta tida tilbake, og få meir pusterom og fleksibilitet, seier ho.

Sist veke varsla ho sin avskjed frå politikken. I Dagens Næringsliv presiserte ho at det ikkje handla om småbarnsliv og tidsklemme.

Avisa gjorde likevel eit poeng av at ho i selskap med Tina Bru, Kari Kaski og Hadia Tajik inngår i ei rekke av «profilerte, kvinnelege småbarnsmødrer i 30-åra» som av ulike grunnar ikkje tar attval til Stortinget.

I tillegg til «hentefri» vil MDG gjennomføre forsøk med fire dagars veke og sekstimarsdag i offentleg sektor.

lan-marie-berg

– Som samfunn treng vi å prøve ut nye grep for å ta tida tilbake, og få meir pusterom og fleksibilitet, seier Lan Marie Berg.

Foto: Milana Knezevic / NRK

Vi ønsker å gi alle familiar meir tid

Velkommen etter, er responsen frå KrF.

I januar sa partiet at foreldre med småbarn burde få gå ned til 80 prosent stilling med lønnskompensasjon.

– Våre forslag er ikkje avgrensa til henting i barnehagen. Vi ønsker å gi alle familiar meir tid, la dei styre sin eigen permisjon og nyte auka barnetrygd, kontantstønad og eingongsstønad, seier KrF-leiar Olaug Bollestad.

Ho legg til:

Berre innanfor slike rammer vil fleire ønske å få fleire barn.

Sjå fleire reaksjonar på «hentefri»-forslaget under.

Mimir Kristjansson

Øystein Otterdal NRK

Mimir Kristjansson, Raudt

– Vi deler visjonen om at meir fritid må vere den neste store velferdsreforma. Det er over hundre år sidan fekk åttetimarsdagen, nå er tida overmoden for å gå vidare i retning sekstimarsdag eller firedagarsveke. Derfor vil vi støtte alle arbeidstidsforkortingar, også hentefri for småbarnsforeldre. Viss politikarane meiner alvor med å få fødselstala opp, må småbarnsforeldre få meir tid og pengar.

Henrik Asheim

ISMAIL BURAK AKKAN / NRK

Henrik Asheim, Høgre

– Eg trur ikkje forslag om at alle skal ha rett på full lønn for 90 prosent arbeid er rette veg å gå. Faktisk kan det gjere unge i etableringsfasen mindre attraktive i arbeidslivet, og vi treng alle hender og kloke hovud vi kan få. Det er derfor lova er tydeleg på at arbeidsgivar skal legge til rette. Det er lett å for eksempel droppe å legge møte tidleg på morgonen og seint på dagen kvar dag.

Hilde Nagell rådgivar i tankesmia Agenda

Agenda

Hilde W. Nagell, Tankesmien Agenda

– Det er lite som tyder på at det hjelper å gi småbarnsforeldre økonomiske gode for at norske kvinner skal få fleire barn. Auka foreldreperm og meir fleksibilitet, som for eksempel ammefri har ikkje forhindra at fødselstala søkk. For det andre må nokon betale for at småbarnsforeldre skal ha «hentefri». Eg er usikker på om det er god fordelingspolitikk.

Himanshu Gulati

Varfjell Fredrik / NTB scanpix

Himanshu Gulati, Frp

– MDG ønsker 6-timars arbeidsdagar, jobb berre fire dagar i veka og nå 45 minutts hentefri kvar einaste arbeidsdag. Det reknestykke blir snart det same som om dei hadde erstatta helga med arbeidsveka og omvendt.

Irene Ojala

Ksenia Novikova

Irene Ojala, Pasientfokus

– Ideen om hentefri er ein god idé når alt anna innan fødetilbod og småbarnstid er levert og oppfylt frå statleg hald. MDG sitt innspel kan innfriast når vi er på toppen av behovspyramiden i forhold til det som verkeleg er behov for – slik at kvinner i distrikta faktisk får lyst til å føde fleire barn. Dette er difor ikkje noko vi i Pasientfokus prioriterer.

Lan Marie Berg

William Jobling / NRK

Lan Marie Berg, MDG

– Samfunnet har blitt rikare dei siste 40 åra, utan at vi har fått meir fritid. Eg meiner kortare arbeidstid og meir fleksibilitet er den nye velferdsreforma. Krysspresset mellom jobb og familieliv fører til stress, utbrentheit og depresjon. Særleg hos kvinner, som er overrepresentert i helse- og omsorg og i skolesektoren, og ikkje har like mykje fleksibilitet som kontorjobbar.

– Ingen skal ha dårleg samvit for å bruke heile opningstida i barnehagen

Tuva Moflag er finanspolitisk talsperson for Arbeidarpartiet, og har fire barn i alderen 9 til 15.

Ho karakteriserer «hentefri»-forslaget som ein «gimmick» og ein trussel mot arbeidslinja.

Ho viser til at arbeidsmiljøloven allereie i dag legg til rette for smidige løysingar, og at eit lovfesta nedtrekk i arbeidstida til småbarnsforeldre kan «skremme» potensielle arbeidsgivarar og i verste fall spolere jobbutsiktene til unge som skal inn på arbeidsmarknaden.

Eg veit litt om kor hektisk det kan vere å hente og bringe i barnehagen, og dette er sikkert: Det er mykje viktigare å få orden på lokaltoga. Ingenting er meir stressande enn signalfeil og togstans.

Ho legg til:

Så vil eg understreke at det er ok å vere sistemann til å hente i barnehagen. Eg skjønner at det er kjedeleg å vere sistemann kvar dag, men ingen skal ha dårleg samvit for å bruke heile opningstida i barnehagen.

Civita-rådgivar Mathilde Fasting var medlem i Ellingsæterutvalget, som i 2017 konkluderte med at Noreg har den mest sjenerøse familiepolitikken i verda.

Utvalet foreslo likevel «mindre» grep som gratis barnehage og delt foreldrepermisjon, og ei foreldrepengeordning som erstatning for eingongsstønad.

Det er den retninga eg framleis meiner vi bør gå i. Dei store grepa i familiepolitikken er ferdig, seier Fasting.

Det er lite sannsynleg at arbeidstidsforkortingar eller hentefri vil føre til at det blir fødd fleire barn i Noreg, snarare vil det heller føre til ein reduksjon i arbeidstilbodet. Noko som vil bli meir krevjande for velferdsstaten framover.

Tuva Moflag

Tuva Moflag (Ap) karakteriserer «hentefri»-forslaget som ein «gimmick» og ein trussel mot arbeidslinja.

Foto: William Jobling / NRK

Publisert 06.05.2024, kl. 12.55

Read Entire Article