Statsforvaltaren i Agder har oppheva fleire vedtak der kommunar har tillate bygging i strandsona. Alle sakene dreier seg om dispensasjonar.
Praksisen har vekt reaksjonar sidan Statsforvaltaren har gått tilbake i tid. Dei har også sett på saker som dei sjølve har fått til uttale.
Høgre vil at Stortinget ber regjeringa gripe inn. Dei meiner regjeringa må instruere Statsforvaltaren til å avslutte dette arbeidet.
Torsdag blei det klart at både Sp og Frp støttar dette. I innstillinga frå kommunalkomiteen står det følgjande:
«Stortinget ber regjeringen stoppe Statsforvalteren i Agder sin pågående prosess med å vurdere lovlighetskontroll av rettskraftige dispensasjonsvedtak.»
Forslaget kan få fleirtal dersom også KrF støttar det.
Statsforvaltaren har gått gjennom åtte saker der vedtak kan bli oppheva. Sju av desse er allereie avgjort frå Statsforvaltaren si side.








English (US)