Stive prisar på apoteket

14 hours ago 4



Store prisskilnader:

Populære hudpleieprodukt kan koste over hundre kroner meir på apoteket enn i andre butikkar.

 Daniel Berg Fosseng / TV 2
KONKURRANSE: Apoteka sel populære hudpleieprodukt, men prisane er ikkje konkurransedyktige. Foto: Daniel Berg Fosseng / TV 2

Publisert 06.06.2025 09:51

TV 2 samanlikna prisane på apotek og skjønnleiksbutikkar, og fann store prisskilnader.

På butikkar som Lyko, BliVakker, Vita og Normal kostar populære hudpleiemerkar som CeraVe, CosRX og Scholl over hundre kroner mindre kvar samanlikna med Apotek 1.

 Aage Aune / TV 2
AUKE: Det har blitt eit større fokus på hudpleie hos nordmenn sidan pandemien. Foto: Aage Aune / TV 2

Fotkremen Scholl Advanced Repair kostar til dømes 229kr på apoteket, og 109kr på Normal. Og dagkremen CeraVe Facial Moisturising Lotion SPF30 kostar til vanleg 235kr på apoteket, mens han kostar 137kr på Lyko.

Kvifor er det slik? 

– Underleg

Forbrukarøkonom Magne Gundersen frå Sparebank 1 er usikker på kvifor det er så stor prisskilnad.

– Det burde ikkje vere ein grunn til at det er dyrare. Apotek og parfymeri blir drifta på same måte, og kostnadsbilete burde vere likt, seier han.

 Sparebank 1
REAGERER. Gundersen er usikker på kvifor prisskilnaden er som han er. Foto: Sparebank 1

Han understrekar at det kan vere ein kostnadsforskjell på fysiske butikkar og nettbutikkar: BliVakker er det sistnemnde, og har truleg mindre kostnader.

– I ein fysisk butikk møter du menneske som gir deg råd, prøver og service. Den rådgivinga får du ikkje på nett, seier han.

Han anslår også at skjønnleiks- og velværeprodukt kanskje kan ha mindre omsetting på apoteket, og derfor har høgare prisar.

– Apoteket er nok ikkje fyrste valet for skjønnleik og velvære, avslutt han med ein liten latter.

 Håvard Sjursen / TV 2
UTVAL: Apotek og butikkar som Vita har varierande utval i hudpleie, men dei sel begge produkt som er rosa av populære influencere. Foto: Håvard Sjursen / TV 2

– Vi skjønar at pris er viktig

Kommunikasjonssjef i Apotek 1, Mai-Bente Paulsen, fortel til TV 2 at prisane hos Apotek 1 heng saman med utgiftene. 

– Prisane reflekterer kostnadane av å ha eit godt tilbod, seier ho.

Tilbodet ho refererer til er det Gundersen peikte på, nemleg å kunne gje skreddarsydde, faglege råd til kundar med hudproblem.

 Apotek 1
KOMPETANSE: Gundersen meiner prisane er høgare på fysiske apotek på grunn av kompetansen dei tilsette har. Foto: Apotek 1

– Det er ikkje alltid vi kan matche på pris, men det vi kan konkurrere på er kompetansen til å hjelpe kvar enkelt ut frå kva de trenger som vi kan bidra med.

Paulsen seier ingenting om kor mykje omsetting dei har av skjønnleiksprodukt, og om det kan ha noko med prisinga å gjere. Men ho annerkjennar at for mange kundar er pris viktig.

– Vi skjønar at pris er viktig for mange og vi ser hele tida på korleis vi kan sikre gode priser, samtidig som vi tilbyr fagleg god rådgiving, avslutt ho.

Read Entire Article