Det skulle vere ein hyggeleg helgetur på Lifjell i starten av mars. Vêrmeldinga var fin og mange hadde tatt turen til fjells.
Men plutseleg skifta vêret.
Vinden tok seg opp og snøfokket blei tettare. Da blei det vanskeleg å finne vegen.
– Det begynte å bli mørkare, det var vanskelegare å sjå stikkene langs løypa.
Blei overraska av dårleg vêr
Stefan Martens er fjellvand og hadde førebudd seg godt til turen.
Sjølv om det var strålande vêr, hadde fastlegen frå Porsgrunn pakka sekken for å takle overraskingar.
Lifjell ligg i grenseområdet mellom kommunane Hjartdal, Seljord, Midt-Telemark og Notodden i Telemark. Mobildekninga er tidvis dårleg.
Stefan Martens på tur på Øysteinnatta på Lifjell.
Foto: Stefan Martens / privatStefan gjekk over toppen Øysteinnatta, som ligg på 1174 meters høgde. Her er det kjent at vêret kan skifte fort.
Terrenget blei ugjenkjenneleg
Seint på kvelden fekk korpsleiar Sondre Rulnes Røstad i Bø og Sauherad Røde Kors telefon om at ein skiløpar ikkje hadde komt heim til familien etter å ha vore på tur.
Det hadde vore nydeleg ver heile dagen, men nå hadde det snudd.
– Alle som har vakse opp rundt Lifjell har blitt fortalde om kor skummel Lifjelltåka er og kor fort ho kan komme, seier Røstad.
Sondre Rulnes Røstad er korpsleiar i Bø og Sauherad Røde Kors. Han var med på redningsoppdraget på Lifjell.
Foto: Røde KorsMannskapa blei møtte av kraftig vind og piskande snø i fjellet. Vinden gjorde at snøen blei flytta og det bygde seg opp skavlar.
Terrenget endra seg frå minutt til minutt.
Kraftig auke i redningsoppdrag
Dei siste åra har det blitt stadig fleire søk- og redningsaksjonar i fjellet.
I 1985 var det 1700 redningsoppdrag, mens i 2023 hadde Hovudredningssentralen 8931 oppdrag.
Det er fleire grunnar til at folk treng hjelp i fjellet. Blant anna er det fleire som går turar i fjellet enn før.
Norsk Folkehjelp seier dei hadde litt over 300 aksjonar for ti år sidan. Dei to siste åra har det vore over 500 aksjonar.
– Dette er ein stor auke på forholdsvis kort tid, seier Monica Nervik, leiar i Norsk Folkehjelp Sanitet.
Monica Nervik, leiar i Norsk Folkehjelp Sanitet, seier det har vore ein stor auke i redningsoppdrag dei siste åra.
Foto: Norsk FolkehjelpNervik meiner det er lite som skal til for å vere betre førebudd, sjølv om ein skal på ein kort tur.
– Ha med litt ekstra klede, drikke, mat og ein batteripakke til mobilen. Dette kan både bidra til hygge på turen, men kan også vere nyttig om ein blir ståande og vente på hjelp, seier ho.
Viktig å sjekke vêrmeldinga nøye
Hos Røde Kors har det også vore ein auke over tid, men dei siste åra har det lege stabilt rundt 1500 oppdrag i året.
Jarle Bjørge Øverland er leiar av landsrådet for Røde Kors Hjelpekorps.
Han seier dei har seks tusen medlemmer som vil vere i beredskap for å kunne rykke ut. I påska er dei ekstra førebudde.
Øverland seier det er svært viktig at folk førebur seg når dei skal på tur i fjellet.
Jarle Bjørge Øverland er leiar av landsrådet for Røde Kors Hjelpekorps.
Foto: Olav A. Saltbones / Røde Kors– Det enklaste å seie her er vel kanskje fjellvettreglane. Bruk dei når du planlegg turen din. Bruk også varsom.no, som er ein veldig fin kanal for å sjå på både is – og skredfare. Og vêrmeldinga, som definitivt er viktig oppi alt dette.
Hadde utstyr i sekken
Da Stefan Martens skjønte at han hadde tatt feil veg, hadde det begynt å mørkne.
Han fekk auge på ei hytte på fjellet og bestemte seg for å søke ly før han blei heilt utsliten.
I sekken hadde han sovepose, primus og ein vindsekk, som gjorde at han kunne pakke seg inn og halde varmen.
Han trur det var avgjerande for at det gjekk bra med han.
– Altså, det viktigaste er å ha med seg utstyr. Om du ikkje har utstyr som gjer at du har høve til å stoppe opp og søke ly og halde varmen, så kan du få eit veldig stort problem.
– Rørande augeblink
Røde Kors var glade da dei greidde å finne fram til staden Martens hadde søkt ly, og at alt var greitt med han.
Der blei det tydeleg at han hadde gjort alt rett.
– Det var ei ufatteleg lette. Vi måtte smile litt heile gjengen. Det var ein veldig rørande augeblink for dei fleste av oss, seier Sondre Rulnes Røstad.
Publisert 30.03.2026, kl. 16.57












English (US)