Storbrann på turistperle: – Eit inferno av flammar

7 hours ago 3



Høge flammar på Kreta gjorde at fleire tusen måtte evakuera. Forsikringsselskapa blir kontakta av fleire som vil avbestilla turen.

 Stefanos Rapanis / Reuters
FLAMMEHAV: På Kreta er det storbrann. Foto: Stefanos Rapanis / Reuters

Publisert 03.07.2025 13:53

På Kreta er det hakket varmare enn ein hadde håpa på. 

Rundt byen Ierapetra brenn det kraftig i terrenget, og over 1500 personar er evakuert. 

Store brannmannskap jobbar med å få sløkt brannen, men den kraftige vinden gjer at han er vanskeleg å få kontroll på. 

Ein av dei som er midt i det, er Ottar Floen. 

Frå hotellet i Koutsounari ser han brannen som nærmar seg. 

– Vindretninga har snudd litt, så der me er blir sett på som trygt. Me har fått ein del gjester frå andre hotell som ligg i nærleiken, seier Floen til TV 2. 

 Stefanos Rapanis / Reuters
BRANN: Det brenn i nærleiken av Ierapetra på Kreta. Foto: Stefanos Rapanis / Reuters

– Eit inferno av flammar

Mange har blitt evakuerte frå dei verste områda. Sjølv om hotellet Floen bur på er rekna som trygt, har det sett dramatisk ut frå hotellrommet. 

– Det har rett og slett vore eit inferno av flammar, fordi me fekk det så tett innpå oss. I går kveld var heile himmelen raud, og me såg elden som om det var eit par meter ifrå oss. 

Ifølge Floen er dei rundt to kilometer frå sjølve brannstaden. 

Dei har fått tryggande ord frå hotelldirektøren, og let ferien halda fram som normalt. 

 Privat
KRETA: Ottar Floen på ferie. Her er han avbilda før brannen starta. Foto: Privat

Kona hans, Eva Fjørtoft Floen, syns kvelden då flammane nærma seg og uvissa var stor, var skremmande. 

– Det gjekk ei god stund før me fekk vite om me skulle evakuere eller ikkje, seier ho. 

Men evakuering blei det ikkje. Dei ser på brannhelikoptera som jobbar med å få sløkt brannane den siste dagen før dei reiser heim att. 

– Tankane går til dei som risikerer livet i redningsarbeidet, seier Fjørtoft Floen. 

Kva har ein krav på?

Kva gjer ein viss ein ferierer ein plass som går opp i røyk? Viss ein må evakuerast på grunn av til dømes skogbrann, dekker forsikringa utgifter til transport og ny overnatting. 

Ein har òg krav på erstatning for tapte feriedagar viss ein blir evakuert. 

Kva så med før reisa? Det er lett å angra seg lit når ein ser at det brenn på feriestaden.  

– Viss det er offisielle reiseråd frå Utanriksdepartementet (UD) eller lokale styresmakter har erklært område som utrygt, då kan du ha rett til å avbestilla reisa og få refusjon, seier Pål Rune Eklo, som er kommunikasjonssjef i Gjensidige. 

Enn så lenge er det ingen slike reiseråd hjå Utanriksdepartementet. 

Gjensidige har til no ikkje fått melding frå kundar som er på ferie og må evakuerast. 

Men ein del har tatt kontakt om selskapet dekker avbestilling. 

 Gjensidige
Kommunikasjonssjef i Gjensidige, Pål Rune Eklo. Foto: Gjensidige

– Ikkje uventa

Kikki Kleiven er direktør for Bjerknessenteret for klimaforsking. Ho seier ho ikkje er overraska.

– Dessverre er det ikkje uventa. Det som er spesielt med Europa, er at kontinentet blir varma opp dobbelt så raskt som andre kontinent, seier Kleiven. 

 Ingrid Wollberg / TV 2
KLIMAFORSKAR: Kikke Kleiven frå Bjerknessenteret seier desse brannane ikkje er overraskande. Foto: Ingrid Wollberg / TV 2

Grunnen er at Europa ligg så nære Arktis, som er den regionen i verda som blir varma opp raskast av alle. 

I tillegg har det vore ein svært varm og tørr vår i Europa. 

– Det har vore den varmaste mars månad nokon gong. Når du ser den tørre bakken, skal det ikkje mykje til når du har sterk vind. Med denne kombinasjonen får du desse brutale brannane som herjar på Kreta. 

Read Entire Article