Stenger to DNT-hytter på Hardangervidda for villreinen

1 hour ago 1



DNT stenger turisthyttene Hadlaskard og Lågaros på Hardangervidda. Det opplyser Den Norske Turistforening i ei pressemelding.

– Lågaros og Hadlaskard er hytter mange er glade i, og det å stenga dei får store konsekvensar for resten av stinettet på Hardangervidda. Det er synd at vi må gjera dette, men det er nødvendig for å betra vilkåra for villreinen, seier Inger Lise Blyverket, Generalsekretær i DNT.

Nyheita kjem like før klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) skal offentleggjera sjølve tiltaksplanen for villreinen på Hardangervidda. Planen blir nemleg lagd fram i dag i Tyssedal i Ullensvang kommune.

Særleg ansvar for villreinen

Over 90 prosent av villreinen i Europa bur i Noreg. Staten har difor eit særleg ansvar for å ta vare på arten. Villreinen står i dag på raudlista.

Seks av dei ti nasjonale villreinområda er i dårleg stand, mellom anna Hardangervidda. Det viste ein rapport frå Norsk institutt for naturforsking (Nina) i 2022.

Klima- og miljødepartementet sette difor i fjor i gang arbeidet med tiltaksplanar for villreinen.

Lågaros

Lågaros er ei sjølvbetent DNT-hytte oppført i 1960. Den ligg på Hardangervidda i Nore og Uvdal kommune 1288 meter over havet.

Foto: Marius Dalseg Sætre / DNT

– Viktig bidrag

Frå før er det kjent at DNT skal gjera fleire ulike tiltak i Rondane, Ryfylke, Dovrefjell, Setesdalen og på Hardangervidda.

Dei skal mellom anna stenga fem hytter, leggja ned fleire mil med sti og korta ned opningstidene på fleire andre hytter.

På Hardangervidda er det Torehytten ved Hårteigen som skal stengast.

– Noreg har eit særleg ansvar for å ta vare på villreinen. For oss i DNT er det viktig å bidra til dette arbeidet, og med desse tiltaka styrer vi turgåarane utanom særleg sårbare område og tider, seier Blyverket.

Les meir om tiltaka her:

Må bidra i villreinarbeidet

Blyverket meiner både kommunar, staten, næringslivet og grunneigarar må på banen. Leveområda til villreinen er under stort press, påpeiker ho.

– Regjeringa har vore tydeleg på at den motoriserte ferdselen i villreinfjellet må ned. Likevel har Stortinget nettopp vedteken ein langt meir liberal motorferdselslov. I tillegg har mange kommunar lagt store byggeplanar i og rundt villreinen sine leveområde, seier ho.

Inger Lise Blyverket, Generalsekretær i DNT.

Foto: Marius Dalseg / DNT

Menneske forstyrrar villreinen meir og meir.

Fleire meiner at fjellturisme og hyttebygging er dei største trugslane, i tillegg til at stammane i Nordfjella og på Hardangervidda er truga av skrantesjuke.

Diskusjonen om korleis ein skal ta vare på dei unike villreinstammane i Noreg har gått i fleire tiår, men har spissa seg til dei siste åra.

Meiner kommunane må ta ansvar

DNT viser til ein rapport dei fekk utarbeida i år som viser at det er sett av areal på størrelse med Mjøsa til ulike utbyggingsformål i norske villreinområde.

– Det er eit paradoks at DNT stenger hytter og stiar, mens utbygginga av nye privathytter i villreinfjellet held fram. Kommunane må ta ansvar ved å gå igjennom arealplanar sine, og fjerna planar som er lagt i og rundt villreinen sine leveområde, seier Blyverket.

Publisert 02.07.2026, kl. 06.30 Oppdatert 02.07.2026, kl. 06.43

Read Entire Article