Staten har inngått forlik med dei tidlegare kadett-studentane

7 hours ago 2



Staten har inngått forlik med dei tidlegare kadett-studentane, opplyser advokat Christian Grahl-Madsen.

Det var i 2023 at 45 offiserar tok ut søksmål mot Staten ved Forsvarsdepartementet for at krigsskuleutdanninga vart forlenga utover det som kom fram i utdanningskontraktane.

Utdanninga kvalifiserte heller ikkje til den ingeniørgrada offiserane meinte at dei hadde blitt lova.

Etter tre dagar hovudforhandling i Hordaland tingrett blei partane einige om rettsmekling på overtid.

Forliket inneber mellom anna at offiserane får etterbetalt lønn med 8,1 millionar kroner og at dei får lønna permisjon for å kunne fullføre kvalifiserande utdanning.

– Saka har versert sidan 2021 og offiserane ser fram til å endeleg å kunne legge denne saka bak seg, seier Grahl-Madsen.

Dei tidlegare studentane ved Forsvaret trudde dei skulle bli ingeniørar etter tre års utdanning.

Men utdanninga tok lengre tid enn det kontrakten oppgav og studentane fekk aldri tittelen ingeniør.

– Forsvaret har ikkje levert utdanninga som var avtalt, til avtalt tid. Studiet var treårig. Det enda opp med å bli fireårig, sa advokat Christian Grahl-Madsen.

Publisert 15.05.2025, kl. 10.16 Oppdatert 15.05.2025, kl. 10.29

Read Entire Article