Storebroren var sakna i 40 år. Så dukka det opp ein video frå fengselet i Syria

2 weeks ago 25



Storebroren til al-Ali skulle berre vere borte i to veker.

Han var 18 år, og hadde verva seg til den libanesiske hæren for å kjempe i Libanon.

Dette var etter ti år med libanesisk borgarkrig. Syria hadde eit vesentleg nærvær av soldatar i Libanon, i eit forsøk på å få slutt på kampane.

Dersom Ali ikkje fekk verve seg, ville han uansett sørover til byen Saida. Heimbyen deira, Akkar, ligg nord i landet.

Men det gjekk to månader utan nokon beskjed. Familien bestemte seg for å prøve å spore han opp.

Amer Hassan Ali

al-Ali (andre frå høgre) saman med dei tre andre brørne sine. Saman kontakta dei alle fengsla i Libanon for å finne Ali.

Foto: Amer Hassan Ali / Privat

Mora reiste til Saida i Sør-Libanon, medan al-Ali kontakta alle fengsel i landet. Dei få leietrådane dei hadde førte ingen veg.

I tilfelle syriske soldatar hadde arrestert Ali i Libanon, tok dei kontakt med syrisk etterretning.

Dei hadde grunn til å tru at han hadde blitt stoppa ved eit kontrollpunkt i Nord-Libanon. Stemte det, hadde han truleg blitt frakta ut av landet.

Ein framand frå Syria

I juni 1976 greip Syria inn i borgarkrigen i Libanon, og sende inn 25.000 soldatar. Det militære nærværet fortsette heilt fram til 2005.

Det var i anten 2007 eller 2008 då ein imam kom på besøk til familien. Han hadde ei historie å fortelje.

– Han hadde sjølv vore i syrisk fengsel, og fortalde at bror min hadde sete i same fengsel som han, seier al-Ali til NRK.

– Han sa at bror min hadde sete i celle nummer 3 i Mezzeh, og nemnde til og med namnet på ei av fengselsvaktene.

al-Ali og familien reiste Libanon rundt for å finne storebroren hans. Ein besøkande frå Syria fortalde at dei hadde vore fengsla saman i Mezzeh.

Dei spurde Mezzeh-fengselet, men fekk beskjed om at han var sett fri for fleire månader sidan. Styresmaktene nekta for at han framleis var i landet, og med det var sporet kaldt.

Så kom den syriske revolusjonen i 2011. al-Ali fekk beskjed om at regimet hadde kvitta seg med alle fangane dei hadde, for å gjere plass til opprørarar.

– Då mista vi håpet, og tenkte at gud kanskje ikkje ville at han skulle bli lauslaten, fortel al-Ali.

Den lauslatne fangen

Det har gått nesten 40 år sidan al-Ali såg broren sin. Lenge har familien tvilt om han i det heile teke var i livet.

Men søndag har regimet i Syria falt. Fleire opprørsstyrkar, med islamistgruppa Hayat Tahrir al-Sham (HTS) i spissen, har teke makta frå president Bashar al-Assad.

Etter at Syria sin fjerde største by Hama blei erobra av opprørsstyrkane, fekk al-Ali tilsendt ein video. Det var eit intervju med ein fange som var sleppt fri frå fengselet der.

Bilete av fangen i Syria

Tidlegare i veka fekk Ali tilsendt denne videoen frå familie og vennar. Dei sa dei synest mannen likna på han.

Foto: Ameer Hassan Ali / Privat

Mannen hadde skitne klede, kvitt skjegg, og såg sliten ut. Likevel:

– Eg forstod med ein gong at det var broren min.

– Er du sikker?

– Ja, svarar al-Ali.

– Vi hadde mista håpet, men han dukka opp. Etter 40 år.

Startar søket igjen

Familien har klart å få kontakt med journalisten som intervjua den lauslatne fangen, seier al-Ali vidare.

Innan då hadde han reist frå området der fengselet er, men han kunne stadfeste at mannen var libanesar og hadde vore fengsla i 40 år.

al-Ali trur at han lir av hukommelsestap etter så mange år i fangenskap. Dersom det verkeleg er broren, vil han ha fylt 57 år.

Telt i Beirut med bilete av sakna

Dette teltet har stått i Beirut sentrum sidan 2005, seier al-Asmar. På teltveggen er bilete av libanesarar som sit fengsla i Syria.

Foto: Wadih al-Asmar / Privat

– Mor mi er borte no. Ho døydde i 2019, men ho bad alltid til gud om å få sjå bror min før han døde. Ho hadde ei sterk kjensle av at han framleis var i live, seier han.

– Vi jobbar framleis med å spore han, men vi har ikkje lukkast.

Arbeidet er vanskeleg, slik det var den første gongen. Men dei har ikkje gitt opp håpet.

600 sakna libanesarar

Wadih al-Asmar er leiar for Libanesisk senter for menneskerettar.

Han har jobba med denne forsvinningssaka i over 30 år, og seier til NRK at den er langt frå unik.

Wadih al-Asmar

Wadih al-Asmar, leiar for Libanesisk senter for menneskerettar.

Foto: Wadih al-Asmar / Privat

– Då dei syriske soldatane trekte seg ut frå Libanon i 2005, turte mange å seie ifrå at deira kjære blei bortført av det syriske regimet, seier al-Asmar til NRK.

– Då fekk vi tilsendt fleire enn 600 namn. Diverre har ikkje den libanesiske regjeringa jobba for å finne ut kvar dei blei av.

I fjor bad Libanon om å bli med i eit FN-organ som skal undersøke sakna personar i Syria, skriv avisa The New Arab. Dette trass i at det stemte imot etableringa.

FN-organet skal ifølge nettsidene sine få utnemnd ein leiar innan slutten av 2024.

al-Asmar seier han blei glad då han såg at opprørsstyrkane hadde lauslate mange fangar, sjølv om dei ikkje enno har klart å spore kven av dei sakna personane det gjeld.

– Vi kan ikkje juble enno, sidan vi ikkje er heilt sikre. Situasjonen i Syria er framleis veldig farleg.

Publisert 08.12.2024, kl. 22.47

Read Entire Article