Staten lyser ut område for karbonlagring i Nordsjøen

4 weeks ago 21



Energidepartementet lyser ut tre område i Nordsjøen der dei som ønsker det kan begynne å leite etter undersjøiske reservoar for å «injisere» og lagre karbon under havbotnen.

Karbonfangst og -lagring er rekna som ein kostnadseffektiv og avgjerande brikke i klimakampen, men framleis er det rimelegare for industrien å kjøpe avlat i form av kvotar og avgifter enn å fange og «gravlegge» gassen.

I dag er det derfor berre tre prosjekt i drift i Europa – to i Noreg og eitt i Danmark.

Energiminister Terje Aasland håpar leiteløyva vil rokke ved den fastlåste dynamikken der dei som skal fange og dei som skal lagre gassen ventar på den andre.

Vi har jobba intenst med dette så lenge eg har vore energiminister, og vi ser nå at fleire europeiske land ser nordover for å lagre CO₂ på ein trygg måte.

Her kan vi vere ein del av klimaløysinga, seier han.

Karbonfangst har eksistert sidan 70-talet og på Sleipner-feltet har Equinor «støvsoge» og lagra karbon sidan 1996. I 2021 blei det fanga 40 millionar tonn CO₂ på global basis.

Aasland presiserer at klimamålet for 2030 framleis er innan rekkevidd, trass i «innrømminga» sist veke om at kraftutbygginga ikkje går så fort som han kunne ønske seg.

Eg er heilt overtydd om vi kjem til å klare klimaforpliktingane våre, seier han.

Vi har framleis kraftoverskot, og vi er i gang med havvindutbygginga. Vi ser også at vasskraftprodusentane søker om effektoppgraderingar. Det blir kjempeviktig i åra framover.

Olje- og energiminister Terje Aasland på plattforma Njord i Norskehavet. Han har på seg ein refleksfarga kjeledress og har ein raud hjelm med øyreklokker på seg. Bak han ser vi boreriggen.

Olje- og energiminister Terje Aasland seier at forholdet mellom kraftutbygging og klimamålet ikkje er så eintydig eller lagnadstungt som «pessimistane» skal ha det til.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Nytt industrieventyr i Nordsjøen

Frå ein mottaksterminal i Øygarden utanfor Bergen blir CO₂ transportert i røyr 100 kilometer ut i Nordsjøen for permanent lagring i eit reservoar 2600 meter under havbotnen.

Prosjektet heiter Langskip og er det dyraste klimaprosjektet (19 milliardar kroner) i norsk industri nokosinne.

Fleire utanlandske karbonfangarar snuser på prosjektet, men på Stortinget er dei mest EU-vennlege partia utolmodige.

Bakgrunnen er Net Zero Industry Act (NZIA), som blei vedtatt av EUs ministerråd i mai.

NZIA er EUs svar på USAs grøne subsidie- og skattepakke Inflation Reduction Act (IRA).

CCS-kartsekvens-02

Den teoretiske kapasiteten for karbonlagring på norsk sokkel er berekna til 80 milliardar tonn. Ifølge berekningar frå Equinor må verda fange 40 gonger så mykje CO₂ som det vi gjer i dag.

Den nye EU-planen pålegg europeiske olje- og gasselskap å bygge opp ein kapasitet for lagring av 50 millionar tonn CO₂ årleg innan 2030.

Om Noreg blir med på «dugnaden», inneber det at fleire norske olje- og gasselskap blir nøydde til å bygge opp CO2-lager på norsk sokkel (ikkje berre Equinor).

Men det er framleis uvisst.

Vi håpar å ferdigstille denne vurderinga innan kort tid, sa næringsminister Cecilie Myrseth (Ap) i mai.

Ikkje godt nok, hevdar Høgre, som i lang tid har etterlyst «tydelegare signal frå regjeringa om at dette er noko dei prioriterer høgt».

Kollsnes

Karbonfangst og -lagring har lenge vore ei slags norsk paradegrein med Northern Light-prosjektet som flaggskipet. Men nå har fleire land komme på banen.

Foto: Tor Stubberud / Dag Myrestrand

Da «Langskip» blei lansert i 2020, var Tina Bru (H) olje- og energiminister.

At Høgre seier det, det forundrar meg eigentleg, seier Aasland til NRK.

Han viser til at det har skjedd mykje «sidan Høgre sat og styrte landet» og at Noreg i mellomtida har inngått samarbeidsavtalar om karbonlagring med fleire europeiske land.

Dette kan bli ei ny og viktig industrigrein for Noreg, seier han.

Derfor har vi gira om.

Sjå korleis Langskip skal verke i grafikken under.

CO2 fanges på et søppelanlegg i Oslo, og ved en sementfabrikk i Porsgrunn.

Den lastes over på et spesiallaget CO2-skip.

Skipet seiler til Øygarden utenfor Bergen.

Her losses CO2-en over på noen tanker.

CO2-en fraktes i rør 110 km ut i Nordsjøen.

Før den begraves 2700 meter under havbunnen.

Hvert år vil det seile 183 skip med CO2 til Øygarden.

Hvis Nordsjøen blir Europas CO2-lager vil opp mot 5000 skip ankomme Vestlandet hvert år.

Publisert 06.06.2024, kl. 12.01

Read Entire Article