– Der er han matchvinnar. Gullet ligg i måten han flyttar seg på. Han får noko veldig vanskeleg til å sjå veldig lett ut, seier Lars Tjærnås i Viaplay.
Mathias Dyngeland har akkurat redda ein kjempesjanse mot italienske Bologna.
Bortelaget opplevde eit enormt press då laga møttest for første gong.
– Spesielt den andre redninga var strålande, og dei kan takke Dyngeland for at det framleis står 0-0, seier NRKs ekspert Andrine Hegerberg.
KJEMPEREDNING: Mathias Dyngeland redda to ballar på rappen.
Foto: Jennifer Lorenzini / Reuters / NTBBologna blei tidleg i kampen éin mann mindre på banen.
– Veldig deilig. Vi kjemper med oss sjølv når vi spelar i overtal så lenge på bortebane. Dei er fantastiske med ti mann. Bologna er sterke, seier Dyngeland til Viaplay etter kampen.
Også Brann-trenar Freyr Alexandersson seier seg fornøgd med uavgjort på bortebane.
– Tar du eit poeng på bortebane i Europaligaen, som kanskje den aller største underdogen, det er sterkt uansett om du spelar mot ti mann. Vi ønska oss tre poeng også under kampen, men eit poeng er også bra. Det hadde vi også tatt med oss i forkant av oppgjeret.
– Det eine poenget kan bety alt, eigentleg. Det er ingen som spaserer inn i Italia og tar med seg eit poeng, så det skal vi vere fornøgde med, seier Niklas Castro.
Brann har vist god form i det europeiske turneringsspelet. Før torsdagens kamp hadde dei vunne to av tre kampar.
TAR POENG: Brann-trenar Freyr Alexandersson er fornøgd med å ta poeng mot Bologna.
Foto: ALBERTO PIZZOLI / AFP / NTBTi mot elleve
Bortelaget fekk fordel alt etter 24 minutt spelt. Charalampos Lykogiannis stempla Emil Kornvig på leggen, og måtte gå av grasmatta.
MARSJORDRE: Lykogiannis fekk marsjordre etter å ha stempla Kornvig.
Foto: Luca Bruno / AP / NTB– Han taklar meg klart og det er raudt kort. Og det gir oss litt overtal og ro på ballen, sa Emil Kornvig etter første omgang.
– Ser at han gjekk enormt hardt inn. Visar knottane og treff på utsida av leggskinna til Kornvig. Kan vere eit utruleg farleg spel, sa NRKs fotballekspert Andrine Hegerberg.
– Her forandrar jo føresetnadane for kampen seg litt. Openbert til bortelaget sin fordel, sa Kasper Wikestad for Viaplay.
Bologna-spelar Torbjørn Heggem er fornøgd, trass i at dei spelte store delar med ti mann på banen.
– Den prestasjonen er vi godt fornøgde med. Når vi spelar elleve mot ti styrar vi kampen, og er det laget som fort kunne tatt alle tre poenga. Vi har dei største sjansane. Det er tøft å spele med ein mann mindre, seier Heggem til NRK.
RAUDT KORT: Bologna-spelarane blei oppgitt då dei blei éin mindre mann på banen.
Foto: Luca Bruno / AP / NTBKampen blei spelt framfor eit stort bortepublikum.
– Det er automatisk motivasjon å spele på ein slik stadion, med 2500 bergensarar. Veldig deilig, seier Dyngeland etter kampen.
– Det var ein utruleg vanskeleg kamp å spele. Utruleg gøy. Ein fantastisk oppleving for de, seier Brann-trenar Freyr Alexandersson, som pratar om dei over 2000 supporterane som har tatt turen ned til Italia.
«No go»-soner
Ikkje sidan bortekampen mot Everton i 2008 har ein større gjeng følgt Brann på bortebane. Over 2200 Brann-tilhengarar støtta laget i Bologna torsdag.
Før kampen fekk supporterane beskjed om å halde seg unna «no og»-soner. Og alt tre timar før kampstart måtte vestlendingane bli følgt av politiet til stadion.
GOD KOK: Over 2200 Brann-tilhengarar har tatt turen til Italia.
Foto: Luca Bruno / AP / NTB– Det handlar om kva for område Bologna-fansen ferdast i, og kva for område dei ser på som sine, sa Morten Talhaug, nestleiar i supporterklubben Brann Bataljonen.
I området er det rett og slett for mykje kriminalitet, og for utrygt for fotballfansen med sympati for andre lag enn Bologna å opphalde seg, meinte politiet i byen.
Ingen må gå aleine med Brann-effektar på seg nokon stad i byen, var oppmodinga.
Publisert 06.11.2025, kl. 18.40 Oppdatert 06.11.2025, kl. 23.49




















English (US)