Storaksjon i Aust politidistrikt: – Kan dreie seg om fleire tusen barn

2 hours ago 1



På fire dagar i løpet av to veker er 20 personar pågripne i ein storaksjon mot nettovergrep mot barn.

Nokon av dei er blitt varetektsfengsla. Blant dei ein lokalpolitikar i ein kommune i Follo.

Ytterlegare to til vil bli pågripe i same aksjon – eit krafttak frå politiet for å rydde opp.

– Dette er menneske i alle aldrar frå alle samfunnslag, seier politiadvokat Stian Moltke-Hansen Tveten

Han er, saman med politiadvokat Camilla Elvevoll, påtaleansvarleg i saka.

– Nokon skjønnar kvifor vi er der når vi kjem, og har venta på å bli pågripe, seier Elvevoll.

To personer iført politiformasjon står foran en blå bakgrunn med "POLITIET" skrevet på. Begge har identifikasjonsmerker på uniformene sine. Den mannlige personen har mørkt hår, mens den kvinnelige har bølgete, lysere hår. Bakgrunnen har gjentatte emblem og detaljer relatert til politiet.

Politiadvokatane Camilla Elvevoll og Stian Tveten har jobba med internettrelaterte overgrep mot barn i fleire år.

Foto: Nadir Alam / NRK

Mellom 18 og 60 år

Det byrja i slutten av november. Leiinga ville satse.

Fleire saker hadde blitt liggande i systemet. Dei hadde ikkje blitt prioritert.

No var det på tide å slå til. På fire dagar – fordelt utover to veker – arresterte dei tjue personar.

Kven er det som gjer slike lovbrot?

– Det er fleire enn du trur. Og det er kven som helst, seier Tveten.

Bildet viser et arbeidsbord med diverse teknisk utstyr. I forkant ses en harddisk tilkoblet til en enhet med en skjerm som viser brukergrensesnitt. Bakgrunnen inkluderer en boks med forskjellig innhold og flere kabler som ligger på bordet. Omgivelsene er en innendørs setting, trolig et kontor eller laboratorium.

Dette er materiale som politiet har beslaglegge.

Foto: Nadir Alam / NRK

Alle yrke, sosioøkonomiske klassar, aldrar, kjønn og kulturelle bakgrunnar.

Nokon gjer det når dei er rusa. Andre har ingen tiltrekking mot barn, men søker mot stadig grovare eller særare pornografi, og hamnar ned i eit kaninhol.

I denne aksjonen er alle dei pågripne mellom 18 og omtrent 60 år.

Ein er lagermedarbeidar, ein annan er offentleg tilsett. Ein er lokalpolitikar. Ein er rekneskapsførar, og nokon er ikkje i arbeid.

Kan dreie seg om mange tusen barn

Kor mykje materiale det er snakk om er vanskeleg å seie, for det er enda tidleg i etterforskinga.

Og å etterforske saker som dette, krev mykje og tek ofte lang tid.

– Det er personleg belastande ting å gjennomgå. I tillegg er det eit stort omfang som gjer at det tar veldig lang tid å gjennomgå, seier Tveten.

Politiet må gjere ransakingar. Dei må få tilgang til telefonar og harddiskar. Nokon gongar gir den sikta frå seg passorda, andre gongar må politiet kome seg inn på andre måtar.

Så må alt dei finn bli gått gjennom.

Ein teikna illustrasjon av ein pc-skjerm med ein menneskeliknande skikkelse.

Det tek ofte lang tid å gå gjennom beslag i saker som dette.

Illustrasjon: Kaspara Aavik Stoltze / NRK

Kanskje er ikkje saka så stor, berre det eine biletet som blei tipsa inn.

Men det kan òg vise seg å vere enorme mengder videoar og bilete. Direkteoverførte overgrep. Utpressing og truslar. Seksualiserte samtalar med barn. Nettverk der overgrepsmateriale og fantasiar blir delt.

– Men dersom du tar med alle bileta, er det mange tusen barn, seier Tveten.

Éin til to i veka

Tal frå politiet viser at det i 2024 vart registrert 1500 politimeldingar for overgrepsmateriale og framstillingar som seksualiserer barn.

Berre i aust politidistrikt pågrip dei vanlegvis personar sikta for straffelova § 311 ein til to gonger i veka, fortel politifolka.

Og det er sakene dei prioriterer. Det er òg mange dei ikkje går vidare med.

Annankvar veke går dei gjennom tipsa dei har fått.

Berre i rundt halvparten av tilfella opprettar dei straffesak.

Det til trass for at dei i dei fleste tilfella meiner det er sannsynleg at lova er broten, fortel etterforskningsleiar Tveten.

Kanskje veit dei ikkje kven som har gjort det. Kanskje er ikkje saka alvorleg nok til at dei kan bruke ressursar på ho. Kanskje gjeld saka barn under kriminell lågalder som deler bilete av kvarandre.

Bilde viser en plastboks med flere innpakkede mobiltelefoner og tilbehør, plassert på et bord. Hånden til en person er synlig, griper om boksen. Ulike farger og typer emballasje er synlige, noe som tyder på en sortering eller undersøking av elektronikk. En brun papirinnpakning ligger delvis synlig i bakgrunnen.

Politiet har gjort fleire beslag under aksjonen.

Foto: Nadir Alam / NRK

Eit prøveprosjekt

Storaksjonen dei siste to vekene, er spesiell.

Vanlegvis har dei færre folk som jobba med færre saker over lengre tid.

No har dei pågripe opp mot seks personar på éin dag. Med 4–6 etterforskarar med på kvar einaste aksjon.

– Så no har dykk valt, for å seie det enkelt, å heller kalle inn heile brigaden og sope inn store mengder på ein gong?

– Ja, og på tvers av lokasjonar og avdelingar, svarar politiadvokat Elvevoll.

Bildet viser flere datalagringsenheter, sannsynligvis SSD-er, pakket i plastposer. Innholdet i posene er delvis synlig, med synlige etiketter og informasjon på en av enhetene. Omgivelsene er preget av en arbeidsplass med teknologirelaterte elementer i bakgrunnen. Ingen personer er til stede i bildet.

Dette er materiale som politiet har beslaglagt.

Foto: Nadir Alam / NRK

Aksjonane har strekt seg frå Halden i sør til nord for Enebakk.

Dei har fått meir ressursar. Personell frå fleire byar er sett inn. Folk med kompetanse på data og teknologi. Personar som jobbar med pågripingar. Spesialistar på avhøyr. Etterforskingsleiarar.

Alt med mål om å ta nokon av dei som hittil har sloppe unna.

Håpar å gjere ein forskjell

– Det er jo derfor vi jobbar med dette. Fordi vi har ei oppriktig tru på at vi beskyttar og hjelper barn, seier Elvevoll.

For sjølv om det er store variasjonar i til dømes kva materiale dei finn, ser ein alltid alvorleg på saka.

– Fordi det kan vere med på å auke etterspørselen av ekte overgrep. Ein er med på å oppretthalde marknaden.

en person sitter foran en pc, hodet hans er et rot av blekk og farger.

Så for dei to politiadvokatane er ikkje målet alltid å få lengst mogleg straff, fortel dei.

Det er å få stoppa flest mogleg overgrep mot barn.

– Kvart enkelt bilete representerer ei varig krenking av desse barna. Ein krenking dei må leve med resten av livet.

Publisert 23.01.2026, kl. 13.16 Oppdatert 23.01.2026, kl. 13.43

Read Entire Article