Stoppa spelet etter absurd «tjuvtriks»: – Den berre smaug seg ut

5 hours ago 3



Hendinga som skjedde under Players Championship-turneringa i Leicester har skapt overskrifter.

I den prestisjetunge turneringa var verdstiaren Wade klar for å kaste – i potten låg ein billett til kvartfinalane. Han kasta av garde alle pilar, men han la også att ei overrasking til motstandaren Peter Wright.

James Wade

DEN SKULDIGE: James Wade klarte ikkje å halda seg under dartturneringa.

Foto: Sandy Dinkelacker / DPA / Eibner-Pressefoto

For da Wade går av matta, og Wright stiller seg opp for å kaste, ser både publikum, dommaren og konkurrenten at noko er gale.

Wright stoppar opp i nokre sekund, tenker seg om og har eit aldri så lite lurt og oppgitt ansiktsuttrykk. Pausen varer såpass lenge at dommaren til slutt må bryte inn – kampen kunne ikkje ha for lange avbrekk, var beskjeden.

Kva var grunnen til avbrekket?

Ein aldri så liten smygar. Eller promp, om du vil det.

– Den berre smaug seg ut. Berre gi det eit sekund, seier Wade, far til prompen, frå scena.

Peter Wright jubler på dartscenen

OVERRASKING: Peter Wright under VM i dart som fann stad i januar. I denne turneringa nådde han kvartfinalane, den gongen utan nokre utanomsportslege forstyrringar.

Foto: Reuters

Ikkje så veldig lett å stå der

Dette har sjølvsagt ikkje gått upåakta forbi.

«James Wade hamna i enda ein «FARTGATE»-storm da ei motbydeleg handling blei fanga på direktesendt TV». Det skriv den britiske tabloidavisa The Sun.

Ja, vi har jo alle ... Vi står jo og peprar inn brus, mat og alt det der. Når det da blir litt rare dartrørsler, så blir det fort litt luft i magen på oss. Det er ikkje så veldig lett å stå der, knipe igjen og sjå heilt uskuldig ut.

Det seier Noregs beste dartspelar Thor Helmer Johansen. Han står med over 70 NM-gull og er berykta i det norske dartmiljøet.

Thor Helmer Johansen

Foto: Ina-Kristin Lindin / NRK

Han blir lattermild når NRK slår på tråden for å høyre om han har opplevd noko liknande. Det har skjedd han i aller høgaste grad – og noko som skjer titt og ofte.

Det hender at dei som går stillast i dørene, er dei som ber verst, innrømmer Johansen.

Ikkje første gong «uhellet» er ute

Den norske dartkongen er tydeleg på at slike uhell set deg ut, spesielt når dei kjem ut av det blå, rett før du skal kaste.

Ein går jo inn i ein dvale, og så blir han brått brote av noko uventa. Så da kjem det ut av flytsona som du er inni, seier Johansen.

Dette er heller ikkje første gong Wade går for den spesielle «taktikken». Han gjorde det same også i september 2024 – i same turnering. Da innrømte han at han ikkje skulle gjere det igjen, men nå skjedde det altså på nytt.

Sjølv om Noregs beste dartproff trur prompen sette Wright ut i eit lite sekund, er han tydeleg på at begge spelarane er på eit såpass høgt nivå at dei fort fann tilbake til flyten.

– Trur du dette er ei bevisst handling for å sette ut motstandaren?

– Eg trur ikkje det er akkurat der vi begynner å psyke ut folk, for vi har mange andre ting, seier Johansen.

– Er dette ein taktikk du tar med deg vidare?

Nei, eg trur ikkje det. Eg er godt kjent for å ha luft i magen av og til sjølv. Men ein prøver helst å gjere seg ferdig på toalettet og alt det her før ein går inn, svarer han.

Til slutt vann Wade kampen 6–5 over Wright og gjekk til kvartfinalen. Her møtte han overmannen Chris Dobey som slo han ut. Same mann vann turneringa denne dagen.

Det er Viaplay som sender Players Championship-turneringa i Noreg.

Publisert 19.06.2025, kl. 13.40

Read Entire Article