Colombias president Gustavo Petro har beordra sikkerheitsstyrkane i landet til å stoppe all deling av etterretning til USA.
Det gjorde han klart i eit innlegg på X i natt.
– Tiltaket gjeld så lenge missilangrepa mot båtar i Karibia held fram. Kampen mot narkotika er ikkje viktigare enn menneskerettane til karibiske folk, skriv han.
Petro utdjupa ikkje kva slags informasjon Colombia no skal slutte og dele, og Det kvite huset har ikkje kommentert saka enno.
President Gustavo Petro snakkar om kokadyrking på ein pressekonferanse i oktober.
Foto: Luisa Gonzalez / Reuters / NTBKritisk til narkokrig
USA og Colombia har tidlegare vore nære allierte i kampen mot narkotikasmugling.
Men president Petro, som er på den politiske venstresida, har lenge kritisert USA sin narkopolitikk.
Dei siste månadane har forholdet mellom dei to landa blitt verre.
I september begynte USA å angripe sivile båtar i Det karibiske hav. Amerikanske myndigheiter hevdar menneska om bord er smuglarar på veg til USA, med lasten full av narkotika.
Men Trump-administrasjonen har ikkje lagt fram noko bevis for at båtane dei har angripe, faktisk har smugla narkotika. Dei har heller ikkje identifisert dei drepne.
76 menneske blitt drepne i angrepa sidan august, ifølge tal frå Trump-administrasjonen.
Kritikarane, blant dei FNs menneskerettssjef Volker Turk, har samanlikna angrepa med utanrettslege drap, altså avrettingar utan rettssak.
I juli henta den colombianske marinen det dei meinte var ein ubemanna narko-ubåt utstyrt med Starlink-antenne utanfor den karibiske kysten. Bildet er delt av marinen.
Foto: HANDOUT / AFP / NTBPersonlege sanksjonar
Petro skuldar administrasjonen for å gå etter bøndene som dyrkar kokaplanten, hovudingrediensen i kokain, i staden for å ta dei store smuglarane og kvitvaskarane.
Søndag denne veka møtte president Petro familien til ein fiskar som skal ha blitt drepen i eitt av USAs angrep.
– Han kan ha hatt med seg fisk i båten, eller han kan ha hatt med seg kokain. Uansett hadde han ikkje fått ein dødsdom, sa han på eit møte mellom leiarar frå Latin-Amerika og EU, ifølge Euronews.
Petro har også forsøkt å normalisere forholdet til Maduro-regimet i Venezuela, som Trump-administrasjonen vurderer som ein hovudfiende i kampen mot narkosmugling til USA.
Kritikken har ikkje gått umerkande hen i Det kvite huset.
I oktober sette amerikanske myndigheiter både Petro, kona hans og sonen hans, samt innanriksministeren, på ei sanksjonsliste over personar som USA meiner utgjer ein risiko for internasjonal narkohandel.
Colombias president Gustavo Petro på ein pressekonferanse i Bogota i oktober i år.
Foto: Luisa Gonzalez / Reuters / NTBIkkje åleine
Fleire land har uttrykt bekymring for at USA sine missilangrep i Karibia ikkje har juridisk dekning.
Også Storbritannia skal ha avgrensa etterretningsdelinga si med USA, av frykt for at det bidrar til ulovlege angrep. Det melder CNN, basert på lukka kjelder i Pentagon.
Verken britiske eller amerikanske myndigheiter har bekrefta dette.
Statsminister i Storbritannia, Keir Starmer, saman med Donald Trump i Egypt i oktober.
Foto: Evan Vucci / AP / NTBUSA er Storbritannias næraste allierte når det gjeld etterretning.
Britane har fleire etterretningsbasar i Karibia, og har i årevis hjelpt USA med å spore opp mistenkelege båtar som den amerikanske kystvakta så har kunna avskjere, ifølge kjeldene til CNN.
Avskjeringa skal ha innebore at dei stoppa skipa, arresterte mannskapet og la beslag narkotikaen.
Ifølge CNNs lukka kjelder, meiner britane at det som skjer no er noko anna, nemleg ulovlege angrep som dei ikkje vil vere medskuldige i.
Publisert 12.11.2025, kl. 07.26 Oppdatert 12.11.2025, kl. 07.27





















English (US)