Mens resten av Europa bygger ut vindkraft i høgt tempo, sakkar Noreg akterut i energiomstillinga.
Det er konklusjonen i ein ny rapport frå DNV, som blei lagd fram onsdag morgon.
– Etterspørselen etter elektrisitet aukar seks gonger raskare enn ny kraftproduksjon. Dette er dårleg nytt, seier Remi Eriksen, konsernsjef i DNV.
Ifølge prognosen vil datasenter aleine bruke 15 TWh innan 2040. Det svarer til 7 prosent av det totale straumforbruket i Noreg.
I andre enden av forsyningskjeda har utbygginga av ny kraft stagnert.
– Manglande støtte i befolkninga gjer at den norske fornybarsatsinga bremsar opp, seier Eriksen.
Kommune tente 96 millionar kroner på vindkraft
I 2024 blei det utbetalt 572 millionar «vindkraft-kroner» til norske kommunar.
På toppen tronar Åfjord kommune som tente 96 millionar kroner på vindkraft – vel halvparten i form av eigedomsskatt.
Resten kom som produksjonsavgift.
Men sjølv om gulrøtene har blitt større, har den norske kraftutbygginga gått mot null (med nokre unntak).
NRK har studert nøkkeltala til 25 kommunar som har sagt nei til kraftutbygging dei siste to åra.
– Manglande støtte i befolkninga gjer at den norske fornybarsatsinga bremsar opp, seier Remi Eriksen, konsernsjef i DNV.
Foto: Sturlason AS PolyfotoHistorisk har det vore ein tommelfingerregel at kommunane som har råd til å seie nei til kraftutbygging er dei same som endar opp med å seie nei.
NRKs kartlegging peiker mot at denne «regelen» er snudd på hovudet:
Dei som seier nei er også dei som har mest å vinne (i kroner og øre) på eit ja.
Eller sagt på anna vis: Naturvern er ikkje lenger ein «luksus» for dei betrestilte.
Samanfatta viser oversikta at fleirtalet av kommunane som har vendt tommelen ned har høg gjeldsgrad og negativt driftsresultat i 2024.
Vidare viser oversikta at nesten alle «nei-kommunane» har ein høgare del eldre enn landssnittet, og at åtte av dei har ei negativ befolkningsutvikling.
NRK har studert nøkkeltala til 25 kommunar som har sagt nei til kraftutbygging dei siste to åra.
DNV reknar med at utbygging av landvind vil ta seg opp på 2030-talet.
– Ikkje aktuelt med vindkraft i vår kommune
Vestlandskommunen Vaksdal sa prinsipielt nei til vindkraft i 2018. Sidan har innbyggarane i kommunen blitt færre og eldre.
Vaksdal-ordførar Hege Eide Vik (Sp) meiner likevel at vedtaket står seg.
– Om kommunar skal gi naturressursar og areal til fellesskapen, er det heilt avgjerande at dei får ein kompensasjon som opplevast som rimeleg, seier ho.
I fjor gjentok kommunen at det ikkje er aktuelt med vindkraft på deira grunn.
Hege Eide Vik er ordførar i Vaksdal. Kommunen hadde eit positivt driftsresultat i fjor, men skårar dårleg på fleire av dei andre variablane: Gjeldsgrada er høg, og innbyggarane blir færre og eldre.
Foto: Vaksdal kommuneUlike hypotesar har vore lansert for å forklare kvifor ikkje fleire kommunar lèt seg by opp til «kraft-dans».
- Kompensasjonen er framleis for beskjeden.
- Førestillinga om at utanlandske selskap «stikk av» med (for mykje av) fortenesta
- Nei til vindkraft er uttrykk for ein grunnleggande tillitssvikt mellom dei som styrer og dei som blir styrt – da har pengar («lommerusk») lita kraft som insentiv.
- Nei-kommunane identifiserer seg som «naturperler» og smykkar seg med grøne verdiar.
- Nei-kommunane ser ein direkte konflikt mellom vindturbinar og si eiga merkevare som «grønt» og «urørt» turistmål.
I alle tilfelle skubbar motstanden mot djupe og grunnleggande verdiar om at kommunen «er ikkje til sals».
– Den storslåtte naturen er fortrinnet vårt
– Vi er ein turistkommune, og den storslåtte naturen er fortrinnet vårt, seier Ian Parry-Jones, som er ordførar i Nissedal kommune.
Han erkjenner at den økonomiske situasjonen til kommunen er «utfordrande» og at det «hadde vore kjærkomme» med auka inntekter.
Likevel: Tidlegare i år sa eit fleirtal i kommunestyret at det ikkje kjem på tale å greie ut vindkraft.
Ordføraren viser til fleire forhold:
- Naturinteresser og omsynet til villreinen.
- Omsynet til «dei fleire tusen familiane som har investert i hyttedraumen» – og som bruker heiane i kommunen som rekreasjonsområde.
- At kommunen allereie bidrar til den store kraftdugnaden, og produserer mange gonger den straummengda ho sjølv bruker.
– I tillegg er naturen eit viktig trekkplaster for nye tilflyttarar, seier han.
– Vi er ein turistkommune, og den storslåtte naturen er fortrinnet vårt, seier Ian Parry-Jones, som er ordførar i Nissedal kommune.
Foto: SINDRE THORESEN LØNNES / NRK– Kraftløftet er i ferd med å gå seg til
I Vestland har fylkeskommunen og Innovasjon Noreg gått saman om prosjektet «Grøn region Vestland» for å få fart på kraftproduksjonen.
– Kraftløftet er i ferd med å gå seg til, seier fylkesordførar Jon Askeland (Sp).
Han meiner nøkkelen til det grøne skiftet er å spele på lag med den lokale forstanden:
– Mange kommunar har ikkje vore godt nok informerte om kor mange «stopp-punkt» dei har. Når den nye kunnskapen breier om seg, blir dei meir komfortable med å utforske det handlingsrommet dei faktisk har.
Fornybar Norge
Bård Vegar Solhjell, leiar av Fornybar Norge
Dette er ei alvorleg åtvaring frå DNV. Eit kraftunderskot frå 2030 kan bli krevjande for både norsk industri og for klimamål. I tillegg føreset DNV at vi gjenopprettar kraftoverskotet på 30-talet blant anna gjennom ein stor auke av vindkrafta på land. Dette er ikkje umogleg å få til, og det skjer mykje spennande i kommunane. Samtidig er det ingen tvil om at vi må skape større samfunnsaksept.
Philip Hofgaard / NRK
Bjørn Gudbjørgsrud, styreleiar i Norsk Kommunedirektørforum
Det økonomiske insentivsystemet for å opne for vindmøller lokalt fungerer ikkje godt nok dersom ambisjonen er å få bygd ut meir kraft av denne typen. Same kva ein måtte meine om vindmøller på land eller på vatn er det grunn til å vere litt bekymra for at vi ikkje bygger ut tilstrekkeleg med kraft i nødvendig tempo. Det vil påverke balansen i marknaden og prisane i åra som kjem på ein negativ måte.
NRK
Helene Frihammer, regiondirektør NHO Vestland
Altfor mange kommunar har sagt nei til vindkraft utan eingong å greie ut konsekvensane eller moglegheitene. Vi meiner det er meir formålstenleg med utgreiingsplikt for kommunar i vindkraftsaker. Det vil gjere det lettare for kommunane å ha ein meir balansert debatt om utbygging. Å seie nei til alt har også ein pris, og dette veit norske kommunar godt.
Sverre Alvik, forskingsdirektør i DNV
Det som er tydeleg er at insentiva for å bygge vindkraft er utilstrekkelege for å få dette til å skje i mange kommunar, og at dette også gjeld «fattige» kommunar. Etter kvart som straum blir meir av eit knappleiksgode trur vi forståinga for at kommunane må bidra vil auke. Dette tar likevel tid, og i mellomtida skjer det lite på produksjonssida.
NRK
Mona Adolfsen, direktør i Samfunnsbedriftene Energi
Det er viktig at ein i kvar enkelt kommune i alle fall ser på moglegheitene og kva konsekvensar ein vindkraftpark vil ha, og ikkje kategorisk seier nei. I tillegg meiner vi det er viktig at det blir lagt til rette for at større del av innteninga ligg igjen lokalt enn det som faktisk er tilfellet i dag. Det kan bidra positivt til ein skrantande kommuneøkonomi
Gerd Johanne Braadland
Hege Eide Vik, ordførar i Vaksdal kommune
Det er ofte distriktskommunar som får førespurnad om kraftutbyggingar, mange distriktskommunane har det til felles at dei har ein aldrande befolkning og nedgang i folketal.
SINDRE THORESEN LØNNES
Ian Parry-Jones, ordførar Nissedal kommune
Gjeldsgrada er høg, men tala fortel ikkje heile historia. Vi har dei siste åra bygd heilt nytt vass- og avløpssystem som har kosta nesten ein halv milliard. Vi meiner at vi allereie har tatt ein stor del av den investeringa som mange kommunar står overfor dei neste åra.
Publisert 03.12.2025, kl. 16.35
















English (US)