Kokain i akvariumsfilter, cannabisfrø inni eit iPhone-deksel og marihuana i ein teddy-bjørn.
Dei som forsøker å smugle narkotika inn til Noreg har god fantasi, seier tolldirektør Øystein Børmer.
Lars Syversen, vaktleiar ved Postseksjonen i Tolletaten, følger med på dataskjermen ved Østlandsterminalen.
– Interessant. Ho er deklarert som truse, så det kan vere ei truse som er vakuumpakka. Det kjem jo mykje rart.
All post som veg meir enn to kilo, skal gjennom terminalen på Lørenskog – fleire millionar pakkar kvart einaste år.
– Det er det vi pleier å seie, det er beslagsgaranti på Østlandsterminalen.
Tolldirektør Øystein Børmer smiler.
Det viste seg at trusene faktisk var lovleg undertøy. Den neste pakka derimot, er faktisk interessant.
– På biletet kunne det ha vore kva som helst. Vi ser at det er noko organisk, men det er merkeleg at det kjem i ei slik enkel forsending, seier Syversen.
Inni den vesle pakka ligg ein pose narkotiske trøflar.
– Etter 30 sekund her, er det gjort eit beslag, påpeikar Børmer.
Han vert ikkje overraska. Fleire og fleire forsøk på smugling inn til Noreg, blir gjort via posten. Det viser Tolletatens beslagsstatistikk for 2024.
Marihuana-rekord
Fleire og fleire land har legalisert bruk av cannabis. Desse landa dominerer òg Tolletatens statistikk.
Fram til 2019 gjorde Tolletaten få beslag av marihuana i postsendingar. Sidan 2021 har mengda nær dobla seg kvart år.
Sendingar frå USA og Canada er gjengangarar, men òg Thailand skil seg ut.
Det har vore ei auke i folk som bestiller marihuana på nett frå land kor det er legalisert, seier Børmer. Mykje av det Tolletaten finn er truleg meint til personleg bruk.
– Men i visse forsendingar er det også så store mengder at det høgst truleg er meint for vidare sal og organisert kriminalitet, seier tolldirektøren.
Marihuanaen blir selt med stor gevinst på den norske marknaden.
– Her er betalingsviljen høg, og risiko for straff i avsendarlandet er låg, seier Børmer.
Auke i ketamin-smugling
Men det er ikkje berre narkotika tollarane må sjå etter.
I fjor vart det til dømes beslaglagt 13 tonn fisk ulovleg på veg ut av landet. I Troms og Finnmark vart det beslaglagt nær 3,5 tonn på berre nokre månader.
Det vart og beslaglagt 35 kilo ketamin på veg inn i landet, forsøkt smugla inn via posten. I 2023 blei det beslaglagt 43 kilo.
Fleire nyttar ketamin som eit alternativ til kokain, seier Børmer. Han ser trenden i ketamin-beslag opp mot bruk og innførsel av kokain til Noreg i samanheng.
– Kombinasjonen av høg etterspørsel i Noreg, stor økonomisk gevinst for dei som smuglar og låg strafferamme, gjør dette svært lukrativt for smuglarane, trur Børmer.
Ketamin er ikkje rekna som eit narkotisk stoff i Noreg, så strafferamma for å smugle det inn er berre tre månader.
Børmer seier det er uheldig. Han fryktar dette skapar insentiv til å innføre ketamin illegalt til Noreg.
– Og så er det risikosport å kjøpe narkotiske stoff og legemiddel på nett frå uautoriserte seljarar i utlandet, legg han til.
– Du aner ikkje om du får det du har bestilt. La det vere, er vårt enkle råd.
Publisert 22.01.2025, kl. 07.00