Stjerne­duellen skaper heftig debatt: – Ikkje akkurat egg­stokkane mine som skal slåst

3 days ago 9



Det er mange som har sett spørsmålsteikn ved ein kamp mellom to damer på til saman 83 år.

Tobarnsmora Ronda Rousey slår tilbake mot alderskritikken.

– Det er ikkje akkurat eggstokkane mine som skal slåst, seier ho til CBS Mornings.

En gruppe personer står på en scene foran en stor skjerm med reklame. Fra venstre ser vi en mann i dress, en kvinne i skinnjakke og treningstopp, en mann i skjorte, og en kvinne i svart kjole. Bak dem står to kvinner i matchende antrekk med røde detaljer. Skjermen viser tekst som "ROUSEY vs CARANO" og "NGANNOU vs LINS". (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

PROMOTER: Det er Jake Pauls (i midten) selskap som arrangerer kampen mellom Rousey (til venstre) og Carano.

Foto: Kirby Lee / Imagn Images,NTB

Netflix-send superduell

Kampen skal arrangerast i California 16. mai.

– Dette er den største kampen i MMA akkurat nå. Det finst ikkje to personar i denne sporten med meir stjernefaktor enn meg og Gina – med unntak av Conor McGregor, seier Rousey ifølge ESPN.

Thomas «Moon Lee» Hytten er ein tidlegare profesjonell MMA-utøvar og europameister i Muay Thai. Han har følgt sporten i mange år og støttar Rousey.

– Det er ein kamp som er laga litt ut frå popularitet meir enn det reint sportslege. Dei har mykje følgarar på sosiale medium begge desse to damene, så det er liksom spennande på den måten, forklarer han.

Har ikkje konkurrert på 17 år

39 år gamle Rousey går sin første MMA-kamp på ti år. Ho blei i 2012 den første kvinna som blei signert av MMA-organisasjonen UFC og hadde tre sigrar og to tap på fem tittelkampar.

Motstandar Gina Carano har ikkje konkurrert på 17 år. Sist ho var i kamp var i 2009.

Cris Cyborg (med ryggen til ) mot Gina Carano

17 ÅR SIDAN: Her er Carano i kamp mot Cris Cyborg (med ryggen til)

Foto: Jon Kopaloff / GETTY IMAGES NORTH AMERICA,NTB

– Det eg er meir skeptisk til eigentleg, er at dei ikkje har gått kamp på 17 år, seier Tommy Rasmussen.

Sidan sist kamp har Carano satsa på skodespelarkarriere. Ifølge TV-og film-nettstaden IMDB står ho oppført i 17 ulike roller i karrieren sin.

Ho er nok mest kjent som Cara Dune i Mandalorian.

Pedro Pascal og Gina Carano på rød løper

PÅ RØD SPRING: Carano er her avbilda på raud løpar med Pedro Pascal i samband med premieren på Mandalorian i 2019.

Foto: Mark Von Holden / Invision,NTB

Dermed har det ikkje blitt så mykje tid til å halde kampsportkarrieren ved like.

– Om eg synest noko er skummelt i den sporten her, så er det når det er «mismatch». Det synest eg er skummelt, seier Rasmussen.

Med dette siktar han til situasjonar der utøvarar på vidt ulike nivå møtest til kamp. Han påpeikar også at det skil sju år mellom tidspunkta dei la opp.

Hytten på si side meiner det er uproblematisk at dei ikkje har vore i kamp på fleire år.

– Eg tenker at det er tidlegare profesjonelle utøvarar, så dei går jo i oppkøyring og dei kjem nok til å vere førebudde når dei går inn til kamp, seier Hytten.

 Gina Carano på pressekonferanse

TILBAKE: Gina Carano avbilda på ein pressekonferanse i samband med kampen i mars.

Foto: PATRICK T. FALLON / AFP,NTB

Lettare å kritisere

Ronda Rousey har tidlegare sagt at «kvinner må jobbe dobbelt så hardt for å bli halvparten så respekterte».

Hytten trur det ligg noko i det Rousey seier.

– Det er vel sikkert litt lettare å kritisere damer enn det er menn, seier Hytten og fortset:

– Om ein ser eigentleg litt på det, så har du jo utøvarar som er mannlege som konkurrerer godt over halvvegs inn i 40-åra, nærare 50 omtrent, der det nesten er litt kult at dei gjer det, forklarer Hytten.

Også Tommy Rasmussen, som har vore i MMA-miljøet i over 25 år, er einig.

– Dette her har aldri vore snakk om når det har vore mannfolk, seier Rasmussen.

Publisert 20.04.2026, kl. 08.30

Read Entire Article