Under koronaepidemien gav staten eit kriselån til flyselskapet Norwegian.
Lånet var eit konvertibelt lån, som innebar at det kunne gjerast om til aksjar til ein fastsett pris.
Det var ein del av redningspakken som blei gitt i mai 2021, i samband med restruktureringa av selskapet.
Lånet frå staten var avgjerande for at Norwegian klarte å overleve, ifølgje Petter Nystrøm, aksjeanalytikar i ABG Sundal Collier.
I staden for at Norwegian no må betale tilbake heile lånet, får staten ein eigardel.
Staten tente på lån til Norwegian
Ifølgje Nystrøm har staten tent pengar på denne avtalen.
– Staten gav eit lån på om lag 615 millionar, og får tilbake 862 millionar. Så dei har tent rundt 250 millionar, seier han.
Nystrøm peikar vidare på at staten no reduserer risikoen sin.
– Dei reduserer eksponeringa, men kan framleis vere eigar i Norwegian. Så får staten vurdere om dei skal vere ein langsiktig eigar eller ikkje.
Petter Nystrøm, aksjeanalytikar i ABG Sundal Collier.
Foto: Moment StudioEtter transaksjonen eig staten om lag 6,4 prosent av Norwegian.
Nystrøm meiner staten truleg vil opptre på same måte som andre aksjonærar og håpe på best mogleg utvikling i selskapet, slik at aksjekursen stig.
Ifølgje Norwegian sjølv var det selskapet som ønska denne løysinga.
– Vi er veldig godt fornøgd med denne transaksjonen, det er ein veldig god transaksjon for Norwegian. Og vi er veldig godt fornøgd med samarbeidet med staten over tid, seier finansdirektør Hans-Jørgen Wibstad til NRK.
Publisert 12.05.2025, kl. 09.02 Oppdatert 12.05.2025, kl. 10.03